Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Sjølv i helvete regnar det stundom», publisert 16.juni 2025, og «Liv og ære (ingen skjorte, ingen service!)», publisert 21.juli 2025.
Frigjorde, relativt mektige Elin sit på sitt store, solbada kontor på Håkonsvern med Å. Hennar eigedom Morfin-Mona står på evig utstilling i hjørnet mellom to digre bokhyller desperat stappfulle av forboden kunnskap. Dei enorme, struttande jura er håplaust fanga på randa av ein eksplosjon som aldri får kome. Elin kastar ho eit mørkt, lystig blikk medan det bleike, skamsminka ansiktet er trekt i eit endelaust halvsmil.
Den herleg yre fitta strekkjer sakte på seg so dei store puppane eser herleg. Ho er kledd i ein sølvfarga, tettsitjande kjole som openberrar kløfta og halve ryggen. Skjørtet går knapt nok halvvegs over dei frodige låra, og dersom ho spreier beina, kan alle sjå at ho går utan truse. Rundt halsen glitrar som alltid tre sølvsmykke av ulik lengd, med høvesvis ein «E», ein pyramide og eit hjarte som anheng. Det vidaste smykket med hjartet er identisk med smykket til det bleike, kvilelause, fanga spøkjelset Merete, som kviler i hjørnet bak ho.
Det er ein dag som alle andre dagar her på Håkonsvern med Å. Trur ho.
Brått ringjer nokon Elin på dataskjermen. Ho ser eit engelskklingande namn ho aldri har sett før. Susan Waters. Med ei lett, leiken rørsle trykkjer ho på det grøne telefonrøyr-symbolet på skjermen. Ei blondine som ser ut til å vere i slutten av 20-åra sit der mektig og gullglitrande i ei rosa dressjakke. To alvorlege, brunhåra menn i dress sit på kvar side av ho. Dei ser ut som dei er på audition for ein ny Men in Black-film.
«God morgon, Elin,» seier denne Susan-dama på norsk med amerikansk aksent. Ho snakkar med ei djup, nifs jentestemme ikkje ulik den til høge Victoria i Tenkjestraumen.
«G-god morgon…!» seier Elin, underdanig og vanvitig kåt. «Øh, kva…! Kva…?» Ho vrir lett på seg der ho sit, godt planta i sjefsstolen.
«Du har ikkje møtt meg før, so eg skal introdusere meg,» seier ho. «Eg er den nye leiaren i… i selskapet vårt, etter at Inger-Lise fekk…» Ho vender dei vakre, isblå auga til side ein augneblink. «… plikter hjå ein annan arbeidsgjevar.» Ho lener seg nærare skjermen, det same gjer dei to Men in Black-fyrane. «Høyr nøye etter, Elin. Vi har fått ordre frå høgste hald. Håkonsvern med Å skal avviklast, og alle ballongtryna eliminerast.»
Det er akkurat som om golvet gjev etter under Elin. Ho sit der med glasaktig blikk og kjeften på vidt gap. Sjølv Morfin-Mona borte i hjørnet er synleg overraska. Gjenferdet Merete er eit einaste stort arm- og beinlaust spørsmålsteikn.
«Øh, kan du gjenta…?» spør den himmelfalne Elin.
«President Trump vil ha oss ut av Noreg med éin gong,» seier Susan. «Det er ikkje trygt for oss der lenger. Innan fyrstkomande fredag må Håkonsvern med Å vere rydda og stengt. Ikkje so mykje som eit munnbind må liggje att. Forstår du ordren, Elin?»
«Ja!» Ho strekkjer på seg i stolen so dei store puppane ser ut som dei skal eksplodere. Heile dama ser ut som ho skal eksplodere.
«Ja, har du tenkt å setje i gang?» spør Susan skarpt. «Lett på ræva og hiv deg rundt! Vi har det satans travelt!»
«K-kva med Morfin-Mona?» spør Elin, som sprett på beina so ho nesten ramlar over det mektige skrivebordet.
«Send ho til politistasjonen! Ta livet av ho! I couldn’t give a shit!»
Skjermen blir svart. Samstundes lynar det ute. Like etter dundrar og brakar det, det høyrest ut som heile jordkloden skal kløyvast.
«Shit-shit-shit…!!» stønnar den sprengkåte maktkvinna i det ho trippar med raske steg ut av kontoret.
Snart går alarmen over heile bruket, sjølv djupt nede i kjellaren der over 100 ballongtryne ligg og svevar og skrevar. Dei maskerte, russisktalande jentene og gutane får ordre på sitt morsmål frå ein febrilsk lege, og alle slepp det dei har i hendene og styrtar mot næraste heis.
Snart byrjar det på mystisk vis ein brann i avdelinga, og den spreier seg raskare enn eit dårleg rykte.
Medan heile militærkomplekset står i lys loge (og brannvesen er på veg frå alle bergenske bydelar), glir ei rekkje svarte kassebilar langs vegen. Elin sit i eit av seta, og Morfin-Mona er festa med reimar der ho balanserer på sitt stativ. Medan ho sit slik og held på eigedommen sin, ringjer telefonen hennar.
«H-hallo?» svarer ho med ei dirrande stemme.
