Nyleg dukka det opp ein plakat i Bergen som fortel ei side av homoaktivisten Kim Friele (1935 – 2021) som ikkje alle vil vedkjenne seg. Som det står på plakaten, jobba ikkje berre Friele for dei homofile si sak – ho jobba òg aktivt for pedofile sine interesser. Ho var involvert med Norsk arbeidsgruppe for pedofili (NAFP), òg kjent som Pedofil Arbeidsgruppe. Ho uttrykte på ein konferanse i 1978 støtte for pedofile, og samanlikna frigjeringskampen deira med «homokampen».
Det klokaste, meinte Friele, ville vere ei stegvis seinking av den seksuelle lågalderen – eventuelt «arbeide for en total frigjøring av den undertrykte barneseksualiteten».
Pedofil Arbeidsgruppe vart i 1982 innlemma i DNF, ein organisasjon som i dag har namnet Fri. Sjølv om leiar Inge Alexander Gjestvang nyleg orsaka pedofilistøtta, fremjar Fri framleis radikal kjønnsteori blant barn og unge.
Friele blir i dag sett på som ei modig heltinne i Bergen. Plakaten vart treffande nok plassert på Kim Frieles Plass i sentrum.
Normaliseringa av pedofili har gått føre seg i mange år i Vesten. Dette har Kina funne ut, og utnyttar på det grovaste. Nettstaden The People’s Voice melder at Kina for tida produserer millionar av sexrobotar/sexdokker der mange av dei førestiller barn. Desse skal seljast til pedofile i Vesten fordi behovet skal ha auka i seinare tid. Sexdokkene har blitt langt meir sofistikerte og realistiske enn dei brukte å vere, i tillegg til å vere utstyrt med KI som mogleggjer samtalar.
Sean Adl-Tabatabai skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Dei urovekkjande bileta set søkjelys på evolusjonen til denne industrien, og viser korleis produksjonen har gått frå enkle silikondokker til sofistikerte, antropomorfiske robotar dei seinare åra. Dei realistiske trekka til desse KI-drivne bot-ane, laga for å tilfredsstille ulovlege behov, har skapt alvorlege etiske og juridiske bekymringar over heile verda.
Daily Mail rapporterer: WMDoll, ein av dei største sexdokke-produsentane i Kina, har sagt at dei ventar ein 30% auke i sal dette året fordi dei har teke til seg skapande KI-verktøy slik som ChatGPT.
‘Det gjer dokkene meir responsive og interaktive, som tilbyr brukarar ei betre oppleving,’ sa grunnleggjar og leiar i selskapet, Liu Jiangxia, til South China Morning Post.
Ulikt tradisjonelle sexdokker, er dei som er installert med KI-evner i stand til å snakke tilbake til brukaren.
WMDoll seier dei kan lage dokker med rundt åtte ulike ‘personlegdommar’ å velje blant, som er i stand til å halde fram ein samtale som vart starta nokre dagar tidlegare.
Selskapet utstyrer dokkene sine med eit KI-verktøy som er laga for å tekkjast eigaren sitt ego, og som kan bli programmert til å stille spørsmål om ‘forholdet’ deira og om kjenslene til brukaren.
‘I fortida var primærfunksjonen til desse dokkene å tilfredsstille dei seksuelle behova til brukaren,’ sa Jiangxa. ‘Men no når deira fysiske trekk slik som hovud- og leddrørsler og hud har blitt meir realistiske, byrja kundane våre å søkje emosjonelt selskap i dokkene.’
Ho sa at det var då firmaet valde å introdusere store språkmodellar til produkta sine, noko som lét dokkene ‘reagere verbalt på brukarane’.
Selskapet byrja å bruke KI i dokkene sine i 2016, og teknologien har blitt stadig betre takka vere openkjelde-KI, som har hjelpt til med å gjere dei billegare.
Dokker blir ofte laga med termoplast som blir varma opp til 37 grader for å gjenskape den menneskelege kroppstemperaturen, og utviklarar seier at desse perverse dokkene har kroppssensorar som òg får dei til å følast menneskelege ut.
Ein annan produsert, Shenzhen Atall Intelligent Robot Technology med base i Shenzhen, Guangdong-provinsen, sa tidlegare at mesteparten av klientane deira er 40 til 50 år gamle menn frå Europa og USA.
Brukarar kan bestille spesiallaga KI-dokker som kostar rundt 3000 dollar [30 500 kroner; oms.an.] per stykk, og som har mjuk og elastisk hud laga av plast som inneheld mindre olje enn normale plastprodukt, og som ikkje luktar. [Det spørst korleis dei luktar etter bruk! Oms.komm.]
Amerikanske kundar skal visstnok like dokker med mørkare hud og store puppar, rumper og genitalia, medan kinesiske kundar føretrekkjer asiatiske trekk med små, hårlause genitalia, sa selskapet.
Mest sjokkerande sel firmaet KI-sexrobotar i barnestorleik, både mannlege og kvinnelege, og den største marknaden for dei er visstnok i USA og Canada.
Derimot er den perverse fetishen for barneliknande dokker ikkje noko nytt, og politiraid rundt om på kloden dei seinare år har ført til at dokker har blitt konfiskerte og perverse brukarar arrestert.
Kroppane til robotane er laga av modifiserte termoplast-elastomerar (TBE) [engelsk modified thermoplastic elastomers] med eit metallskjelett, og dei veg rundt halvparten av normale menneskekroppar.
Selskapet seier dei har innebygt beskyttelse mot elektrisk sjokk, brann og eksplosjon.
Auga, leppene og hovuda til robotane rører på seg, og dei snakkar engelsk og kinesisk, seier utviklarar.
Fleksible ledd tydar at dokkene kan plasserast i ei rekkje posisjonar, både til utstilling og seksuelle handlingar.
Selskapet produserer òg spesiallaga KI-sexrobotar som kostar 9400 dollar [95 700 kroner].
[…]
På kinesiske sosiale media seier enkelte at produkta forsterkar kjønnsdiskriminerande stereotypiar eller støttar pedofili.»
Ein har ikkje berre pedofili-aspektet, der kven som helst med litt pengar kan bestille eit livaktig barn dei kan misbruke dagen lang. Nokre fryktar at menn vil føretrekkje robotar i staden for ekte kvinner, noko som ikkje er godt i eit land som allereie har ein faretrugande låg fødselsrate. Andre, derimot, tenkjer at ‘om kvar nerd kjøper ei sexdokke til seg sjølv, vil det frigjere mange kvinner frå denne typen menn’.
Ein estimerer at Kina, iallfall tidlegare, stod for produksjonen av meir enn 80% av sexleiketøya i verda. Over ein million menneske er tilsett i denne 6,6 milliardar dollar-industrien.

Eg vil ha ei som liknar på Sverresdatter!
LikarLikt av 2 personar
😀 😀 😀
LikarLikar