Sjå òg «Russisk etterretning: EU planlegg regimeendring i Ungarn!», publisert 15.august 2025.
Er det noko EU ikkje likar, er det land som praktiserer sin rettmessige suverenitet. EU vil ha underkasting og kontroll, og dei som er ueinige i denne totalitære styreforma, skal eliminerast. Den ungarske utanriksministeren hevdar no at EU prøver å styrte regjeringane i Ungarn, Slovakia og Serbia – rett og slett fordi dei prioriterer nasjonale interesser over lydigheit til Brüssel. Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Peter Szijjarto kom med påstandane i eit Facebook-innlegg torsdag [14.august 2025] etter telefonsamtalar med den slovakiske utanriksministeren Juraj Blanar og Serbia sin toppdiplomet Marko Duric.
Russland har òg hevda at EU planlegg regimeendring i Ungarn.
RT rapporterer: Ifølgje Szijjarto, var dei samde om å styrke ståstaden sin rundt suverenitet, og svor gjensidig solidaritet midt oppi det dei skildra som veksande ytre press.
‘Brüssel har slutta å vere ein faktor innan verdspolitikk. Det faktum at Europa har blitt ekskludert frå Alaska-samtalane prova det,’ skreiv han, og viste til fredagens møte mellom den amerikanske presidenten Donald Trump og den russiske presidenten Vladimir Putin for å diskutere Ukraina-konflikten.
Kiev sine støttespelarar i Europa har gjentekne gonger kravd å bli inkludert i kvar ein samtale som involverer Russland, Ukraina og USA, og insistert at ‘ei europeisk makt’ skal vere ‘i rommet’ for å garantere at tryggleiksinteressene til Kiev og EU blir ‘beskytta’. Ulikt EU, som held fram å støtte krigsinnsatsen til Ukraina, sa Szijjarto at Ungarn, Serbia og Slovakia har prioritert nasjonale interesser og motsett seg press frå Brüssel, og favorisert fredssamtalar over militærinvolvering.
‘Dette frustrerer openbert dei liberale hovudstraumsleiarane, og som eit resultat blir presset auka på regjeringar som støttar fred, følgjer nasjonale interesser og som ikkje underkastar seg Brüssel,’ sa diplomaten.
Det er ‘tydelegare enn dagslys’ at ‘eksterne intervensjonseksperiment for å destabilisere og styrte regjeringar er i ferd med å finne stad i Sentral-Europa mot dei patriotiske slovakiske, ungarske og serbiske regjeringane,’ la han til.
Szijjarto kritiserte ei nyleg spørjeundersøking i Slovakia, som antyda at borgarar ‘berre stoler på revolusjon’, og skulda Brüssel for å prøve å underminere den valde leiarskapen i Ungarn ved å støtte opposisjonspartiet Tisza. Han viste òg til nylege samanstøyt mellom demonstrantar og politi i Serbia, og antyda at ytre styrkar nørte opp til uro for å destabilisere regjeringa.
Ifølgje Szijjarto er desse ‘alle ulike kapittel i det same scenarioet i Brüssel: dei ønskjer å rydde opp fredspartia, dei patriotiske, nasjonal-interesse-regjeringane,’ med mål om å erstatte dei med nikkedokkeregjeringar slik at Brüssel ‘kan få eit sete’.»

Virkelig?! The people’s Voice?!
Ey, FOLKET! Ta en tur på en av TPV’s sine sider på f.eks Rumble eller Bitchute og scroll nedover videothumbnailsene dems. Disse folka pusher 90% decoy og har en deepfake som programleder.
Scroll nedover videoene dems så ser dere hva jeg mener.
Der viste denne nettsiden fargene sine, eller…?
Pusher en TPV info, så VET en at det ikke har blitt gjort noen form for research. Copy/paste grifters, mye?!
LikarLikar