Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Facebook-gruppa ‘Ting Som Norske Antivaksere Sier’», publisert 27.februar 2024.
Dei fleste innan alternative media har fått med seg at det på Facebook går føre seg ein koordinert og massiv svertekampanje mot «annleis-tenkjande». Eg tenkjer spesifikt på Facebook-sida «Ting Som Norske Antivaksere Sier». Vaksne folk sit og oppfører seg som små drittungar, der dei kastar om seg med personåtak og hets. Offera er personar som har meiningar som ikkje fell i smak hjå dei sjølve, og namn som Kjetil Tveit, Rune Fardal, Are Hegrand og Margit Vea går igjen. Det er nesten som om medlemmene av gruppa sit klare bak tastaturet, klare til å gå til åtak so fort nokre av desse skriv eller seier noko.
Kva driv eigentleg desse nettrolla?
Sjå òg « ‘Farlege’ Kjetil Tveit får passet sitt påskrive av humorside på Facebook», publisert 21.august 2024.
Nemnde Facebook-gruppe har eksistert i mange år, og har sett sinna i kok hjå enkelte. Tilbake i 2021 vart det oppretta ei side på Opprop.net der ein ønskjer å politimelde og få stengt ned sida. Per 8.juni 2025 har 165 personar signert, der mange forståeleg nok har valt å vere anonyme. Dei som har oppretta sida skriv:
«Sammen står vi sterke. Vi ønsker å levere en felles anmeldelse til Politiet mot denne hatefulle gruppen.
‘Ting som Norske Antivaksere Sier’ sprer offentlig mobbing, hat, ydmykelser, latterliggjøring og trusler mot privatpersoner i Norge.
De sprer bilder og tekst som de har stjelt fra private Facebook kontoer, private grupper m.m.
De går bevisst sammen for å ødelegge bedrifter.
Alt og alle som ikke har samme mening og tankesett som denne gruppen blir lagt i gapestokken foran flere tusen medlemmer.
NOK er NOK!»
Det er for Saksyndig ikkje kjent om det faktisk har blitt oppretta politisak på gruppa. Det ville forbause meg, sidan mellom andre Kjetil Tveit har antyda at det kan stå aktørar med mykje midlar bak. Det ville ikkje overraske meg om etterretningstenestene og/eller militæret står bak gruppa. I kommentarfeltet til nemnde Opprop-side er det mange sterke meiningar om gruppa, men det kan sjå ut som nettrolla frå gruppa har infiltrert Opprop-sida, og mellom anna utført ID-tjuveri av enkelte personar. Nokon som kallar seg «Ting Som Norske Antivaksere Sier» la 21.juli 2021 ut følgjande kommentar:
«Snøfnuggene tåler ikke å bli motsagt og inntar offerrollen.
Spesielt Marina Zucchino. Hun er ei skikkelig feiging som blokkerer alle som motsier henne. Stakkars lille Marina Zucchino! Skal vi blåse på?»
Nokon som kallar seg «Marina Zucchino» har la same dato ut følgjande kommentar:
«Jeg heter Marina Zucchino og er en jævla hykler som mobber andre»
Nokon som sannsynlegvis er den ekte Marina Zucchino konfronterer same dag den eller dei som har utgjeve seg for å vere ho:
«Jeg ser også at noen har begått id tyveri og laget en konmentar i mitt navn.
Noe så patetisk…»
Bortsett frå desse «stunta» frå det som truleg er nettroll, er kommentarfeltet einige i at gruppa driv med mobbing, trakassering, uthenging og hattale mot namngjevne personar, noko som er straffbart. Som ein person som kallar seg «Are Hegrand» skriv (vi veit ikkje om det faktisk er han), driv sida med personsjikane. Dei spreier ifølgje «Anne Embla Øygard» hat mot menneske som ytrar seg, «og er av den grunn en trussel mot ytringsfriheten».
Ei anna som har ytra seg på Opprop-sida, er Margit Vea. Ho skriv:
«Jeg signerer fordi de har i flere år prøvd å ødelegge for meg både på sosiale medier og privat, ved å ta kontakt med arbeidsplasser og samarbeidspartnere. De deler private opplysninger på sosiale medier, om meg og min arbeidsplass.»
Vea er saman med Kjetil Tveit, Rune Fardal og Are Hegrand, dei som blir mest mobba av nettrolla bak «Ting Som Norske Antivaksere Sier». Som ho skriv i artikkelen «Nettroll og kanselleringskultur», publisert på bloggen hennar 10.februar 2023:
«Nettroll har i flere år vært aktive på mine facebooksider, både den private og bedriftsiden, samt twitter. Flere er medlemmer av facebookgruppen som kaller seg: Ting som norske antivaksere sier. Organisert og i flokk angriper de utvalgte personer de er uenig med og som kritiserer maktpersoner og myndigheter, staten. De bombarderer kommentarfeltet og rapporterer så mange innlegg til facebook som mulig. De bruker mye av sin tid på å prøve å ødelegge for sine meningsmotstandere, og jeg regner med deres aktivitet er årsaken til at jeg flere ganger er blitt utestengt fra facebook i kortere og lengre perioder.»
Vea karakteriserer verksemda til nettroll som ei farleg utvikling som råkar fleire, og som bidreg til at mange i dag ikkje orkar eller vågar å ytre seg i det offentlege rommet. Dei aller fleste vil reagere med ubehag når dei blir hengt ut i full offentlegheit på Facebook-grupper, og ikkje minst vil familien reagere negativt. Vea spekulerer i kva som kan vere motivasjonen til nettrolla:
«Bjørn Eide og Trond Høviken er de siste personene (eller profilene, kan være falske profiler) som har heldagsjobb med å ytre seg på mine sider, samt rapportere innleggene mine, og får meg blokkert. Blir de betalt?»
Om nettroll blir betalt, kven er det som betaler dei? Kven står bak «nettroll-leiarane» Øystein Gudim og Øyvind Bergh? Får dei pengar for det, eller fann dei berre ut ein dag at dei skulle bruke tida si på å mobbe og hetse andre på nettet?
Rune Fardal, som blir hetsa på Facebook-gruppa nesten kvar veke, har skrive ein lengre artikkel om nettroll på heimesida si Sakkyndig (ikkje å forveksle med Saksyndig!). Han har valt å ta ei psykologisk tilnærming til nettrolla, og skildrar dei som emosjonelt ustabile, narsissistiske og sadistiske. Han prøver i stor grad å sjukeleggjere nettrolla, noko som kan vere uheldig, sidan ein då tek frå dei ansvaret for eigne handlingar.
Når ein ser på kva nettrolla gjer mot sine offer, tydar det på at dei ikkje eig skruplar, og at dei har rikeleg med tid og ressursar. Til dømes ser ein at Øyvind Bergh faktisk tok seg bryet med å lage ein Wikipedia-artikkel og ein RationalWiki-artikkel om Rune Fardal. Nokon andre gjekk so langt som å sende eit falskt brev til Fardal med krav om å møte på Sandviken sjukehus for tvangsinnlegging (!). Målet med tvangsinnlegginga var å gjere åtferda til Fardal meir samfunnsvennleg. Som Fardal sjølv skriv:
«Her har man altså forfalsket et brev ved å fremstille det som om det kommer fra et psykiatrisk sykehus.
Dette må jo ha tatt noe tid. Man klipper og limer, man bruker penger på frimerke (konvolutt under), man går og poster. Nå er brevet fullt av åpenbare feil, men bak motivasjonen for å konstruere slike ting ligger det emosjoner og et åpenbart sykt sinn. Slike handlinger er ikke normale. De føyer seg inn i den samme irrasjonalitet som er underliggemde [sic] for slike mennesker.»
Fardal listar so opp ei rekkje personar som han meiner er nettroll, med fullt namn og bilete. Saksyndig har valt å ikkje publisere dei på grunn av fare for injuriesøksmål, men den interesserte lesaren kan sjølv gå inn på artikkelen til Fardal og sjå. Kvart bilete linkar til ei side med massevis av dokumentasjon på nettrollåtferda deira.
Synet på nettroll er prinsipielt delt innan alternative media. Nokon, slik som Fardal, meiner dei er sjuke til sinns og lid av personlegdomsforstyrringar, medan andre, slik som Vea og Tveit, meiner at det kan stå personar i maktapparatet bak dei. Dei får betalt for å sitje dagen lang og lire av seg krenkjande utsegner.
Same kor nettrolla kjem frå, er resultatet eit snevrare ytringsrom, der mange ikkje vågar å ytre seg i frykt for å bli mobba. Ein treng ikkje sjå lenger enn til relativt nylege hendingar, til dømes at Hemali no er lagt ned, og at Glenn Diesen trekte seg som kandidat for partiet FOR på grunn av hets mot han sjølv og familien.
Éin ting er sikkert: vi kan ikkje late nettrolla vinne. Om vi følgjer pengane eller psyken, so vil vi ein vakker dag finne dei eigentlege bakmennene.

Fiendtlige styrker rett forann tryne på dere, SHEEPLE!
LEGIT. TARGETS. RIGHT. DUR!
Putt de i kjellern, finn ut hvem som betaler lønna dems?
LikarLikar