Er det for farleg å varsle i Noreg? Historia om verneombod og varslar Julija P. Lande

Det står i Arbeidsmiljølova at dersom ein opplever kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, har ein rett til å varsle. Derimot er det store skilnader mellom ordlyden i ei lov, og korleis ting faktisk fungerer i det norske arbeidslivet. Eller, slik vi skal sjå i denne saka, korleis ting ikkje fungerer. Ein varslar lever farleg frå den augneblinken han eller ho leverer varselet, og ofte ser ein at arbeidsgjevarar, i staden for å gjere noko med dei kritikkverdige forholda, heller vrir arbeidsmiljøsaka om til ei personalsak. Det er i arbeidsgjevars auge fyrst og fremst varslaren som er problemet, ikkje arbeidsplassen. Prosessen dei set i verk mot varslaren er absurd, hjarterå og djupt ureieleg, og det kan sjå ut som dei har heile maktapparatet i ryggen. Varslaren står heilt åleine.

13.juli 2025 publiserte Fri Fagbevegelse ein artikkel frå Magasinet Styrke, der Aker-BP-tillitsvalde Sofie Valdersnes og Liv Hege Løken vart intervjua. Valdersnes sa det rett ut:

«Risikoen for gjengjeldelse er for stor og gevinsten ofte for liten til at vi føler det er verdt det. Da er det vanskelig å skulle si ‘dette bør du varsle om’ […].»

Å gjengjelde eit varsel er forbode, men det skjer likevel heile tida. Faktisk i eit slikt omfang at dei to Aker-BP-tillitsvalde opplever at varslarar ikkje har eit reelt vern. Og i dei tilfella der ein arbeidsgjevar faktisk blir dømt for ulovleg gjengjelding av eit sakleg varsel, er bota nesten fornærmande låg. Ein varslar kan til samanlikning risikere å få karrieren og livet øydelagt, og misse alt han eller ho eig og har.

Dette skjedde med slovenskfødde Julija P. Lande, som denne artikkelen handlar om. Ho vart fødd 15.juni 1947 i Slovenia, møtte sin komande ektemann på universitetet i Wien og flytta til Noreg i 1972. Ho studerte psykologi, leiing på BI sitt senter for leiarutdanning, tok embetseksamen i spesialpedagogikk og var gestalt- og psykosynteseterapeut. Ho hadde tre barn, og hadde ei rekkje tillitsverv og engasjement, slik som kommunestyrerepresentant for Bærum Høyre. I 1990 fekk ho «Det nytter-prisen» frå Sosialdepartementet for sitt samfunnsengasjement. I tillegg var ho djupt religiøs, og som katolikk føretok ho jamleg pilegrimsvandringar. Ho verken drakk eller røykte. Utpå 90-talet vart ho valt som verneombod i Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i Oslo kommune, der ho jobba som spesialpedagog.

Som ho sjølv fortel, møtte ho i januar 1999 ein langtidssjukemeldt kollega på eit hotell på Frogner. Kollegaen fortalde at ho i lengre tid hadde blitt trakassert av ein nestleiar på jobben. Kollegaen kalla nestleiaren rett ut for ein psykopat «som hadde vært etter henne, plaget, kjeftet, mobbet, trakassert og underkjent hennes faglige rapporter». Denne kritikkverdige åtferda til nestleiaren var årsak til at kollegaen var langtidssjukemeldt. Når det gjaldt nestleiaren, hadde andre kollegaer òg klaga på ho. Lande merkte seg i tillegg at det på arbeidsplassen var alliansar og profesjonskamp, «særlig mellom sosionomer og psykologer mot pedagoger». Det var mange korte tilsetjingsforhold, og ei skeivfordeling av arbeidsoppgåver. Lande sjølv innsåg at ho hadde altfor mange arbeidsoppgåver, iallfall i forhold til hennar sosionomkollegaer, som ifølgje ho gjorde langt mindre på arbeid. Ho hadde teke opp den skeive arbeidsfordelinga med leiinga, men hadde fått beskjed at ingenting kunne gjerast med det.

Lande valde å varsle sin daglege leiar om det kollegaen hadde fortalt om trakassering frå nestleiar. Dagleg leiar sitt svar der og då var korleis dei skulle konfrontere nestleiar med det. Lande gjorde det klart at det var leiars oppgåve å ta saka vidare.

