Steinansiktet på Lagunen

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Det kjæraste vi eig», publisert 27.juni 2025.

Klokka er halv tolv om føremiddagen og kjøpesenteret Lagunen sør for Bergen aular av folk. Alt som kan krype og gå flokkar til det som kanskje er det største handlesenteret i Vestland fylke, og som definitivt blir det største når den nye seksjonen av senteret etter planen opnar i november. På ein kafé i fyrste etasje, eit steinkast frå Coop OBS, står ei vakker, blond ungjente på utstilling bak disken. Ho har «obligatoriske» perler i øyra og eit glitrande sølvsmykke med eit ankerforma anheng. Ho er «ankra» til jobben sin, som er å vere blikkfang for kåte, kaffetørste menn, og dermed generere sårt trengde inntekter til eigaren av kafeen. Ho bit seg i leppene medan ho strekkjer på seg so dei store, herleg struttande puppane ser ut som dei eser. Ho kan ikkje sleppe unna.

I det fulle lokalet sit to eldre menn ved eit bord med ein kopp altfor dyr kaffi, og eit stykke napoleonskake på deling, sidan kakestykke har det ein kan kalle ågerprisar. Begge har med seg rullatorar, som er slegne saman og plassert på kvar side av det vesle bordet. Rundt dei sit damer i alle aldrar, der somme har med seg barnevogner. Ein og annan tilårskomen mann sit med mørk kaffi og mørkt blikk og vurderer å ta turen oppom Vinmonopolet og kjøpe «medisin» for å takle nok ein dag i denne totalitære jammerdalen.

Området er fullt av folk, der mange er mørkhuda og kledde i hijab. Dei to eldre mennene ser på alle utlendingane, og lyttar til alle dei framande tungemåla. Berre unntaksvis høyrer dei norsk, men dei få beskjedne røystene druknar i all støyen av høglytt, skingrande mangfald.

«Jaja, det var nu fint å atter mødes,» seier den eine karen på velklingande bergensk. «Hvorledes gikk det hos fastlegen?»

«Åh, det gikk omtrent som en EU-kontroll med en gammel bil,» seier den andre og grøssar seg. «Eg har fått henvisning til spesialist. Di skal kjøre en slange ned i halsen på meg.»

«Skal du ha en sånn derre gastroskopi?» spør den eine.

«Huff, ja,» svarer den andre. «Min kones fetter gikk gjennom det samme forrige måned. Han sa det var verre enn tannlegen!»

«Få’kje håbe det e dyrere enn tannlegen.»

«Nei, det skal godt gjøres!»

Dei to sit og ser på folkehavet rundt seg, før dei kastar eit blikk på den vakre ungjenta bak disken, som serverer to tilårskomne kjerringar kaffi og napoleonskake. Dei to kvinnene løftar synleg på augnebryna då dei ser kor mykje det kostar. Den eine seier nokre ord til jenta, og jenta legg det eine kakestykket tilbake der ho fann det. Snart pingsar damene seg bort til det einaste ledige bordet i lokalet med to koppar kaffi og eit kakestykke på deling. Rullatorane blir slegne saman og plasserte på kvar side av det vesle bordet.

«Alt e blitt så dyrt for tiden,» seier den eine mannen. «Det føles ut som det va i går at man fikk en kaffekopp og et kakestykke for en femtilapp.»

«Hmm, det er nok lenger siden enn i går,» seier den andre. «Det sies at tiden går fortere jo eldre en blir. Nu venter graven en smule utålmodig på oss. Eg vet iallfall at slekten venter utålmodig på arven. Faktisk e di så utålmodige at eg fryktar at nogen av di kanskje ska prøve å få fortgang i min bortgang

Han stoppar brått opp i det han vender blikket mot tre kvinner i svarte kjolar som kjem inn frå parkeringsgarasjen. Ei lita, rund ei. Ei ganske vakker ei i midten. Og ei uvanleg høg dame. Dei er kledde i svarte kjolar som ikkje akkurat er siste mote.

«Ka ser du sånn på, Leiv?» spør den fyrste, som sit med ryggen til inngangen.

«Di tre tøttene der borte,» seier Leiv. Den fyrste mannen snur seg. «Eg ser di av og til her på Lagunen. Di har gått her i en årrekke, helt siden senteret åbnet tilbage på 80-tallet. Eg kan sverge på…» Han blir lettare engsteleg der han sit. «Eg kan sverge på at di ikkje har forandret seg det spøtt. Iallfall ikkje den korte og den lange damen. Men hon i midten… Hon ha’kje eg sett før.»

«Ikkje forandret seg det spøtt siden 80-tallet?» Den fyrste mannen dreg på smilebandet. «Det kan ikkje stemme. Har du begynt å få problemar med husken?»

«Eg e’kje dement, Sverre!» seier Leiv indignert. «Snarere tvert imot! I fjor va eg på bydelsbiblioteket og bladde i gamle bøkar. Blant annet bilde fra da Lagunen åbnet 7.september 1985. På et av bildene står di to damene. I sorte kjolar. Di same ansigtene.» Han fiskar fram noko som utruleg nok er ein smarttelefon. «Eg ska vise deg.» Han vinkar til seg vennen. «Se her!»

Begge mennene fomlar fram lesebriller, og dei ser på eit bilete Leiv har teke med mobilen. Han zoomar inn på eit bilete frå opningsdagen, der alle er kledde i stygge 1980-talskle og har latterlege 1980-talsfrisyrar. Med eitt markant unntak. Sverre får hakeslepp då han ser dei to damene i svart, og ikkje minst ansikta deira. Han kastar so eit blikk på damene, som står berre eit steinkast i frå dei og snakkar med ei dame som jobbar på ein liten konfektbutikk ved inngangen.

«Nei, nu står ikkje verden til påske!» utbryt Sverre. «Enten er undertegnede også i ferd med å fortabe seg i demenstågen, eller så har du rett! Men kordan e det mulig?»

«Min kone er meget fascinert av det overnaturlige,» seier Leiv. «Det er ofte et samtaletema i tarotkort-gruppen hon går i. Det finnes mange vesener som ikkje blir eldre. Di har lurt naturen, så å sige. Første gang eg så di, tenkte eg at di bare holdt seg godt. Men, efterhvert som årene gikk og eg blev eldre, så oppdaget eg at di fremdeles bevarte sin ungdommelige glød. Da gjenstod kun én konklusjon fra min side.» Auga hans blir fylde av uro. «Di e trollkvinder

Sverre får nok ein gong hakeslepp.

«Nei, no tullar du, Leiv!» utbryt han. Heile mannen blir skjelven og utilpass der han sit. «Det må finnes en annen forklaring! Kanskje di har døtrar som lignar di på en prikk!»

«Eg tror ikkje sånne vesener kan få barn. Hovedregelen ifølge min kone e at naturstridige skapninger mister retten til å føre slekten videre. Naturen og Vår Herre straffar di, så å si!»

Begge mennene ser med redde blikk på trioen, spesielt dama i midten, som har nydeleg, svart hår i pasjefrisyre og eit søtt, tettsitjande perlehalsband med eit lite, hjarteforma anheng. Den korte og den lange dama, som begge har mange, glitrande sølvsmykke på seg, held hendene hennar. Den svarthåra dama har eit steinansikt verdig ein statue. Auga er derimot store, mørke og tindrande. Kjakane er tomatraude. Skjørtet er lett bølgete, og spesielt området rundt skrevet har ein lett synleg bul. Trioen glir gjennom folkehavet og opp rullebandet til andre etasje. Dama i midten ser ut som ho skal eksplodere av anten redsel eller fryd – sannsynlegvis begge delar.

«Di har fått en ny tredje-pike,» seier Leiv stille med skjelven røyst. «Det e tingen med di. Tredje-piken varer aldri lenge. Noget skjer med henne. Og så… Det e en annen ting ved disse kvinderne i sort. Eg har gravet litt i arkivet på bydelsbiblioteket. Og faktisk også litt på hovedbiblioteket i sentrum.»

«Det e tydelig at du jobbet som journalist i 50 år,» seier Sverre.

«Undersøgende journalist, og faktum prisbelønt ved en anledning.» Leiv er synleg stolt der han sit. So kjem uroa tilbake i dei gamle auga. «Men det eg fant var meget urovekkende. En ung pike på bare 17 år forsvant i 2017. Den eneste datteren til skibsreder Poulsen.»

«Han som eide det godset på Hjellestad? Og som har fire voksne sønner som e på formuetoppen i Bergen?»

«I egen høye person. Eg tror di trollkvinderne kan ha noget med datterens forsvinning å gjøre.»

«Du tror?»

«Det e bare en magefølelse eg har. Flere piler peker mot Poulsen-familien. Det går et rykte om di i byen. Di e ikkje greie folk. Så når Tara Louise plutselig forsvant, og skibsrederen og skibsrederfruen døde under mystiske omstendigheter like efter… Det første sønnene gjorde efter at di hadde grafset til seg arven, var å kjøpe aksjer i Lagunen A/S. Og når det gjelder aksjonærer i Lagunen, har eg i all beskjedenhet gravet litt. Som du sikkert vet, ble Lagunen i sin tid bygget oppå tomten til fabrikken Nordås Industrier. Fabrikken e for lengst jevnet med jorden, men selskapet eksisterer pussig nok fremdeles. Di e en meget betydelig aksjonær i selskabet. Olav Thon Gruppen kjøpte i 1994 opp en betydelig andel aksjer, og med sine 42% er di den største aksjonæren. Det e noget alle vet. Men eg oppdaget noget som ingen vet, og som eg tror e relatert til disse trollkvinderne.»

«Eg lyttar, Leiv.» Sverre sit på kanten av stolen. Den pensjonerte gravejournalisten held fram:

«Eg har gravet litt i ymse dokumenter, og denne gang måtte eg få tilladelse til å snoke i det gamle hovedarkivet. Det e vanligvis stengt for publikum, men eg har mektige forbindelser i byen. Nordås Industrier va en møbelprodusent, men deres grunnleggelse går langt tilbake i tid. Faktisk tilbake til 1860-tallet. Fabrikken startet sin virksomhet på Lagunefladen i 1861 under navnet Nordaas Stol-Compagnie, og deres spesialitet va, som navnet antyder, stoler. Polstrede stoler som overklassen elsket. Tre kvinder stod for produksjonen. Daglig leder var en kvinde ved navn Line, og sammen med en viss Victoria og en tredje, nu navnløs kvinde – den opprindelige tredje-piken – stod di for produksjon og salg av stoler til rigfolk over hele Norge og Europa. På slutten av 1800-tallet, rundt 1898 om eg huskar riktig, fikk selskabet ny ledelse efter at Line og Victoria solgte selskapet med eventyrlig profitt. Lokalene ble betydelig utvidet og arbeidsstokken ligeså. Og di to kvinderne? Di bare forsvant

«Hmm, di drev et selskab i nesten 40 år. Di må ha tjent seg styrtrige. Kan di ha pensjonert seg og fløttet til udlandet?»

Leiv viser igjen Sverre biletet av dei to damene frå opningsdagen til Lagunen:

«Se her. Dette billedet er tatt i 1985, nesten hundre år senere. Ser disse to ut som pensjonistar?»

Dei to eldre herrane kastar eit blikk på dei tre damene i svart, som no glir over golvet høgt oppe i fjerde etasje. Line og Victoria har eit majestetisk og høgverdig preg over seg. Dei går bokstavleg tala rundt som om dei… Vel, eg skal late Leiv trekkje konklusjonen:

«Eg tror ikkje di e på handletur. Eg tror di e her for å inspisere eiendommen! Nordaas Stol-Compagnie skiftet ikkje eiere, kun ledelse. Og da Nordås Industrier offisielt blev avviklet, stod di samme i baggrunnen og styrte skuten, faktum frem til denne dag. Dette, Sverre, e di egentlige eierne av Lagunen storsenter!»

«Kjøss meg!» utbryt Sverre med ei knapt nok høyrbar røyst. So tek han ein slurk av den altfor dyre, no lunkne kaffien. «Men si meg… Ka har di med forsvinningen til Tara Louise å gjøre?»

«La meg fortelle deg kordan di e sammenknyttet.» Leiv bøyer seg over bordet og formeleg kviskrar. «Line, Victoria og den nu ukjente tredje-piken heter alle Poulsen til efternavn

«Gå’mann!»

«Di e tjukke slekten! Den tredje piken lever nok ikke i dag. Hon va den som førte slekten videre og er således stammor til di fire nulevende menderne i Poulsen-familien. Hon tok valget å stifte familie, og hennes ektemann tok høyst uvanlig hennes efternavn. Hon e for lengst død og begravet. Hennes søstrar, derimot…»

Ute byrjar det brått å styrtregne. Toreskrall høyrest i det fjerne. Dei to eldre herrane grøssar seg der dei sit. Ungjenta med dei store puppane blir glasaktig i blikket i det ho kastar eit blikk på dei tre svarte kjolane fleire etasjar over ho. Kjakane raudnar og blikket blir mørkt. Ho vrir på seg i sitt utstillingsfengsel.

One comment

Legg att svar til slowlyfe117da4d7 Avbryt svar