Nesten statistisk umogleg: Fire AfD-kandidatar har døydd «brått og uventa» før viktige delstatsval

Driv nokon og likviderer den politiske opposisjonen i Tyskland? I den tyske delstaten Nordrhein-Westfalen kan det nesten verke slik. Fire kandidatar for Alternative für Deutschland (AfD) har døydd brått og uventa, noko som har ført til at valkomiteen i all hast må trykkje nye røystesetlar. Nettstaden Remix News melder (Saksyndig si omsetjing):

«Fire Alternative für Deutschland (AfD)-kandidatar døydde ‘brått og uventa’ i Tysklands største delstat, Nordhrein-Westfalen, like før delstatsvala. Raseri og teoriar florerer på sosiale media om dei plutselege dødsfalla til AfD-kandidatane.

‘Ifølgje WDR, har fire AfD-kandidatar som ikkje vart ekskluderte døydd like før NRW-kommunevalet: Blomberg, Rheinberg, Schwerte, Bad Lippspringe. Statistisk nesten umogleg,’ skreiv Stefan Homburg i eit innlegg som vart sett ein million gonger.

I eit innlegg frå Peter Borbe skriv han: ‘4 AfD-kandidatar døydde i løpet av to veker under dei lokale NRW-vala: Wolgang Seitz (Rheinberg), Ralph Lange (Blomberg), Stefan Benderes (Bad Lippspringe), Wolfgang Klinger (Schwerte), alle fire døydde brått og uventa. Ei utruleg opphoping av dødsfall, er det ikkje?’

Trass bekymringar som er uttrykte på sosiale media, veit ein ikkje mykje om omstenda bak dødsfalla til dei fire kandidatane, anna enn at dei døydde ‘uventa’, noko som tydar at ingen av dei til dømes døydde etter å ha kjempa mot kreft.

Per dags dato har ingen kome med nokon bevis for at AfD-kandidatane døydde av noko anna enn naturlege årsaker. I tillegg ser der ikkje ut til å ha vore noka politietterforsking i kjølvatnet av dødsfalla til nokon av dei fire individa.

Derimot, i Tysklands polariserte politiske miljø, er der inga overrasking at AfD-tilhengjarar er uroa for tryggleiken til kandidatane sine.

AfD-partiet er trass alt det mest angripne partiet i landet, inkludert overfall og andre former for vald, ifølgje offisiell statleg statistikk.

Lokalvala skal gjennomførast 14.september, men avisa Die Welt rapporterer at det siste dødsfallet var Ralph Lange, AfD sin direktekandidat for Blomberg-byrådet, som ‘døydde uventa’, ifølgje WDR og Lippische Landeszeitung, i tillegg til andre medieformidlarar. Eit tal reportasjar hevdar at han var anten 66 eller 67 år gammal.

Andre kandidatar var Wolfgang Seitz frå Rheinberg, visstnok 59 år gammal, saman med Wolfgang Klinger frå Schwerte, visstnok 71 eller 72 år gammal. Til slutt gjekk Stefan Benderes frå Bad Lippspringe bort, 59 år gammal.

Styresmaktene er under press for å trykkje nye røystesetlar, og når vala nærmar seg, er dei i betydeleg tidsnaud. I enkelte av dei råka distrikta, har nye røystesetlar allereie blitt sendt ut.

Enkelte veljarar har allereie førehandsstemt. Desse røystesetlane vil ikkje lenger vere gyldige og dei må røyste på nytt.

Welt siterer WDR og skriv at ‘ein AfD-kandidat (Wolfgang Klinger) i Schwerte (Nordrhein-Westfalia, Arnsberg administrative distrikt), og den 59 år gamle AfD-kandidaten Wolfgang Seitz i Rheinberg (Nordrhein-Westfalia, Wesel-distriktet) òg ‘døydde brått og uventa’ for nesten to veker sidan.»

One comment

Legg att svar til saksyndig Avbryt svar