Trioen i Tenkjestraumen

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Eit anonymt tips», publisert 31.mai 2025.

Over den majestetiske Nordhordlandsbrua køyrer ein svart kassebil og fem fotogene fyrar. I baksetet sit to fullstendig lamma damer der den eine nok er meir biletvakker enn den andre. Solbriller beskyttar auga mot det plagsame, avslørande dagslyset, og dei kritkvite steinansikta har eit trolsk og uhyggjeleg skjer over seg. Himmelen er brått fulle av mørkegrå, illevarslande skyer – meteorologisk dommedag ventar utolmodig rundt hjørnet.

Vår mann Karl, som sit i baksetet, sjekkar Politiloggen®, ein app han har på smarttelefonen sin. Dei melder om at eit herskapshus i Hjellestad-området har blitt raida på grunn av mistanke om menneskehandel. Dei styrtrike eigarane av huset er ikkje å finne nokon stad. Politiet har sperra av hovudvegen mellom Flesland og sentrum, i tillegg til å setje opp sperringar ved innløpet til den seks kilometer lange Knappetunnelen, «ormeholet» mellom Sandsli og Loddefjord. Fire uvanleg fotogene menn i 20-åra er ettersøkte.

Han smiler for seg sjølv då han les «fire menn». Kor er den femte? Har nokon gjeve dei instruksar om å ikkje nemne Karl?

«Kor skal vi eigentleg?» spør han til Nils og Truls, som sit på kvar side av han.

«Vi skal til eit område utanfor Seim på Lindåslandet,» svarer Nils. «Det blir kalla Tenkjestraumen. I gamle dagar kom folk til dette vanskeleg tilgjengelege området når dei ville… tenkje på ting, gjerne i samband med viktige avgjerder, slik som giftemål. Det har alltid vore mykje overnaturleg aktivitet der, og åndene var dermed lettare å kome i kontakt med for råd.»

«Ja, det er jo viktig å velje rett når du skal finne nokon og få barn med og tilbringe resten av livet med,» svarer Karl medan mobilen glir lett og leikent ned i innerlomma på jakka hans. «I dag ser folk ut til å ha store problem med å finne den ‘rette’. Store problem med å få barn òg, for den saks skuld. Den supranasjonale djupstaten har ikkje gjort det lett for folk, verken økonomisk eller forplantingsmessig. Kvinner er frigide og ufruktbare, og menn får ikkje stå. Det psykologiske presset er formidabelt.»

«Vi er framme om cirka 40 minutt,» seier Nils, tilsynelatande uanfekta. «Nyt utsikta i mellomtida.»

Underforstått: «Hald konspirasjonsteoriane dine for deg sjølv!»

Bilen køyrer over Flatøy og glir over Hagelsundbrua, som skrevar over sundet mellom Flatøy og Knarvik. Denne forvaksne husklynga full av arkitektoniske styggedommar er kommunesenteret i inkompetansekommunen Alver, der alle administrativt tilsette er «offentleg utviklingshemma».

Dei tek til venstre i rundkøyringa og køyrer inn på fylkesveg 57. Karl tykkjer han skimtar blålys over Nordhordlandsbrua, i tillegg til noko som ser ut som politibilar i Knarvik «sentrum». Han oppdaterer Politiloggen®. Politiet har no sett opp sperringar i Knarvik, sidan E39 nordover går gjennom tettstaden. Ingen politibil er å sjå i rundkøyringa der ein kan ta av til Radøy eller halde fram mot Lindås. Dei har truleg ikkje ressursar til det – eller nokon har bede dei om å ikkje sperre vegen akkurat her. Karl gnir seg intrigert over haka. Har Inger-Lise sine mange, oljeglatte tentaklar greidd å penetrere visse kabinett i Vest politidistrikt?

Bilen køyrer gjennom det aude landskapet. Det er 80-sone på staden, men bilen held godt over 100. Det er jo ingen politi som lurer i vegkanten med laser, sidan «alle» har fått instruksar om å sperre viktige innfartsårer i Bergensområdet. Ein ny titt i Politiloggen® bekreftar at politiet har sett opp vegsperringar ved Lagunen sør for Bergen – sånn at dei kan hanke inn dei mistenkte om dei køyrer E39 sørover mot ferjeleiet i Halhjem.

Snart byrjar regnet å tromme mot frontruta, og vindaugsviskarane får arbeid å gjere. Det er ikkje ein bil å sjå på vegen. Det er akkurat som om nokon har gjeve den gjeldstyngde saueflokken instruksar om å halde seg heime og avvente nærare ordre. Folk er vel skremt frå sans og samling frå propagandaen i radioen, som no utan tvil breier seg som ein turbokreftsvulst i heile gamle Hordaland fylke.

Etter ei temmeleg kommunegrå ferd gjennom det regnvåte vestlandslandskapet køyrer bilen av fylkesveg 57 og trillar bortover ein privatveg som omtrent er smalare enn bilen. I tillegg må dei manøvrere seg utanom slagholer som er so djupe at ein vaksen mann kan forsvinne nedi dei og aldri dukke opp igjen. Den sokalla vegen et seg trassig oppover ei lita fjellside, og ei rekkje hårnålsvingar. Det er tjukk vegetasjon på begge sider, som om sjølve naturen frårår alle å køyre hit. På toppen kjem dei til ei tunnelopning der det sovidt er klaring for taket på bilen. Det ser ut som tunnelen er laga med handemakt. Bilen køyrer i gåtempo gjennom dette lange holet, som truleg er nesten ein kilometer langt.

Til slutt kjem dei ut på andre sida. Der openberrar det seg ein frodig dal, omringa av bratte fjellet på kvar side. Eit gardstun med eit hus og ei løe med ein garasjeport er der. Begge bygningane ser ut som dei vart bygde på 1800-talet, om ikkje før. Taksteinane er av den typen ein finn på hus som har stått forlatne i ein mannsalder, og som naturen er i ferd med å permanent tilbakekalle. Der er òg ein liten åker og ei rad med frukttre som bugnar av eple, pærer og plommer. Noko som ser ut som ein brønn ligg like bortanfor hovudhuset. Bilen stoppar på grusplassen mellom løa og huset. Regnet har gjeve seg, men skyene ligg tunge over den vesle dalen, svarte som heksegryter.

Akkurat i det dei fem mennene går ut av bilen, opnar døra til huset seg. Ut kjem ei lita, frodig brunette og ei raudhåra dame som ragar som eit tårn i terrenget. Begge to har prominente bystar (altso store puppar). Ei tredje jente, ei ung blondine som har dei største, mest struttande puppane av dei alle, følgjer etter dei med eit herleg underdanig uttrykk i ansiktet. Alle tre er uvanleg vakre, men òg særs bleike i ansikta, dei ser omtrent ut som levande lik. Dei tre mønstrar Stig, Ove, Nils og Truls frå topp til tå, før dei alle vender blikket mot Karl.

«Velkomen til Tenkjestraumen,» seier den korte brunetta med ei lys jentestemme. «Eg er Line, og dette er mine medsystrer Victoria og Cilje. Cilje med C, lyt eg få presisere.»

«Det er alltid godt med nytt blod her,» seier Victoria med si djupe jentestemme. «Endringar skjer særs sjeldan her. Vi er i lita grad ein del av verda utanfor, iallfall ikkje spirituelt og knapt nok fysisk.»

Cilje bit seg ømt i leppene der ho står og vrir på seg. Dei herlege puppane ser ut som dei skal gli ut av kjolen når som helst – men noko stoppar dei frå å usømeleg eksponere seg.

Når ein snakkar om kjole… Det slår Karl kor gammaldags kledde dei er. Alle tre er kledde i svarte kjolar som openberrar dei djupe kløftene og halve bakryggen på dei. Slike kjolar hugsar han frå gamle bilete frå tidleg 1900-tal, og frå måleri frå endå lengre tid tilbake. I tillegg til desse historiske kjolane, har dei alle på seg fleire sølvsmykke av ulik lengd, smykke som har ein underleg glød – dei ser særs gamle ut, samstundes som dei glitrar like intenst som smykka som heng rundt om i ymse butikkar på handlesenter. Det er noko tidlaust over dei tre damene. Han tek seg sjølv i å tenkje: Er dei framleis i 2025, eller har dei på mystisk vis kryssa ein slags tidsbarriere mellom eigedommen og fylkesveg 57?

«Lenge sidan sist,» seier Line i det ho stryk ei hand nedover den muskuløse armen til Stig. «Det er sjeldan mannfolk vågar seg hit. Spesielt når dei ser kva som er i kjellaren.»

«Er dokkene baki?» spør Victoria. Dei fem fotogene fyrane nikkar. «Utmerka! Lat oss frakte dei ned i kjellaren. Vår faste bebuar treng sårt selskap der nede!»

Ove sprett bak og opnar bakdøra. Der sit «Mektige» Erika og Tara Louise i komfortrullestolar, og med eit stativ med lammande medisin og næring festa til stolane. Line kastar eit blikk på stativa.

«Desse treng vi ikkje lenger.» Ho kastar eit gjennomborande blikk på Karl og smiler nifst. «I Tenkjestraumen har moderne medisin – og fysikkens lover – ingenting dei skulle ha sagt!»

Ei drøymeliknande kjensle renn gjennom Karl i det han formeleg svevar etter dei inn i det gamle huset. Det kjennest akkurat ut som han har forlate denne verda og entra ei anna, langt skumlare ei. Varselsbjøller ringjer i det fjerne, men druknar raskt då han ser kva for eit vesen som møter han i det halvmørke huset.

One comment

Kommenter innlegget