Kreft er ikkje ein sjukdom, men kroppens desperate rop om hjelp

Det rådande synet på kreft i dagens vestlege skulemedisin kan og bør utfordrast, for der er store manglar. Konvensjonelle hovudstraumsbehandlingar slik som cellegift, strålebehandling og kirurgi, forverrar ofte problemet ved å skade immunforsvaret og ignorere den eigentlege årsaka. Resultatet er låg suksessrate og høg dødelegheit. Spesielt prosessert mat og miljøgifter er dei store syndarane. Noko som er mindre kjent, er lymfefortetting og emosjonelle traume, og at kreft fyrst og fremst er eit rop om hjelp frå kroppen.

Dette argumenterer Andreas Moritz for i boka Cancer Is Not a Disease: It’s a Survival Mechanism («kreft er ikkje ein sjukdom: det er ein overlevingsmekanisme»). Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I ei vågal og tankeprovoserande utfordring til konvensjonell visdom, argumenterer Andreas Moritz […] at kreft ikkje er den vondarta fienden som den ofte blir framstilt som. I staden hevdar Moritz at kreft er ein desperat overlevingsmekanisme sett i gang av kroppen når den står overfor overveldande giftigheit og stress.

Det kontroversielle perspektivet til Moritz snur det tradisjonelle synet på kreft på hovudet. Han held fast at kreftceller ikkje er røvarelement som er besett av øydelegging, men heller intelligente utrykningseiningar i ein kropp under kringsetjing (bokmål beleiring). Ifølgje Moritz, når kroppen er overvelda av giftstoff, emosjonelt stress og dårlege livsstilsval, muterer enkelte celler for å overleve i dette fiendtlege miljøet – noko som fører til det folk kallar kreft.

Eit av dei mest kontroversielle poenga Moritz kjem med, er at kreftceller ikkje blir angripne av immunforsvaret fordi dei er del av kroppens forsvarssystem. Desse cellene oppfører seg som ein svamp, der dei absorberer og nøytraliserer giftstoff for å hindre dei i å nå vitale organ. Denne ideen samanliknar kreftceller med dei naturlege forsvarssystema i kroppen, slik som slim som fangar bakteriar og virus.

Dette perspektivet utfordrar den konvensjonelle tilnærminga der ein aggressivt går til åtak på kreftceller med behandlingsmetodar slik som cellegift, strålebehandling og kirurgi. Moritz argumenterer at desse metodane ofte gjer meir vondt enn godt, skader den naturlege lækjeprosessen til kroppen og lèt vere å adressere dei underliggjande årsakene til kreften. Som eit resultat kan kreften vende tilbake, eller nye helseproblem kan oppstå.

Moritz dukkar ned i dei ymse faktorane som bidreg til kreft, og legg vekt på kor viktig diett, livsstil og emosjonell helse er. Han set fokus på rolla til prosesserte matvarer, miljøgifter og mangel på mosjon som faktorane som legg til rette for at kreft kan utvikle seg. I tillegg understrekar han kor viktig lymfesystemet er, som han trur ofte blir oversett i konvensjonell medisin. Eit tiltetta lymfesystem kan føre til oppsamling av giftstoff, noko som legg til rette for kreft.

Når det gjeld emosjonar, føreslår Moritz at uløyste konfliktar og undertrykte kjensler kan manifestere seg som kreft. Han trur at personar som i fortida har følt seg avvist, ikkje-elska eller uverdige er meir tilbøyelege til å få sjukdommen. Desse emosjonelle såra skaper eit giftig indre miljø som er akkurat like skadeleg som fysiske giftstoff.

Moritz er djupt kritisk til konvensjonelle kreftbehandlingsmetodar, og argumenterer at dei ofte forverrar problemet. Han peiker på at cellegift og strålebehandling kan påføre alvorleg skade på immunforsvaret og vitale organ, noko som gjer pasientar sårbare overfor endå fleire helseproblem. Han viser til studiar som viser ein overraskande låg suksessrate for desse behandlingsmetodane, og antydar at fordelane deira ofte blir overdrivne.

Moritz kritiserer òg bruken av statistikk for å rettferdiggjere aggressive behandlingsmetodar, og hevdar at data ofte blir manipulerte for å støtte eit særskilt narrativ. Han trur at denne tilnærminga er villeiande og kan hindre pasientar i å utforske alternative terapiformer som kan vere meir effektive og mindre skadelege.

So, dersom konvensjonelle behandlingsmetodar ikkje er svaret, kva er det då? Moritz er forkjempar for ei holistisk [heilskapleg] tilnærming til læking, der ein adresserer dei fysiske, emosjonelle og spirituelle aspekta ved kreft.

Han tilrår naturlege terapiformer slik som leverreinsing, kosthaldsendringar og emosjonelle lækjeteknikkar. Han legg òg vekt på kor viktig det er å støtte kroppens naturlege avgiftingsprosessar og styrking av immunforsvaret.

Moritz trur at ved å fjerne dei underliggjande årsakene til kreft, kan kroppen ofte lækje seg sjølv. Han viser til mange døme på folk som har opplevd spontan remisjon etter å ha gjort betydelege livsstilsendringar. Han oppfordrar lesarar til å ta ei aktiv rolle i sin eigen lækjeprosess, å stole på sin intuisjon, og finne terapiformer som resonnerer med dei sjølve.»

Ein video om boka kan sjåast her. Lesaren blir som vanleg oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. Sjå òg «Ein potensiell kur mot kreft blir systematisk UNDERTRYKT av grådige Big Pharma», publisert 2.mai 2025, og «Vitamin B17: Ei ernæringsbasert tilnærming som kan forhindre og kurere kreft», publisert 4.mai 2025.

One comment

Kommenter innlegget