Kort tid etter kom nestleiar i full hast inn på Lande sitt kontor og kom med trugslar og skuldingar om at Lande ikkje hadde gjort jobben sin, noko Lande sjølv visste ikkje stemte. Frå den augneblinken av starta eit årelangt mareritt.  Det skjedde det som Kjell Horn i eit innlegg i Aftenposten publisert 22.september 2009, kallar «en klassisk utviklingsrekke»:

  • «Som verneombud (valgt av sine kolleger fordi hun var et engasjert, integrert og pålitelig menneske) ble hun oppsøkt av en langtidssykmeldt arbeidskamerat som hevdet at problemene hennes skyldtes bedriftens ledelse.
  • Lande oppsøkte nærmeste over— ordnede og formidlet klagen.
  • Ledelsen tok dette ille opp og satte i gang en hetskampanje mot Lande i form av bakvaskelse, isolering og latterliggjøring.
  • Under dette presset begynte Lande å trekke seg tilbake og bli mindre sosial enn det som var naturlig for henne.
  • Klageren ble også satt under press og trakk klagen tilbake. Av frykt for å bli oppsagt? Resultat: Lande ble sittende med svarteper.
  • Eskalering av trakassering fulgte i form av fysisk omplassering til arbeidssteder som var maksimalt upraktisk i forhold til bosted, degradering av arbeidsoppgaver, ryktespredning og falske referanser.
  • Lande ble sykmeldt. Innkalt til diverse møter hos arbeidsgiver i sykmeldingsperioden.
  • Oppsigelse.
  • Rettssak – som hun tapte!
  • Status pr. i dag [2009]: Julija P. Lande er økonomisk ruinert og med de facto varig yrkesforbud.»

Kjell Horn var «ghostwriter» på ei bok ho skreiv, Spurven og haukene, som er meint som skrekk og åtvaring til andre som vurderer å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Boka vart utgjeven i 2008.

Lande si historie, fortalt med hennar eigne ord, kan lesast her. Saka hennar er like lang og komplisert som den er absurd og uhyggjeleg. Prosessen mot ho høyrer heime i ein Kafka-roman. Det kan sjå ut som heile Oslo kommune og omkringliggjande kommunar «konspirerte» mot ho, slik at ho fekk avslag på jobb etter jobb som ho i aukande desperasjon søkte på. Ho vart omplassert til arbeidsstader der leiinga allereie hadde laga seg eit bilete av ho som ein «vanskeleg» tilsett. Lande sat i saksa same kva ho sa og gjorde. Ein fiendtleg innstilt arbeidsgjevar som leitar med lys og lykte etter feil hjå ein tilsett, vil før eller seinare finne noko. Finn dei ingenting, diktar dei opp noko – og når den tilsette tek til motmæle, vil arbeidsgjevar få bekrefta det negative inntrykket sitt av den tilsette («vanskeleg» og «kverulerande», «samarbeider ikkje», «tek ikkje instruksar eller kritikk» og so vidare). I ein slik situasjon er det umogleg for ein eismal tilsett å vinne, og Lande vart etter ein serie møte til slutt oppsagt i 2004. Ho saksøkte arbeidsgjevar i 2006, men tapte to gonger. Høgsterett avviste anken hennar, og ho hamna i det ho sjølv kalla «varslergjeld», der månadleg trekk av det vesle ho hadde av inntekt gjorde at ho etter eiga utsegn levde på sveltegrensa.

Saman med lærar Marianne Bergvall og psykiatrisk sjukepleiar Sigrun Toppe Olsen skreiv Lande ein kronikk som vart publisert i Aftenposten 19.august 2009. Der konstaterte dei at konsekvensane av å varsle i Noreg var so livsøydeleggjande «at det må ropes et kraftig varsku». Særleg blir folk frårådd å varsle om dei er tilsett i kommune eller fylke (statlege og politisk styrte organisasjonar). Desse arbeidsplassane har ifølgje kronikkforfattarane «landets dårligste arbeidsmiljø». Lande et al. skriv òg:

«Pioneren i mobbeforskningen, Heinz Leymann, beskriver mobbing som psykisk terror. Gjengjeldelser starter med at alt fokus flyttes fra varselet til varsleren: man blir møtt med usanne beskyldninger og fremstilles som selve problemet. Den ansatte blir fryst ut av kolleger og utsettes for bakvaskelse,med sjefen som passiv tilskuer. Senere overtar sjefen trakasseringen med det som Leymann kaller administrative overgrep.

Man blir fysisk flyttet og isolert fra andre, arbeidsoppgavene blir endret. Lønn og stilling blir redusert, en blir gitt ydmykende eller umulige oppgaver.

Den som blir utsatt har ingen mulighet til å forsvare seg, mot rykter, beskyldninger og tiltak; alle overgrep begrunnes med at den ansatte er skyld i det selv. Det topper seg med at den ansatte blir fratatt alle arbeidsoppgaver, brått, uten forvarsel og begrunnelse. Når sjefen trakasserer, hjelper ingen gode systemer: Tillitsvalgte, verneombud, AMU-utvalg, HMS, avviksmeldinger, kontrollutvalg, Nav og IA-avtale. Grov trakassering stoppes ikke av noen, og man er i realiteten rettsløs.»

