Presidenten i Tsjekkia ber om fred i Ukraina: Å gje frå seg territorium er det minste av to vonde

Sjølv ein av Ukraina sine næraste allierte uttrykkjer no ønske om ein slutt på blodbadet på slagmarka. Den politiske leiinga i landet må rett og slett innsjå realiteten og gje frå seg dei landområda Russland vil ha. Dette sjølv om ein eventuell fredsavtale kan vere i strid med internasjonal lov. Dette meiner den tsjekkiske presidenten.

Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

«For å oppnå ein avtale som gjer slutt på krigen, vil Ukraina truleg måtte gje frå seg territorium, sjølv om det er i strid med internasjonal lov, sa den tsjekkiske presidenten Petr Pavel i eit intervju publisert av nyheitsbyrået CTK på torsdag [21.august 2025].

‘Overgjevinga av territorium vil reflektere situasjonen på slagmarka og representere det minste av to vonde, i motsetnad til å halde fram krigen, som kan resultere i mange fleire omkomne og materielle tap,’ sa den tsjekkiske leiaren.

Han erkjende i tillegg at dette kan ende opp med å berre vere ein mellombels avtale.

‘Dersom fredsbevarande styrkar skulle bli sendt til Ukraina under ein slik ‘mellombels’ avtale, kan Den tsjekkiske republikken òg delta, fordi den har vore ein aktiv deltakar i fredsprosessen frå byrjinga av,’ la han til.

‘Dette vil meir eller mindre bli ei anerkjenning av realiteten, fordi Russland har enkelte regionar under sin fulle kontroll. Om vi erkjenner at dei er mellombels okkuperte, so burde vi kalle dei det, og ikkje russiske territorium,’ la Pavel til.

Ifølgje den tsjekkiske presidenten, er kvar ein avtale om moglege territoriale endringar berre Ukraina og Russland sin rett.

‘Eg vågar ikkje å gje ei meining om korleis avtalen rundt territorium burde sjå ut, dette er eigentleg berre ei sak for Ukraina og Russland. Det ville ikkje vore bra å gje råd om kva ein skal gje frå seg og kva ein skal gå vekk frå. Dette ligg tydeleg utanfor vår jurisdiksjon og kompetanse,’ forklarte presidenten.

Pavel trur at vestlege sanksjonar mot Russland burde ha vore meir bestemte og sterkare frå byrjinga av, som ville ha hjelpt Ukraina forsvare seg sjølv meir effektivt, noko som ville ha redusert menneskelege og materielle tap.

‘Derimot var fleire land tydeleg redde for ei mogleg eskalering av konflikten,’ sa han. Om Ukraina, ifølgje han, hadde fått større og meir effektiv assistanse tidlegare, er det mogleg at situasjonen på slagmarka ville ha sett annleis ut i dag.

Ifølgje Pavel er den moglege deltakinga til Den tsjekkiske republikken i ei fredsforhandling avhengig av korleis den framtidige avtalen er bygt opp.

Den tsjekkiske forsvarsministeren Jana Cernochová sette tidlegare foten ned for å sende tsjekkiske soldatar til Ukraina. Statsleiaren kalla det positivt at forhandlingar mellom Vesten og Ukraina om tryggleiksgarantiar for sistnemnde har byrja.

‘No må vi gjere alt vi kan for å sikre oss at forhandlingane held fram. Vi må handle konstruktivt, viljuge til å inngå kompromiss, men vere bestemte. Vi må ikkje late ein situasjon utvikle seg der til slutt den aggressive parten blir lønt, medan offeret blir straffa,’ understreka den tsjekkiske presidenten.»

One comment

  1. Denne Pavel treffer spikeren rett på hovudet med hammaren. Ein realitetsorientert fyr, i likskap med Orban og Trump.
    Når kjem Angela & Co. diltande etter, tru?
    Tyskarane gjev se ikkje så lett, noko dei synte i førtiåra.

    Og forrestan etterpå, tykkjast det meg.

    Likt av 1 person

Legg att svar til Tjostrolf Avbryt svar