Mohammed har blitt det vanlegaste namnet blant mottakarar av velferdsytingar i Tyskland

Stoda rundt om på norske Nav-kontor reflekterer forskjellsbehandlinga som går føre seg mot innfødde versus ikkje-vestlege innvandrarar. Sett litt på spissen, får dagens åttande Mohammed innvilga velferdsytingar nærast på dagen (om ikkje timen) av den innvandrarvennlege saksbehandlaren, mens Ola og Kari Nordmann må rekne med 17-18 vekers saksbehandlingstid på sosialhjelp og andre akuttytingar. Når almissene omsider tikkar inn på konto er huset tvangsselt, barna sendt i fosterheim og sjølvmord gjennomført.

Slike historier er kanskje av ein anekdotisk natur, men når det gjeld sjølve namnet Mohammed, som trygt kan seiast å representere den mannlege muslimske verda, er der statistikk som taler for at namnet blir stadig vanlegare i Vesten. Tal frå den føderale regjeringa i Tyskland viser til dømes at Mohammed har blitt det vanlegaste namnet på mottakarar av trygd og andre velferdsytingar i landet.

Thomas Brooke på nettstaden Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Nye tal offentleggjort av den føderale regjeringa i Tyskland har forma om på rangeringa av mottakarar av Bürgergeld [«borgarpengar»] i landet, der Mohammed og ymse stavemåtar av namnet no står på toppen av lista.

Ein nyleg regjeringsrespons til ein førespurnad frå Alternative für Deutschland (AfD) antyda opphavleg at Michael, Andreas, Thomas og Daniel var dei mest vanlege førenamna blant dei som fekk borgarutbetalingar, kjent lokal som Bürgergeld. Derimot hadde lista frå regjeringa separate alternative stavemåtar av det same namnet, noko som resulterte i forvrengingar.

AfD-lovgjevar René Springer bad om tilleggsdata som konsoliderte alle variasjonar av det same namnet. Den oppdaterte responsen frå regjeringa, som Bild har fått tak i, viser at Mohammed – talt via 19 ulike stavemåtar og variantar slik som Mohamed, Muhammad og Mahamadou – no står på fyrsteplass med 39 280 treff.

Til samanlikning kjem Michael (inkludert Michel, Mischa og Maik) på andreplass med 24 660 treff, følgt av Ahmad (20 660), Andreas (18 420) og Thomas (17 920). Namn med færre stavevariantar, slik som Andreas og Thomas, miste terreng, medan Ahmad, som har fleire felles versjonar inkludert Achmet og Amed, steig til tredje plass.

Den føderale regjeringa la vekt på at førenamn ikkje kan brukast til å direkte avgjere nasjonalitet, sjølv om dei utan tvil tener som ein indikator på kven som er tyske innfødde og kven som har innvandrarbakgrunn.

Tre islamske namn, Mohammed, Ahmad og Ali, var inkludert på topp 10-lista over førenamna til mottakarane.

I slutten av 2024 fekk totalt 5,42 millionar menneske i Tyskland Bürgergeld, inkludert 2,82 millionar tyskarar (52%) og 2,6 millionar utlendingar (48%).

Kritikarar argumenterer at desse tala underdriv rolla til utanlandskfødde individ, sidan mange innvandrarar no er naturaliserte tyske borgarar og difor rekna som ‘tyskarar’ i statistikken. Bild rapporterte i tillegg at nesten halvparten av Tysklands 17,68 milliardar-euro-bustøttebudsjett for 2024 gjekk til utlendingar.

Debatten kjem i det Det føderale sysselsetjingskontoret held fram med å reklamere for velferdsytingar til innvandrarar, der delar av nettsida er vigd til ‘folk frå utlandet’, og der det blir lovt støtte til å dekkje bukostnader.

Den herskande CDU/CSU-blokka i Tyskland krev endeleg strengare grenser for innvandrar-velferdsavhengigheit. Vise-parlamentarisk leiar Mathias Middelberg argumenterte tidlegare denne veka [veke 35] at jobbsenter må gjere meir for å integrere afghanarar og syrarar i arbeid. ‘Berre 100 000 fleire menneske i arbeid i staden for å vere avhengige av Bürgergeld kan, avhengig av lønnsnivå, spare det føderale budsjettet for milliardbeløp kvart år,’ sa Middelberg.

Tal frå regjeringa viser at 52,8% av syrarar og 46,7% av afghanarar i Tyskland mottek Bürgergeld, medan færre enn 40% i begge grupper er i jobbar som bidreg til fellesskapet.

‘Vi kan ikkje akseptere at fleire hundre tusen unge asylsøkjarar her i Tyskland går utan arbeid i fleire tiår,’ la Middelberg til.

Tidlegare denne månaden braut to distriktsadministratorar frå Det sosialdemokratiske partiet òg med partiet sin nasjonale leiarskap, ved å krevje at ikkje-EU-innvandrarar, inkludert asylsøkjarar og anerkjende flyktningar, burde mottak velferdsytingar berre som rentefrie lån, som skal betalast tilbake når dei får lønt arbeid.»

3 comments

Legg att svar til arntjensvoll Avbryt svar