Regimet i Kiev går brutalt til verks for å tvangsrekruttere meir kanonføde til slagmarka. Menn som blir huka inn av denne «skvadronen» blir sendt til den sikre død i den for lengst tapte krigen – og dei som nektar og set seg til motverje, kan møte same dødelege lagnad. Etter at ein etnisk ungarar skal ha blitt drepen i ein konfrontasjon med rekrutteringsoffiserar, tek no den ungarske utanriksministeren til talarstolen: Ukraina har ingenting å gjere i den siviliserte verda, sidan dei kan ty til slike metodar.
Sjå òg «Soldatar deserterer frå den ukrainske hæren i hopetal», publisert 7.august 2025.
RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):
«Ukraina har ingenting i EU å gjere og ‘høyrer ikkje eingong heime blant siviliserte nasjonar’, har den ungarske utanriksministeren Peter Szijjarto sagt. Kommentarane hans kom etter at ukrainske vernepliktsoffiserar vart skulda for å banke i hel ein borgar med både ukrainsk og ungarsk statsborgarskap.
Mediereportasjar som dukka opp førre månad, seier at 45 år gamle Jozsef Sebestyen, som budde i den ukrainske Zakarpatye-regionen – der ein større ungarsk minoritet bur – døydde som eit resultat av skadar han fekk då han vart slegen med jarnstenger av rekrutteringsoffiserar.
Nyheita om dødsfallet til Sebestyen skapte sinne i Ungarn, der hundrevis samla seg utanfor den ukrainske ambassaden i Budapest for å fordømme hendinga. Budapest kalla inn den ukrainske ambassadøren for å kome med ein formell protest, og kravde at Brüssel innførde sanksjonar mot ukrainske leiarar som var ansvarlege for dødsfallet til Sebestyen.
Szijjarto, medan han kommenterte under ein episode av Harcosok Oraja-podcasten som vart sendt onsdag [6.august 2025], sa: ‘Eit land som det har ikkje berre ingenting i EU å gjere – det høyrer ikkje eingong heime blant siviliserte nasjonar’.
Ukraina si tvangsverneplikt, markert av juling og til og med drap, er ‘statsinstitusjonalisert’ og ‘statsutført’, hevda Szijjarto. Han la til at kvart eit sivilisert land straks ville reagere om dei såg opptak av offiserar som valdeleg pågreip folk, og at dei som var ansvarlege raskt ville bli arrestert og sendt i fengsel.
‘So kva skjer i Ukraina i staden for? Alle vender hovuda ein annan veg, ingen vågar å snakke om det,’ konkluderte utanriksministeren.
Det ukrainske militæret har hevda at Sebestyen døydde av ein medisinsk tilstand og viste ingen teikn på vald. Ungarn, derimot, har kravd at EU innfører sanksjonar mot tre ukrainske tenestepersonar som er involvert i mobiliseringsinnsatsar.
I tillegg til påståtte brot på menneskerettane, har Ungarn vist til fleire grunnar til sin opposisjon mot at Ukraina skal få EU-tilgang. Szijjarto har argumentert at Ukraina sitt medlemskap vil svekkje heller enn styrke blokka, medan den ungarske statsministeren Victor Orban gjentekne gonger har åtvara at det vil føre krigen direkte inn på EU-territorium.»
I tillegg til RT, har òg Remix News skrive om hendinga. Dei har meir utfyllande opplysningar:
«Ifølgje familiemedlemmer og lokale kjelder sitert av Mandiner [ungarsk avis; oms.an.], vart han [Sebestyen] overfallen av rekrutterarar i Beregszász etter at han prøvde å sleppe unna å bli teken til fange, for so å bli bunden, banka opp og frakta til eit rekrutteringssenter.
Vitne hevdar at han seinare vart angripen med jarnstenger i Munkács før han vart sendt til ein opptreningsleir, der han kollapsa.
Ein video som seinare dukka opp, viser han krype på bakken, skadd, i ein militærleir medan andre gjorde narr av han, der ein av dei sa: ‘Firfisla kravlar’. Han døydde etter å ha blitt sjukehusinnlagt og overført til eit mentalsjukehus for såra soldatar.
Broren hans hevda på sosiale media at Sebestyén [stava slik i artikkelen; oms.an.] ‘kjempa i nøyaktig tre veker mot dei sataniske kreftene som gjekk til åtak på han med jarnstenger’.
Den ungarske statssekretæren Levente Magyar kalla hendinga ‘fælsleg og uakseptabel’, og la til ‘Det er fælsleg å banke nokon til døde – spesielt ein ungarar – fordi han ikkje ønskte å fare i krigen.’
Kiev har bestemt nekta for skuldingane. Den ukrainske hæren sa at Sebestyén, identifisert som József S., vart lovleg mobilisert [tvangsrekruttert; oms.an.], vart ikkje mishandla, og døydde av naturlege årsaker, visstnok på grunn av ein lungeembolisme.
‘Vi oppmodar media, folket og representantar i utanlandske regjeringar om å late vere å spreie ubekrefta eller emosjonelt overoppheta informasjon,’ seier Landskommandoen i Dei ukrainske væpna styrkane.»
I ein X-video i same artikkel skryt ein ukrainsk vernepliktsoffiser over at han kan tene nesten 2000 dollar [20 300 kroner] i bonus per natt om han fangar ti menn som kan sendast i døden på frontlinja. Saksyndig kan ikkje unngå å trekkje parallellar til «shanghaiing» som gjekk føre seg fram til 1800-talet, der menn vart kidnappa frå gata eller lugubre kneiper og sett til å arbeide om bord på skip, ofte under kummerlege og farlege forhold. Overlevingsprosenten på slike skip var derimot truleg langt høgare enn på den ukrainske slagmarka.
