Har menn blitt eit problem for samfunnet?

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge, skriv i eit innlegg i Driva om eit problem som i fyrste omgang ser ut til å vere språkrelatert. Vi står overfor ein språkleg drukningsdød, der alle ord som inneheld «mann» er i ferd med å bli luka ut av det norske språket. Som ho skriv innleiingsvis:

«Ord med ‘mann’ i har blitt gjort til fiendar av likestilling, og no vil Ap-regjeringa fjerne ordet lagmann. Ord som lensmann og rådmann har allereie vorte ofra på den moderne kjønnsnøytralitetens alter.»

Som Klinge påpeiker, tydar ordet «mann» ikkje alltid eit mannleg menneske, men menneske generelt. Dette finn ein i det engelske ordet man, som kan tyde både mann og menneske, til dømes i ordet mankind, menneskeheit. I norsk er orda «nordmann» og «allemannsretten» døme på bruk av ordet «mann» som menneske. Sjølve ordet «menneske» er avleia av «mann». I det faste uttrykket «i manns minne» (so langt tilbake som folk kan hugse), tydar ordet òg menneske, ikkje spesifikt hankjønn.

I denne samanhengen er ordet «mann» å rekne som kjønnsnøytralt. Det ser diverre ikkje den rådande makta ut til å skjønne, og er no i full sving med å erstatte til dømes «rådmann» med «kommunedirektør». «Lagmann» skal lide same lagnaden, og bli erstatta med eit sokalla kjønnsnøytralt ord.

Klart, skal ein vere konsekvent om kjønnsrelaterte namn, bør den kvinnelege utgåva av «direktør» òg brukast, etter mønster frå fransk (til dømes servitør versus servitrise, og ekspeditør versus ekspeditrise). Då blir ein kvinneleg kommunedirektør dermed «kommunedirektrise».

Klinge spør med rette: «Er vi rett og slett i ferd med å bli ‘mannevonde’ som samfunn?»

Ho oppsummerer stoda:

«Dei samansette orda med ‘mann’ verken ekskluderer eller krenkar den kvinnelege delen av manneætta. Men det er som om samfunnet plutseleg har innsett at menn generelt er eit stort problem. Og blir vi ikkje kvitt desse karane på anna vis, må vi i alle fall få dei vekk i norsk språk.»

Ein liknande prosess er i gang òg med kvinner. For ei tid tilbake vart dei fleste offentlege, politisk eksponerte personar rådville då dei vart bedne om å definere kva ei kvinne er. Det biologisk korrekte svaret er eit vakse menneske av hokjønn. Det politisk korrekte svaret er kva enn som er rådande konsensus på dei som sit med definisjonsmakt. Forvirringa har sine logiske, språklege grunnar. Det finst berre to kjønn. Det finst derimot eit særs stort, kanskje uendeleg tal kjønnsidentitetar. Kjønn og kjønnsidentitet ser ut til å ha blitt blanda saman, og det får i våre tider stundom absurde utslag: til dømes saka med dei to transpersonane i Bergen som valdtok ei jente, og der ei av «kvinnene» miste ereksjonen ved forsøk på å gjennomføre samleie. Når fekk kvinner evna til ereksjon?

Ikkje berre menn skal fjernast som kategori, det skal kvinner òg. Eit av dei skjulte måla til transrørsla (Pride, LGBTQ++) kan vere å fjerne skiljet mellom kjønn, slik at vi får ein kjønnslaus slaveklasse som enkelt kan styrast med hormon og propaganda. Transpersonar, dersom dei når målet sitt, er ærleg tala dårlege kandidatar for å føre slekta vidare, og dette glir lett inn i eliten sine planar om å avfolke planeten. Ein generasjon med kjønnsforvirra ungdom gjev ikkje akkurat positive utslag på fødselsratane.

Klinge kallar den noverande «reformasjonen» av det norske vokabularet «godheitsonani»: Noko som gjer godt for ein sjølv, men som ikkje er særleg fruktbart.

Om ein skal tru alle historiene om personar som har prøvd å «skifte kjønn» (noko som er biologisk umogleg; kjønnsskifteoperasjonar er i beste fall ei kirurgisk etterlikning av kjønnsorgan), so er ein heldig om ein framleis klarer å onanere. Vanleg sex? Her får dei biologien mot seg – og dei som framleis har vitet og kjønnet i behald, får lovverket mot seg.

Kunstnaren Ferdinand Wyller skriv i eit lesarinnlegg i nettavisa Uten Filter om den nye samtykkelova:

«Den nye samtykkeloven sier at den anklagede i en rettsak må kunne forklare hva som tydet på at den andre samtykket til sex. Og var det et uttal ‘ja’ der? Dagens lov handler om hva offeret eventuelt gjorde for å kjempe imot. Men foran dommeren blir det viktigste altså nå: har den tiltalte ordet i sin makt, og kan sannsynliggjøre frivilligheten? Det tryggeste blir selvfølgelig, om man ikke ønsker økonomisk ruin eller fengselsstraff, – å dokumentere hele seansen på mobilen. Alternativt skrive kontrakt i forkant.»

Må ein ha skriftleg samtykke for å kunne gjennomføre samleie i våre dagar, utan å i ettertid bli skulda for valdtekt? Skal ein ha ei juridisk gyldig underskrift, må ein jo ha vitne, som ein lesar i kommentarfeltet skriv:

«Jeg venter med lengsel etter en samtykkeapp, der begge kan logge inn på bank-ID. Slik det er nå her i heimen, føles det tungvint: før jeg og kona har kosestund så bruker vi ferdig opptrykkede kontraktsformular som vi begge underskriver like før akten starter. Men det er rimelig tungvint å plage naboene med vitneunderskrifter på at våre underskrifter er ekte, og så pårvirker [sic] dette også i noen grad lysten. Men heldigvis har vi forståelsesfulle naboer som skriver under raskt før vi begge mister gnisten.»

Samtykkelova og konseptet samtykke fortener ein eigen artikkel, kanskje fleire, for det ser ikkje lenger ut til å vere elementært for enkelte kva samtykke faktisk tydar. Det er tydelegvis heller ikkje elementært for enkelte kva menn og kvinner er. I skrivande stund får vi slå fast at begge kjønn står i fare for å bli fjerna frå språket, og dermed frå det kollektive medvitet. Lat oss behalde lagmenn, lensmenn og rådmenn, for i slike kjønnskriser treng vi alle mann til pumpene!

4 comments

  1. Veldig interessant innlegg, Saksyndig! Tydeligvis noen i Ap som ikke kan sitt språk godt nok og ikke har forstått at ordet «mann»/ «man» også kan bety menneske. Dette blir Ap-jåleri! I denne forbindelsen er det kanskje også verdt å nevne at opprinnelsen til det engelske ordet «human» visst nok (kanskje) hadde å gjøre med et menneske/ «man» som lagde/ sang lyden «huuu»/ «juuu» som er påstått å være en veldig healende lyd (for de som lager denne lyden).

    Likt av 1 person

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar