I 2022, etter den påstått uprovoserte russiske invasjonen av Ukraina, tok land i Vesten imot ukrainske flyktningar med opne armar. «I Stand With Ukraine» vart eit mykje brukt profilbilete hjå norske Facebook-brukarar, og russarar og alt russisk vart lagt for hat. Ukrainarar fekk som folkeslag kollektiv beskyttelse, noko som gjorde det enklare å få asyl i ymse land – ofte land som låg fleire landegrenser frå Ukraina, og som hadde langt betre velferdstenester enn nabolanda til Ukraina. Om lag 90 000 kom seg heilt til Noreg for å få asyl. Fleirtalet av ukrainarane ser ikkje ut til å ønskje å vende heim, sjølv om krigen skulle ta slutt. Landet er nemleg ikkje so godt fungerande, mellom anna på grunn av omfattande korrupsjon og nynazistisk ideologi. Ukraina er i praksis delt i to med ukrainsktalande i vest og russisktalande i aust og sør. Fleirtalet av ukrainske flyktningar er russisktalande.
I januar 2025 vurderte UDI at enkelte regionar i Ukraina skulle reknast som «trygge», noko som innebar at flyktningar frå dei regionane ikkje lenger skulle vere omfatta av reglane om kollektiv beskyttelse – der skulle alle asylsøknader vurderast individuelt. I prinsippet kan ukrainarar frå trygge regionar få avslag på asylsøknaden, og må dermed forlate Noreg – anten friviljug eller med «assistanse» frå Politiets utlendingseining. Der siste alternativet er dyrt for Staten og uhyggjeleg for ukrainarane.
Storbritannia har no byrja å avvise ukrainarar som søkjer asyl i landet, med den grunngjevinga at dei kan flytte til trygge regionar av Ukraina. RT melder (Saksyndig si omsetjing):
«Storbritannia har byrja å avvise asylsøknader frå ukrainarar, og slår fast at søkjarar trygt kan flytte til andre delar av Ukraina, rapporterer The Guardian.
Eit London-basert advokatfirma sa til avisa fredag [27.juni 2025] at dei kvar veke får førespurnader frå ukrainarar som har fått avslagsbrev der det vanlegvis står at dei ikkje møter kriteria for forfølging under Flyktningekonvensjonen, sidan søkjarane blir vurdert som i stand til å flytte til tryggare delar av Ukraina.
I breva blir det òg opplyst om offentlege tenester i Ukraina, og føreslår at dei søkjer hjelp frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) og lokale organisasjonar.
Firmaet sa at det veksande talet av avslag var knytt til oppdateringar gjort i januar [2025] av råda til Home Office [det britiske innanriksdepartementet; oms.an.], som no identifiserer regionar slik som Kiev og Vest-Ukraina som ‘generelt trygge’.
Flyktningstatus i Storbritannia gjev mottakarar fem års opphald med tilgang til arbeid, velferdsytingar, helseomsorg, bustøtte og familiegjenforeining.
Storbritannia tilbyr òg mellombels visum via programma Homes for Ukraine og Ukraine Family, som tillèt opphald opp til 18 månader. Per mars 2025 har over 270 000 visa blitt delte ut.
Ein talsperson i Home Office sa til The Guardian at Storbritannia har tilbydd eller utvida beskyttelse til over 300 000 ukrainarar sidan eskaleringa av konflikten i februar 2022. Ministeriet la vekt på at asylsøknader blir vurdert individuelt, og sa at Homes for Ukraine-programmet framleis er ope.
Fleire millionar ukrainarar har flykta frå landet sitt dei siste tre åra. Ifølgje data frå Eurostat, har rundt 4,3 millionar fått innvilga mellombels beskyttelse i EU per mars 2025. Russland rapporterte i mellomtida at 5,5 millionar menneske har kome dit frå Ukraina per slutten av 2023.
Utstrøyminga har ikkje berre blitt driven av den pågåande konflikten, men òg av stadig meir aggressive mobiliseringstaktikkar utført av det ukrainske militæret. Denne innsatsen har ført til valdelege konfrontasjonar mellom vernepliktoffiserar og dei som motset seg verneplikta, der mannlege ukrainarar risikerer straffeforfølging for å rømme landet.
London har løyvt milliardar i militær assistanse til Ukraina sidan 2022. Moskva har gjentekne gonger skulda Storbritannia og hennar vestlege allierte for å bruke Ukraina som ein ‘rambukk’ mot Russland, og for å halde fram konflikten ‘heilt til siste ukrainar’.»

På tide, kokainmisbrukeren trenger mer kanonføde for å «Holde ut» Les:(Drive tappekrana med euro og dollar litt lenger.)
LikarLikar