Det er mykje i verdshistoria som ikkje heilt gjekk føre seg slik det i ettertid har blitt framstilt som. Det heiter seg at sigerherrane skriv historia, og spesielt Andre verdskrig har blitt gjenstand for det som kan vere omfattande omskriving. Ein av dei som har sett søkjelyset på dette, er forfattaren Christopher Bjerknes. Adolf Hitler var ifølgje han eit verktøy brukt av sionistiske og kommunistiske interesser for å svekkje Tyskland og leggje til rette for sovjetisk utviding. Holocaust har blitt brukt som eit påskot for å rettferdiggjere danninga av staten Israel.
Hans kontroversielle påstandar snur opp-ned på det som har blitt rekna som etablert historie, der Hitler var ein autonom diktator som starta krig i Europa som hemn for at Tyskland etter hans meining vart urettferdig behandla i Versailles-traktaten. Men dei som verkeleg stod bak Andre verdskrig, i likskap med bortimot alle krigar, skal vere den sionistiske bankeliten. Dette kan førast tilbake mellom anna til danninga av den amerikanske sentralbanken Federal Reserve i eit hemmeleg møte på Jeckyll Island i 1913, før fyrste verdskrig starta, og etter at skipet Titanic forliste – «tilfeldigvis» med ei rekkje mostandarar av opprettinga av den nye sentralbanken om bord. Den interesserte lesar kan gjere eigne undersøkingar om kva slags koplingar som er mellom Titanic, Federal Reserve og dei to verdskrigane.
Mike Adams, grunnleggjar og eigar av Natural News, intervjua nyleg Bjerknes. Kevin Hughes skriv (Saksyndig si omsetjing; utdrag):
«Intervjuet byrja med at Adams introduserte Bjerknes som ein forfattar som med sine verk tvingar lesarane til å revurdere forståinga deira av historie, spesielt når det gjeld figurar slik som Adolf Hitler og hendingane i dei to verdskrigane. Bjerknes kasta ikkje vekk tid då han presenterte tesen sin: Hitler var ikkje berre ein diktator bestemt på å dominere verda, men ein figur manipulert av både sionistiske og kommunistiske interesser for å oppnå deira eigne mål.
Bjerknes argumenterte at handlingane til Hitler vart orkestrerte av ein kompleks vev av alliansar og manipulasjonar. Han viste til Hitler si tidlege involvering med Den bayerske sovjetrepublikken, ei marxist-kommunistisk regjering, som bevis for der hans opphavlege lojalitet låg.
[Kommentar frå Saksyndig: Den bayerske sovjetrepublikken er kort nemnt i Store norske leksikon-artikkelen om Bayern. Republikken vart erklært 6.april 1919. Republikken tok slutt i mai, då frikorpsa fekk kontroll over byen.]
Ifølgje historikaren og forskaren, vart Hitler rekruttert av kaptein Karl Mayr, som lærte han opp til å bli ein demagog, og som brukte antisemittisk retorikk for å vigle opp det tyske folket. Dette, antyda Bjerknes, var del av ein større plan for å svekkje Tyskland og leggje til rette for sovjetisk utviding til Aust-Europa.
Ei av dei mest oppsiktsvekkjande avsløringane i intervjuet, var diskusjonen Bjerknes hadde om ‘Overføringsavtalen’ mellom Nazi-Tyskland og sionistiske leiarar. Denne avtalen, forklarte han, la til rette for emigrasjonen av 60 000 tyske jødar til Palestina mellom 1933 og 1939.
Bjerknes argumenterte at dette ikkje berre var humanitær bistand, men eit strategisk trekk som tente fleire føremål. For det fyrste lét den Hitler finansiere Det tredje riket ved å kverrsetje [bokmål beslaglegge] midlane til emigrerande jødar. For det andre la det grunnlaget for det som til slutt vart staten Israel, sidan desse emigrantane danna kjernen i det som kom til å bli den israelske staten.
‘Denne overføringsavtalen, akkurat som Theodor Herzl planla, finansierte regjeringa til Hitler når han overførde jødar. Dei kom til å overgje mykje av formuane sine, og desse ville deretter bli brukt til å kjøpe tyske varer,’ sa Bjerknes.
‘Der var ein verdsomspennande boikott av tyske varer. Det var faktisk sionist-jødane som gjekk utanom boikotten for å halde Hitler ved makta og finansiere regjeringa hans.’
Bjerknes viste til boka til Edwin Black, The Transfer Agreement [«Overføringsavtalen»] som ei truverdig kjelde som støtta desse påstandane. Han la vekt på at dette ikkje var ein utkant-teori, men eit veldokumentert historisk faktum. [Sjå eigen Natural News-artikkel om Edwin Black her.]
Bjerknes la deretter ut om forholdet mellom sionismen og Holocaust, og antyda at alt det fælslege som vart gjort mot jødar under Andre verdskrig vart utnytta for å sementere støtte til danninga av Israel. Han siterte topp-rabbiar som såg på Hitler som eit guddomleg instrument, ein ‘haman’ sendt for å straffe det jødiske folket for syndene sine, og til slutt leie dei til frelse i Det heilage landet.
Dette perspektivet utfordrar det konvensjonelle synet på Holocaust som ei rein folkemordhandling, og framstiller det i staden som ei kompleks hending med fleire lag av motivasjon og konsekvens.
Bjerknes argumenterte at Holocaust vart brukt for å gje ein slags offerstatus til det jødiske folket, og dermed rettferdiggjere behovet for ein jødisk stat, og sikre framhaldet av den sionistiske ideologien.»
Elles trekte Mike Adams parallellar mellom historiske hendingar og dagens moderne leiarskap i Tyskland, der masseinnvandring og svekt nasjonalidentitet er store trugslar. Bjerknes nemnde Angela Merkel og Gerhard Schröder som to aktørar som han meiner er medskuldige i å underminere den tyske suvereniteten. I tillegg har den amerikanske regjeringa hamna under kontrollen til sionistiske interesser og det jødiske bankkartellet. Denne påverknaden kan sporast tilbake til tidleg 1900-tal, med danninga av Federal Reserve.
Desse same kreftene kan forårsake ein atomkrig i næraste framtid, åtvarar Bjerknes. Dette blir referert til i eldgamle jødiske profetiar, og det geopolitiske landskapet ser ut til å bli forsøkt forma etter desse planane. Ein global konfrontasjon er på veg, og figurar slik som Putin, Trump og Netanyahu er alle del av denne større planen. Eit viktig stikkord er Chabad Lubavitch-rørsla, som med si dommedagstru blir sett på som ei drivkraft bak dette.

BS. Pussig at alle løgnene kommer fram i lyset akkurat når globalistpsyko trenger å lage trøbbel mellom lefty og righty for å slippe unna med killgrid-convid og medisinbackstab? Neppe.
4D sjakk.
Som vanlig.
Sjekk bøkene han der gøbben selger. Bare masse bullshit.
LikarLikar