Avgraderte FBI-dokument avslører at Israel står bak attentatet på Robert Kennedy

Trump-administrasjonen har nyleg offentleggjort fleire tusen tidlegare hemmelegstempla dokument om 1968-attentatet på Robert Kennedy. Offentleggjeringa kjem med ny informasjon som får ein til å stille spørsmål om undertrykte narrativ. Dette melder Sean Adl-Tabatabai i The People’s Voice. Han skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Dokumenta, som er del av ein vidare avgraderingsinnsats etter offentleggjeringa av dokument om John F. Kennedy-attentatet, inkluderer underlege rapportar frå Israel. Ein månad før dødsfallet til RFK, sa ein israelsk turguide visstnok til amerikanske turistar at Kennedy vart myrda i Milwaukee, medan ein annan lokal [israelar] hevda at drapet fann stad i Nebraska, noko som hinta til førehandskunnskap eller feilinformasjon rundt hendinga.»

Dei visste altso at drapet skulle finne stad før det faktisk gjorde det. Dei bomma berre på stad.

Vidare:

«Allisrael rapporterer: 5.juni 1968, ein månad seinare, vart RFK drepen i eit attentat i Los Angeles, California. Dei høgst uvanlege FBI-rapportane fekk agentar til å intervjue turistane då dei vendte tilbake til USA. Etter ei undersøking konkluderte FBI at der ikkje var noko bevis for at nokon hadde hemmeleg informasjon om attentatet på RFK.

På den tida var Kennedy senator i New York og hadde tenkt å vinne presidentvalet som kandidat for Det demokratiske partiet.

Attentatmannen til RFK vart seinare identifisert som Sirhan Bishara Sirhan, ein Jerusalem-fødd arabisk kristen frå Jordan som flytta til USA i 1957. Dei offentleggjorde filene avslørte at Sirhan vart leia av anti-sionisme og opposisjon mot Israels eksistens. Sirhan vart visstnok besett av tanken på å drepe Kennedy, og skreiv i dagboka si ‘RFK må døy’ og ‘RFK må bli drepen’.

Sirhan vitna seinare til amerikanske styresmakter at hans ‘ukontrollerte sinne’ mot Robert F. Kennedy vart tent av ei historie om Mirakelmarsjen for Israel, ein pro-israelsk parade som vart halden i Los Angeles 26.mars 1968 […] hevda Sirhan, som var ein ivrig lesar av B’nai B’rith Messenger, ei jødisk avis i California, at avisa minte han om den sionistiske ‘fienden’, som han oppfatta som ein destruktiv global trugsel.

Sjølv om han innrømte å ha myrda Kennedy, hevda Sirhan at han ikkje hadde noko val, på grunn sidan Kennedy var ein sterk tilhengjar av Israel. Under 1968-presidentkampanjen hadde RFK offentleg støtta Israel og lovt å auke amerikansk militærbistand til landet.

Sirhan trekte seinare tilbake det han fyrst hadde sagt om RFK, men heldt fast på at han var viljug til å døy for ‘Palestina’. Han er no 81 og soner ein livstidsdom i amerikansk fengsel for 1968-attentatet på Kennedy. Sirhan sine søknader om tidleg løyslating har blitt nekta gjentekne gonger, der påtalemakta argumenterer at han framleis ikkje har greidd å fatte dei sanne motiva bak drapet.

I februar 2025 vart RFK sin son, Robert F. Kennedy Jr., den amerikanske helseministeren under den republikanske presidenten Donald Trump, og har kome fram som ein sterk støttespelar til Israel i den noverande krigen mot Iran og deira terror-stadfortredarar Hamas og Hizbollah.»

Sidan israelsk etterretning er kjent for å stå bak mange attentat og terrororganisasjonar, og er meistrar i falsk flagg-operasjonar, er det ikkje søkt å antyde at dei òg står bak Kennedy-attentatet (kanskje begge attentata). Motivet deira er det same som eliten elles har: splitt og hersk. Israelarar mot palestinarar er ei kjelde til evig krig, noko som distraherer menneskeheita frå den verkelege trugselen, som er eliten sjølv.

One comment

  1. Sirhan Sirhan er nok en samvittighetsfange som er offer for Israhell sine mange skumle konspirasjoner, merkelig at han fremdeles lever. Hvis han gjør det da.

    Likar

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar