Kva peanøttallergi har med plandemien å gjere

Frå slutten av 1990-talet til 2017 skjedde det ei tredobling av peanøttallergi hjå barn. Denne auken kunne skildrast som ein epidemi og ei helsekrise, og fekk alvorlege, livsvarige konsekvensar for barna. Denne helsekrisa fann stad hovudsakleg i USA, Storbritannia, Canada og Australia, i tillegg til å spreie seg globalt. American Academy of Pediatrics (AAP) (det amerikanske akademiet for pediatri) og National Institute of Allergy and Infectious Diseases (NIAID; Nasjonalt institutt for allergi og smittsame sjukdommar; på den tida under leiarskapen til Anthony Fauci), hadde i den perioden ei i ettertid katastrofal retningslinje der dei tilrådde at små barn heldt seg fullstendig unna peanøtter. Dette mangla fullstendig vitskapleg belegg; immunologar visste heile tida at tidleg eksponering overfor peanøtter hindra allergi. Fauci har i ettertid berre trekt på skuldrene av dette – og parallellar kan trekkjast til covid-19-plandemien. Fellestrekka er akademisk arroganse, total ansvarsfråskriving og fullstendig avvising av vitskaplege fakta som ikkje passar inn i narrativet.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«På 1990-talet var peanøttallergi sjeldan. Innan 2017 hadde den blitt ein epidemi – ein som hadde blitt produsert av dei sjølvsame institusjonane som liksom skulle vakte over folkehelsa. Det amerikanske akademiet for pediatri (AAP) og NIAID hadde i 2000 kome med ei generell åtvaring: foreldre måtte unngå å gje peanøtter til små barn, spesielt dei som hadde ‘høg risiko’ (ein vag kategori som inkluderte kvart eit barn som hadde allergiar i familien). Det britiske helsedepartementet hadde kome med det same uvitskaplege rådet i 1998, der dei viste til ein feiltolka studie.

Dr. Jonathan Hourihane, forfattaren av studien, var forskrekka. ‘Det er latterleg,’ sa han til dr. Marty Makary i Blind Spots. ‘Det er ikkje det eg ville få folk til å tru.’ Likevel rulla AAP og NIAID – då leia av Anthony Fauci – ut retningslinjene likevel.

Den upassande sanninga: tidleg eksponering hindrar allergiar

Innan 2008 hadde dissident-forskarar slik som dr. Gideon Lack prova at det å unngå peanøtter aukar allergiar. Hans banebrytande studie viste at jødiske barn i Storbritannia – der peanøtter ikkje vart gjevne til dei – hadde ti gonger allergiraten til israelske barn, som åt peanøttsnacks dagleg. Men inngrodde medisinske dogme avfeia han. ‘Eg vart skulda for uetisk åtferd,’ sa Lack til Makary. ‘Å teste hypotesen vart sett på som absurd.’

Det gjekk heilt til 2015 før AAP endeleg endra kurs. Innan då hadde legevaktsbesøk på grunn av peanøttallergi tredobla seg. Skaden var irreversibel for millionar av barn, som no vart dømde til å bere med seg EpiPennar, ei frykt for restaurantar og det å måtte leve i konstant fare.

Fauci si unnaluring – og leksa som ikkje vart lært

Akkurat som med covid-19 nekta arkitektane bak denne katastrofen å ta ansvar. I eit intervju i CBS Sunday Morning trekte Fauci på skuldrene av retningslinjene med eit flir: ‘Det var ikkje eg som laga tilrådinga, det er no heilt sikkert!!’ Han spelte deretter ned feilen til AAP som berre ‘ei vurdering som i ettertid viste seg å vere uriktig.’

Parallellane til covid-19-retningslinjene – karantene, munnbindpåbod, skulestengingar – er tydelege. I begge tilfelle:

  • ignorerte institusjonar vitskapen (tidleg eksponering for peanøtter hindrar allergiar; nedstengingar gjorde meir skade enn godt).
  • brukte dei publikum som syndebukkar (dei skulda på foreldre for allergiar, og skulda ‘anti-munnbindfolk’ for spreiing av covid).
  • stilna dei dissident-ekspertar (slik som dr. Lack, akkurat slik dei sensurerte covid-skeptikarar).

Historia gjentek seg sjølv – ikkje berre med peanøttallergiar, men med kvar einaste folkehelse-‘vissheit’ som fell saman ved nærare undersøking. Som dr. Lack prova, ligg sanninga ofte utanfor konsensus. Men kjem vi nokosinne vil å halde desse institusjonane ansvarlege – eller kjem vi til å halde fram med å late dei gamble med helsa vår?

‘Det var ei tilråding basert på denne intuitive kjensla,’ innrømte Fauci. Kor mange fleire katastrofar vil ‘intuitive kjensler’ forårsake før vi krev ekte vitskap?»

2 comments

  1. Det er risikabelt å gi peanøtter til småbarn, de kan faktisk inhalere dem, elr. «Sette dem i halsen», det hender no og da. Skulle ikke forbause at det hønemortiltaket gjer at dei seinare i livet utveklar «allergi».

    Elles oppfordrar eg Sakkyndig til å Stå på, og Henge i, det kjem mykkje spanande frå den karn!!!

    Likt av 1 person

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar