Kvanteteori: Kan medvit knyte oss til universet?

Nye eksperiment antydar at menneskemedvit kan stamme frå kvanteprosessar i sokalla mikrotubuli i hjernen, og knyter med dette individ til eit universelt energifelt. Medan dette høyrest ut som noko som er henta frå Nyhetsspeilet, har det blitt gjort vitskaplege eksperiment, mellom anna viser studiar på rotter at stabiliserte mikrotubuli forseinkar effekten av narkose. Dette støttar Orch OR-teorien om at medvitne augneblinkar kjem frå kvantebølgjekollapsar. Kritikarar stiller spørsmål ved om kvanteeffektar direkte styrer medvit, eller berre eksisterer saman med det. Medvit har lenge vore ei gåte sidan det ikkje kan forklarast nøyaktig kva område i hjernen som styrer eller skaper det. Når det no har skjedd framsteg innan kvanteoppfanging, slik som tetrahertz-skannarar, kan medvitssignaturar for fyrste gong observerast.

Willow Tohi i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Forskarar, inkludert nevrovitskapsmann Mike Wiest, fysikar Jack Tuszynski og teoretikarar Roger Penrose og Stuart Hameroff, utførde nyleg eksperiment som antydar at menneskeleg medvit kan oppstå utav kvanteprosessar i hjerne-mikrotubuli, noko som potensielt knyter oss saman med universet. Desse funna, som byggjer på fleire tiår med kvantebiologi-forsking frå institusjonar slik som Wellesley College, Universitety of Central Florida og Universiteta i Alberta, utfordrar det klassiske synet på medvit som berre ein nerveaktivitet, og føreslår ein link mellom sinnet og kosmos.

I fleire hundreår var medvit sett på som eit biprodukt av newtoniansk biologi – ein mekanisk dans av nerveceller som sender ut signal i isolasjon. Men ein veksande korpus av evidens antydar no at det har sitt opphav i kvantevibrasjonar inni cellene våre, noko som går imot tradisjonelle grenser mellom fysikk, biologi og spiritualitet.

Mikrotubuli og narkosetestar: Ein rottestudie utfordrar rådande status

Den nylegaste yttergrensa i denne debatten kom av eksperiment med rotter ved Wellesley College, der mikrotubuli – det sylindriske stillaset i nerveceller – vart stabiliserte med legemiddel. Når dei vart eksponerte for isoflurane, fekk narkose rottene til å halde fram med å vere medvitne 69 sekund lenger enn ubehandla kontrollrotter. Denne forseinkinga er i samsvar med Orchestrated Objective Reduction (Orch OR)-teorien, som fyrst vart lagt fram av Penrose og Hameroff på 1990-talet.

Modellen deira legg fram at medvit oppstår når kvantesystem i mikrotubuli undergår bølgjefunksjonskollapsar, noko som genererer subjektive augneblinkar. Rottestudien viste at mikrotubuli ‘ikkje berre er tilskodarar’, sa nevrovitskapsmann Mike Wiest. Ved å stabilisere desse proteintubane, forseinka forskarane tap av retterefleksen [engelsk righting reflex], eit klart kjenneteikn på medvitsrestar.

Kritikarar argumenterer at narkose òg påverkar klassiske signalvegar slik som GABA-reseptorar, men dette eksperimentet isolerer mikrotubuli som ein nøkkelspelar. Wiest la vekt på implikasjonane: ‘Sinnet, som eit kvantefenomen, kan omforme spørsmål om komapasientar eller dyr er medvitne.’

Kvantekoherens finst til og med i varmt hjernevev

Skeptikarar avviste lenge kvantemedvit som usannsynleg fordi kvantekoherens typisk krev temperaturar nær det absolutte nullpunktet [-273,15 grader Celsius; oms.an.]. Likevel trivst sjølve livet ved romtemperatur, og studiar antydar at biologien kaprar kvantekrumspring for å oppretthalde liv.

I 2024 observerte University of Central Florida kvante-re-utsending i mikrotubuli som varte hundrevis av milliseund – som er ‘menneskeleg responstid’, sa Tuszynski. I mellomtida viste ein hjernetemperatursstudie frå 2022 at djuphjerneregionar opererer ved 104 grader Fahrenheit (40 grader Celsius), likevel går ikkje kognisjon tapt. Dette speglar fotosyntese, der planter oppnår 95% effektivitet ved å stable lysenergibaner oppå kvarandre samstundes.

Myelinskjeden, som isolerer nerveceller, dannar nok ei bru over gapet mellom fysikk og biologi. Ein Physical Review E-artikkel frå 2024 avslørte at myelin kan skape sylindriske holrom som produserer samanvikla foton ved kroppstemperatur, eit ‘smotthol’ som lèt kvantesignal vare. Desse funna svekkjer argumentet om at hjernevarme ugyldiggjer kvantemedvit.

Er medvit knytt til universet?

Kvantesamanvikling [engelsk quantum entanglement] – det ‘nifse’ sambandet mellom fjerne partiklar – antydar at medvit kan gå utanfor individuelle hjernar. Likningane til Penrose antydar at samanvikling kan strekkje seg over interstellare avstandar, noko som gjer sinnet om til eit fenomen på kosmisk nivå. Dette er i samsvar med Edward Lorenz sine ‘merkelege tiltrekkjarar’, fraktale baner som Palmers invariant set-teori framstiller som univers som deler geometriske baner. […]»

Det skal seiast at medvit meir eller mindre kan forklarast ved bruk av klassiske modellar. Kvanteeffektar subtile og overlappar med biologi. Kritikarar krev difor at distinkte, repeterbare føreseiingar blir fjerna frå filosofi, slik at dei kan provast. Visse gap er derimot kryssa:

«[T]erahertz-skannarar har som mål å fange opp mikrotubuli-vibrasjonar under narkose eller søvn. Tidlege testar viser at elektromagnetiske signal forsvinn under narkose, og kjem sterkare tilbake ved oppvakning – ein potensiell ‘medvitssignatur’. Dersom dei blir validert, kan desse verktøya revolusjonere narkose, nevrologiterapi, og kanskje til og med kvantenettverk som speglar effektiviteten til hjernen.»

5 comments

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar