Erika og Tara Louise

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Mektige Erika og dei fire fotogene fyrane», publisert 21.mai 2025.

Etter eit subjektivt univers med mørke, blir det brått og brutalt lys. Dama som inntil ganske nyleg har kalla seg sjølv Mektige Erika, finn seg sjølv i eit lite rom med nakne, kvite veggar, der ho sit andsynes ei vakker, ung blondine. Ho sit berre to meter frå Erika. Denne søte jenta verkar å vere i 20-åra ein stad, og hennar blonde hår er klipt i ein pasjeklipp ikkje ulik den til Aurora Aksnes, og lokkar som dekkjer begge sidene av det bleike ansiktet. Ho sit i ein gyllen stol med polstra, kvite armlene. Ho har isblå, tindrande auge som Erika er tvinga til å sjå rett inn i – ho kan nemleg ikkje bevege ein muskel i kroppen, heller ikkje flytte blikket.

Dei to sit og ser kvarandre i auga, begge fullstendig lamma.

Fyrst oppstår det intens panikk i Erika, for det å ikkje kunne bevege seg vil av dei aller fleste oppfattast som særs skremmande. Det er ikkje utan grunn at der florerer rykte om folk som får slag og blir innelåst i kroppane sine – det sokalla locked in-syndromet. Ho kjenner kjakane raudne og hjartet hamre. Det er akkurat som om ho ikkje er herre (!) over eigen kropp lenger, som om ho berre er ein observatør som ikkje lenger sit i førarsetet på sitt kroppslege fartøy. Om dette er eit mareritt, vil ho helst vakne no.

Ho innser raskt at dette ikkje er eit mareritt. Iallfall ikkje ein draum. Dette er nådelaust ekte. Og ho er håplaust fanga, både i blikket til den uuthaldeleg vakre blondina, og i sjølve situasjonen.

Sidan ho er tvinga til å sjå på denne blondina ustanseleg utan eingong å kunne blinke, legg ho merke til alle detaljar på ho. Jenta har ein vakker perlechoker som omfamnar den lekre svanehalsen. Eit lite sølvhjarte kviler mot halsen. Eit sølvsmykke med eit kors glitrar mot den bleike huda. Ho er kledd i ein mørkeblå kjole med kvite blonder. Beina er kledde i kvite, jomfruelege knestrømper, og føtene pynta med svarte, skinande lakksko. Armane kviler på armlena, beina er lett spreidde. Skjørtet til kjolen når ho til knea. Mørket mellom beina antydar ein himmel ingen lenger kan kome til.

Ho har perlearmband på kvart handledd. Øyra er skjulte, men Erika tykkjer ho kan skimte perleøyredobbar. Omrisset ho ser av sin eigen kropp antydar at ho ikkje lenger har på seg bunaden sin. I staden har ho på seg ein mørkeraud kjole. Har ho framleis dei tre gullsmykka på seg? Har ho framleis gulløyreringane? Det er umogleg å avgjere. Ho må nesten ha ein spegel.

Ho merkar ein intens trong til å gå på do. Blæremuskelen er òg heilt lamma, og kan verken opne eller stengje. Ho føler seg derimot penetrert av noko. Ho ser ein gummileidning gå diskret langs det venstre beinet på jenta og til noko bak ho som Erika ikkje kan sjå. Har dei begge fått kateter? Det ville forklare kjensla av invasjon nedantil.

Erika må hjelpelaust late vatnet der ho sit. Ho merkar noko strøyme ut. Jenta raudnar lett i det bleike ansiktet. Ho sit der vakker, lamma og hjelpelaus og ser på at Erika pissar. Det kjennest godt å tømme blæra, men kva skjer om ho må drite? Slike tankar har det best i bakgrunnen akkurat no, for det er berre eitt av mange spørsmål ho desperat ønskjer svar på.

Sidan auga aldri blinkar, greier ho å dedusere seg fram til at dei må vere innsmurde i eit stoff som hindrar at dei tørkar ut. Kanskje spesialaugedropar eller ein krem som dannar ei beskyttande hinne. Ho er ingen apotekar, og har null peiling på auge. Ho veit derimot at dei begge må ha blitt gjevne eit legemiddel som lammar muskulaturen, men som ikkje får dei til å misse medvitet. Kanskje medisinar dei bruker når dei legg folk i narkose? Igjen, ho kan berre gjette vilt.

