Den norske folkesjela er døyande – vi må gjere noko!

På nokre få tiår er heile den kulturelle folkesjela som gav nordmenn sin identitet bevisst blitt endra. Dette skriv VOX i ein artikkel publisert på nettstaden UtenFilter 25.mars 2025. Det vedkomande kallar dei venstreorienterte styrande eller eliten, har gått laus på kjernefamiliane sidan dei ser ut til å meine at det er staten si oppgåve å ta seg av barna. Med VOX sine eigne ord:

«Eliten har tatt mål av seg til rett og slett å eie den oppvoksende slekt.»

Konsekvensane er tydeleg å sjå blant nordmenn:

«Stadig færre nordmenn vil ha barn. Og stadig færre par knytter seg til varige forhold. De som forsøker å gjøre det finner at problemer løses greiest ved skilsmisser. Det medfører at de unge vokser opp i hjem der bare en av foreldrene finnes daglig tilstede. Og slik har de derfor ikke lært noe om hvilke forutsetninger som skal til for å løse utfordringer mellom mann og kvinne. Gutter og jenter læres opp til å bli selvdyrkende narsissister. Uten mulighet til å etablere varige forbindelser. Selv de minste uoverensstemmelser fører til sammenbrudd.»

Problemet er ikkje berre at folk utviklar narsissistiske trekk og blir umoglege å etablere forhold med. Dei ser òg ut til å leve i den villfaringa at dei alltid kan få noko betre om dei ein dag vaknar opp og «føler» at dei ikkje er fornøgde med sitt noverande liv. Sokalla life coach-ar får milliontreff på YouTube og tener gode pengar på «råda» dei gjev til ei forvirra, indoktrinert befolkning. At stadig færre får barn er under slike omstende ikkje ei overrasking for meg. Dei aller, aller fleste ville vegre seg for å få barn med ein ustabil, usikker og egosentrisk partner. Iallfall når det norske velferdssystemet oppmuntrar til at mor skal vere åleine med ungen, til dømes gjennom ordninga dobbel barnetrygd for einslege forsørgjarar.

Folk er redde og forvirra. Media piskar opp til frykt for alt mellom himmel og jord, for redaktørar over heile Vesten har erfart at dårlege nyheiter sel betre enn gode, og sensasjonsoverskrifter som skremmer vatnet av folk genererer mest klikk. Det og bilete av unge, vakre damer med store puppar. Dei redaksjonelle vala innan etablerte media er styrt ovanfrå. Norske redaktørar – mot å behalde pressestøtte og si særs gode lønn – får beskjed om kva dei skal skrive om, kva dei skal fokusere på og kva slags vinkling dei skal ha. Dei som ikkje gjer som dei får beskjed om, må sjå seg om etter ein annan jobb.

Eliten er ute etter å splitte folket, for eit samla folk som går til aktiv motstand mot dei er deira verste mareritt. Alle grupper i samfunnet blir forsøkt sett opp mot kvarandre. Menn mot kvinner. Rike mot fattige. Kvite mot farga. Bokmålsbrukarar mot nynorskbrukarar. Som i forhold, skal den «minste uoverensstemmelse» føre til uforsonleg fiendskap. Her må folk for all del ikkje finne ein felles arena der dei er einige. Kriminelle handlingar får mykje fokus i desse dagar, og målet her er å gjere folk redde for kvarandre. Gjengvaldtekter, ran, svindel og mord. Folk skal lære at dei ikkje kan stole på framande. Eller slekt og venner. Det kan òg forklare kvifor nordmenn ikkje lenger er gjestfrie, slik VOX skriv i eit avsnitt i artikkelen:

«Men også andre grunnleggende mellom-menneskelige forhold er endret. Begrepet gjestfrihet forsvinner i stadig større grad. Da jeg var ung var det utenkelig at noen kom på døren uten at de ble bedt inn på en kaffekopp og noe å bite i. Nå er dette snudd stadig mer på hodet. De man besøker kommer kun til døråpningen. Og til og med langvarige samtaler forblir der – utendørs. Selv vinterstid. Mennesker i nabolaget forteller at de stadig sjeldnere får besøk av barna. Ensomhet midt i et stadig større mylder av mennesker er paradoksalt nok således på full fart inn.»

Kan ein eigentleg snakke om eit samhald mellom nordmenn lenger? Ingen hjelper kvarandre med noko som helst, for alle er for stressa, slitne og overarbeidde fordi dei må bruke sine beste år på å nedbetale store bustadlån. Når der ikkje finst noko samhald, er vi i praksis forsvarslause mot det som med rette kan kallast ein invasjon av valdskultur. Kvifor gjer få eller ingen motstand? Kanskje fordi folk flest ser ut til å ikkje ville vedkjenne seg realitetane:

«Den bunnløse ondskapen som nå tres ned over ørene på oss er for mange helt paralyserende. Eldre mennesker kan knapt tro det er mulig at deres tillitskvinner og – menn åpner grensene helt for de mest aggressive og voldelige kulturer verden har sett. En eksplosjon av mord, ran, vold, narkotika og voldtekter oversvømmer oss i et omfang det var umulig for godtfolk å tro var mulig for bare noen ti-år siden.»

Vondskapen frå eliten er endelaus og ufatteleg. Dei som varslar blir straffa til skrekk og åtvaring. Dei som hugsar ei betre tid, slik som dagens pensjonistar (og ofte yngre aldersgrupper òg, slik som Saksyndig-redaktøren som er i 40-åra), må òg fjernast. Som VOX skriv avslutningsvis:

«Vi gamlingene som ville overlate våre etterkommere et solid og godt samfunn er nå de siste vitner om en tid som var. Men dette kan derfor også bli vårt endeligt. Dagens herskeres verste mareritt er jo at vi står frem og forteller om en helt annen virkelighet enn den som ønskes formidlet til den oppvoksende slekt. Derfor må vi vekk fra kartet. Vi ser da derfor også den ene eldre etter den andre som fryser i hjel, sulter i hjel eller fratas sine boliger til fordel for nyankomne «berikere». Vi må bort snarest mulig må vite. For historien skal skrives om slik at barn og unge ikke skal vite hva som skjedde.»

Som eg nyleg skreiv om covid-19-«pandemien» og dei som stod bak: Aldri gløym, aldri tilgje. Og som eg no legg til: det er på tide å gjere noko! Folk må fyrst og fremst opplysast om realiteten, og sjølv velje kva slags side dei vil vere på. Skal dei vere blant oss som ønskjer ei betre verd, eller skal dei bli verande med herskarar som vil utnytte dei og til slutt ta livet av dei? Valet burde vere enkelt.

2 comments

  1. Du har rett i det med «bokmålsbrukarar mot nynorskbrukarar», men det stemmer ikke for riksmålsbrukere, de finner ofte sine beste venner blant nynorskbrukararar. Ellers er det bare å si amen.

    Likt av 1 person

Legg att svar til arntjensvoll Avbryt svar