«Hei, det er Susan Waters,» lyd den nifse jentestemma igjen. «Eg har trekt i diverse trådar og ordna hastevisum til alle arbeidarane, deg inkludert. Møt på militærsona på Flesland om to timar. De vil bli frakta direkte til Alaska, med mellomlanding i London, New York og Chicago.»
«Skal vi til Alaska?» spør Elin storøygd.
«Trumps ordre.» Eit sukk kjem frå andre enden. «Det er anten Alaska eller 21 års fengsel.»
«Kva… kva har eigentleg skjedd?» Ho hiv febrilsk etter pusten so puppane herleg eser.
«Kva trur du? Nokon har varsla! Basen er kompromittert! Politiet er på veg dit as we speak!»
«Greitt, greitt…!» Ho vrir på seg i setet. «Er det då so lurt å stikke innom politistasjonen for å levere Mona?»
«So klart ikkje, er du føkka i topploket?! Ta og…» Ho stønnar svakt. «Ta og dump ho i fyrste og beste grøft! Og ta Knappetunnelen, det er raskaste veg frå Loddefjord til Flesland!»
Bilen er allereie på veg mot rundkøyringa der ein kan ta av til sentrum, eller køyre rett fram og ta av til Knappetunnelen.
«Knappetunnelen!!» skrik Elin til sjåføren, som skvett der han sit. Snart penetrerer dei den lange tunnelen. «Øh, vent…!! Faen, faen, faen, det er jo ingen grøfter i ein seks kilometer langt tunnel…!!» Ho er so kåt at ho held på å eksplodere. Sveitteperler pyntar den tomatraude, skamsminka panna.
«Drit i grøfter! Dump ho! Berre dump ho!»
Og so har det seg at den svarte kassebilen blinkar seg inn i eit havarifelt midt i Knappetunnelen, tre kilometer frå kvar ende. Der blir Morfin-Mona utan nokon fanfare eller applaus sett av på den svarte, aldri-glinsande asfalten (det regnar jo aldri her inne). Dei mørke, tindrande auga lyser bak munnbindet i det ho ser bilen køyre av garde i ein fæla fart. Der står ho på utstilling medan trafikken dundrar forbi.
Merete oppdagar til si store overrasking at ho òg er etterlaten i havarifeltet. Her svevar ho hjelpelaust, no låst fast til si gamle pulevenninne Mona. Ingenting indikerer derimot at Mona ser ho. Merete forbannar sin lagnad, si fortid og si evige kjæte. Ingen av dei kan sleppe unna.
**
I likskap med dei fleste tvilsame oppseiingssaker, skjer alt i eit halsbrekkande tempo. Elin og 50 andre medskuldige blir stuva inn i eit amerikansk fly på den delen av Flesland som folk flest ikkje har tilgang til. Dei lettar i all hast når der er ein pause av flytrafikk på rullebana, og snart er berre den farlege Nordsjøen under dei. No ber det rett vest, det reimar og tøy kan halde. Det tidlegare demokratiet Noreg – eller den amerikanske delstaten Norway, alt etter kva politisk nivå ein betraktar det frå – forsvinn i det fjerne, sannsynlegvis for alltid.
Etter fleire meldingar frå publikum, dukkar ein politipatrulje opp djupt inne i den intenst lange Knappetunnelen. Dei to tøffingane av nokre bøllebetjentar mønstrar Mona frå topp til tå, ikkje heilt sikre på kva dei eigentleg ser på. So ser ein av dei eit brev som er festa med teip på det eine gigantjuret hennar. Han plukkar det av ho, opnar konvolutten og les. Kollegaen les over hovudet på han.
«Det var då som berre faen…» utbryt den eine medan ansiktet blir tøft og kompromisslaust. «Det er sjølvaste Morfin-Mona! Ho som drap 10 000 eldre på ein no nedlagt sjukeheim i Ytre Sandviken! Inkludert mi mormor, min morfar, min onkel og tre tanter!»
«Ho drap begge foreldra mine og svigermora mi, og sistnemnde var ikkje eingong innlagt på sjukeheimen!» Den andre ser ut som han skal drite på seg av sinne – ekte sinnadriting, kan vi kalle det.
«Lat oss kontakte alle politijuristar i sju prestegjeld!» snerrar den fyrste. «Vi trudde ho var daud, men ho er faen meg meir levande enn alle dei ho har myrda! No blir det rrrrettssak!»
Ikkje lenge etter blir Mona med nådelaus brutalitet køyrt inn i ei «svartemarje». Neste stopp: Rettferd og hemn!
Trass at halve militærbasen på Haakonsvern (med aa) har brunne ned til grunnen, står det ingenting om hendinga i Bergens Tidende og Bergensavisen. Ikkje eingong i politiloggen blir hendinga nemnt med eit ord. Dermed blir det opptil jungeltelegrafen og konspirasjonsteoretikarane å fylle hòla og danne seg eit nokolunde adekvat narrativ. Og, som vi alle veit, dette er langt frå alle brikkene i dette gigantiske puslespelet.
Alle som var igjen i bygningen er omkomne. For ballongtryna er det himmelske marerittet over. For ein viss drapssjukepleiar har marerittet berre sovidt byrja.

Den DER såg eg ikkje på førehand, men eg vona at Trump skulle ordna opp det meste!
LikarLikt av 1 person