Kronikken fekk 17.september 2009 eit motsvar frå advokat Thorgeir Hole frå Simonsen advokatfirma. Hole antyda at dei tre representerte det han sjølv kalla falske varslarar, og meinte at varslaromgrepet hadde blitt både utvatna og misbrukt. Han skriv:

«Mange arbeidsplasser har ansatte som ved sin opptreden skader arbeidsmiljøet. De er typisk konfliktskapende, kverulerende, urimelig krevende og utmattende for personene rundt seg. Dette er ikke noe nytt. Det nye er at slike personer nå ofte påberoper seg varslervernet: De hevder typisk at arbeidsgivers irettesetting av deres adferd nettopp er slik gjengjeldelse som en varsler skal være vernet mot.»

Ifølgje Hole må den som skaper eit dårleg arbeidsmiljø, aldri få moglegheit til å gøyme seg bak varslarvernet. Han fekk raskt eit tilsvar frå dei tre varslardamene, som vart publisert 24.september 2009. Dei stiller eit ganske legitimt spørsmål: Når ein varslar taper i retten, er det fordi varslaren var falsk, eller fordi vedkomande vart usett for falske skuldingar? Dei skriv:

«Når arbeidsgiver gjengjelder et varsel med usaklige reaksjoner, er det sjelden det blir begrunnet med at varslingen var illojal, usann eller lignende. Når arbeidsgiver reagerer negativt, kommer det som oftest ikke noe svar på varselet overhodet. Guruen i norsk arbeidsrett, prof. Henning Jakhelln, har ofte fremhevet faren for at arbeidsgiver ‘tar spilleren og ikke ballen’. Det kan isteden komme andre, vikarierende forklaringer. Det vanligste er å bli beskyldt for å være vanskelig å samarbeide med. Dette blir fulgt opp av anklager mot personlighet og arbeidsutførelse.»

Og:

«Ledere som beskylder en ansatt for å være vanskelig, kan få lederstøtte fra høyere hold, fremfor at det blir iverksatt undersøkelse av faktiske forhold.

En ledelse som vil kvitte seg med en medarbeider av usaklige grunner, kan ikke bruke en advokat som råder klienten til å sjekke anklagenes holdbarhet. De finner en advokat som vil prøve å vinne saken uansett grunnlag. Alle forstår at sjefen opplever den som har fremført kritikk som vanskelig. Med advokatens inntreden blir virkning til årsak, og nye klagemål mot den oppsagte dukker opp.»

Lande møtte meir motstand og mobbing dess høgare opp i systemet ho kom. Ho fekk ein inkompetent advokat (som likevel var særs dyktig til å krevje salær), og vart under heile personalsaka plaga av ein jurist som gjekk ut av sitt gode skinn for å måle eit bilete av den dyktige spesialpedagogen som uskikka og problematisk. All skuld låg på varslaren, leiinga hadde gjort alt etter boka. Nestleiaren ho varsla om møtte på ingen tidspunkt nokon som helst konsekvensar for åtferda si, og dette er diverre ein gjengangar i mange liknande saker.

Nettstaden Monsens revelje skreiv kort om Lande-saka i ein artikkel publisert 1.oktober 2023. Sidan tidleg 2000-tal, då personalsaka utspelte seg, har Diskrimineringsnemnda dukka opp som eit betre alternativ til rettssalen. Dette sokalla «lågterskeltilbodet» til varslarar har derimot ein deprimerande statistikk:

«Etter starten i 2021 og med til nå 47 varslingssaker ferdigbehandlet, har tragikomisk nok ikke én eneste varsler vunnet frem i Diskrimineringsnemnda.

Og i domstolene sendes nærmest samtlige lovlydige og forsvarlige varslere ut av arbeidslivet, med en uoverkommelig saksomkostningsgjeld. Denne ultimate gjengjeldelsen ligger dessuten og venter i enden av grovt ærekrenkende domsavsigelser, bygget på like grove tilpasninger og usannheter.

Nå snart 15 år senere, kan det altså med 100 % sikkerhet slås fast at varslere i Norge utvilsomt har fått det enda verre enn i 2009.»

Julija P. Lande gjekk bort 5.desember 2015, «etter lang tids sykdom», 68 år gammal.

3 comments

  1. Det tykkjast meg merkeleg, at eit verneombud som sin plikt varslar om trasegheiter på vegne av dei som valde hen, kan ende opp med «svarteper» (Eigentleg Nordfjordeng) på det her viset.

    Av di dei som i vondskap angir vilkårlege folk rundt seg for både verkelege og oppdikta forhold til politi, heve fullstendeg anonymitet om dei so vil. Dei gjer jo jobben enklare, men det er mest sladder dei har å fare med, oftest.

    Likt av 1 person

  2. Sitert: Særleg blir folk frårådd å varsle om dei er tilsett i kommune eller fylke (statlege og politisk styrte organisasjonar). Desse arbeidsplassane har ifølgje kronikkforfattarane «landets dårligste arbeidsmiljø».

    Jeg tviler ikke.

    Likt av 2 personar

Legg att svar til arntjensvoll Avbryt svar