Ein annan gummileidning går frå armen på jenta og bak den gylne stolen. Får dei næring intravenøst? Det kan verke slik. Då slepp dei å svelte i hel, men samstundes antydar dette at fengselet deira nok vil vare på ubestemt tid. Og snakkar ein om tid, har ho inga aning om kva klokka er. Rommet har ingen vindauge og ingen klokker.

Jenta er so vakker der ho sit. Ei menneskeleg dokke. Dei isblå, tindrande auga er det einaste levande på ho. Erika merkar ei herleg kribling nedantil. Ho var sprengkåt då ho vart lokka inn i denne fella, og denne kjæta byrjar no å gjere seg gjeldande igjen.

«Du lurer sikkert på kor du er,» lyd ei jentestemme brått i hovudet på Erika. Ho skvett til inni seg, men kroppen er fullstendig urørleg på utsida. «Ikkje ver redd. Eg kommuniserer med tankeoverføring.»

«Tankeoverføring?» Erika bruker sin interne monolog, og oppdagar til si store overrasking at ho òg kan kommunisere med jenta.

Stemma til jenta lyd i hovudet på Erika:

«Eg har svar på mange av spørsmåla du lurer på. Eg har hatt god tid til å tenkje. Kva elles kan ein gjere i ein situasjon som denne?»

«Kvifor kan vi ikkje bevege oss?» tenkjer Erika.

«Vi blir gjevne eit legemiddel intravenøst, som lammar all muskulatur. Legemiddelet kjem saman med næringa som held oss i live. Og auga våre er, som du sikkert har gjetta, behandla med ein krem som hindrar at dei tørkar ut.»

«Greitt, då har vi slått fast det medisinske aspektet. Men kvifor er vi her

«Vi er fangar. Eg veit ikkje kvifor du er her, men eg veit godt kvifor eg er her. Eg veit ting som visse maktpersonar ikkje vil skal kome ut.»

«Då er vi to. For å seie det mildt.»

Dei to fangane sit der i si urørlege, intense tosemd. Frå utsida er dei to menneskedokker som er tvinga til å sitje andsynes kvarandre og sjå kvarandre i auge som aldri blinkar. På innsida er det full tankeverksemd.

«Eg heiter Tara Louise,» tenkjer jenta. «Eg er frå ein svært rik familie i Bergen.» Ho tenkjer namnet på familien.

«Eg kjenner den familien frå mi eiga fortid,» tenkjer Erika. «Eg heiter Erika. Eg jobbar for eit svært amerikansk selskap som har kjøpt militærbasen på Haakonsvern. Eg er leiar av eit medisinsk eksperiment som er topphemmeleg. Eit samarbeid mellom min arbeidsgjevar, universitetet i Arkhangelsk og det norske forsvaret. Eg håper min arbeidsgjevar vil reagere når eg ikkje dukkar opp på jobb.»

«Då er du heldig. Eg vart bortført utan at min eigen familie brydde seg. Eg gjorde ting som ikkje passar seg for ei adelsjente.» Kjakane hennar raudnar lett. «Eg var slem pike og forelska meg i ei anna jente, ei frå ‘underklassen’. Eg hadde blitt lovt vekk til ein kjekkas frå ein annan adelsfamilie, og denne jenta stod i vegen for planane til familien min. Eg blir framleis straffa for det.»

«Kor lenge har du vore her

«Eg vart bortført like etter min 17-årsdag. Kva årstal er det no

«2025.»

Den vakre, bleike jenta sine auge blir endå meir tindrande.

«Då har eg vore her i åtte år. Eg kom her i juni 2017. Eg er fødd i år 2000.»

«Eg får håpe nokon kjem og reddar oss.»

Det blir stille i tankeverksemda ei stund. So tenkjer Tara Louise:

«Det håpte eg òg i byrjinga.»

Den intense tosemda må forlatast for denne gong. All informasjonen må nemleg få tid til å søkkje inn.

One comment

  1. Trur Sverresdatter får «avløysing» føre dei der; Bare ho kjem hit, skal fotogene meg gjer kva eg kan for å løyse spenningane i nakken.

    Likt av 1 person

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar