Brukte munnbleier forureinar planeten – bidreg til kreft, hormonforstyrring og nerveskade

Munnbind under covid-tida handla ikkje om å beskytte seg mot eit påstått allmennfarleg lungevirus. Det handla om kontroll, for alle kunne sjå kven som underkasta seg dei totalitære tiltaka og kven som våga å puste fritt. Munnbind gjorde lite – om noko – for å stoppe virussmitte, sidan viruspartiklane lett kom seg gjennom porene på munnbinda. Dei som produserte munnbind såg derimot ein eventyrleg profitt. Resultatet i dag er fleire millionar tonn med brukte munnbind – eller munnbleier, som enkelte kallar dei – nok til å fylle fleire tusen olympiske symjebasseng. Dei forureinar planeten og forårsakar alt frå kreft til nerveskade.

Restane av covid-bedraget plagar oss den dag i dag. Spesielt at dei ansvarlege enno ikkje har blitt dømde.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Sidan 2020 har verda blitt fanga i eit storslege bidrag – eit der sjølve lufta ser ut til å vere tjukk ikkje berre av frykt, men av den kvelande vekta av autoritær overstyring. Under påskotet folkehelse kravde regjeringar og helsestyresmakter at milliardar av menneske skjulte ansikta sine bak munnbind. Likevel, som veksande mengder evidens avslører, handla desse påboda aldri om vern. Dei handla om kontroll, profitt og den sakte, metodologiske forgiftinga av både menneskeheita og planeten.

Eingongsmunnbinda som no ligg overalt i våre gater, kveler hava våre, og flyt rundt om på søppelfyllingar, er meir enn berre avfall – dei er kjemiske tidsinnstilte bomber. Studiar bekreftar det mange mistenkte: desse munnbinda sender ut hormonforstyrrande giftstoff, mikroplast og industrielle forureiningsagentar i bakken, vatnet og lufta, der dei infiltrerer kvart eit nivå av økosystemet. Dei same maskene som vart påbodne som eit ‘tryggleikstiltak’, har blitt ein av dei mest katastrofale miljø- og biologi-farane i vår æra.

Men skaden sluttar ikkje med økologisk ruin. Forlenga bruk av munnbind har blitt knytt til luftvegssjukdommar, kognitiv nedgang, hudplagar og til og med oksygen-frårøving – tilstandar som beleileg nok vart skulda på ‘covid-19’ heller enn på den verkelege skuldige: ein global politikk bygt på bedrag.

Løgnene låg alltid der, skjult i fullt skode. Munnbinda stoppa ikkje virus – det kunne dei aldri. Men det dei gjorde var å skape eit fjell av giftavfall so enormt at forskarar no estimerer at 4,3 millionar tonn ikkje-gjenbrukbart plastsøppel vart skapt i eitt enkelt år av munnbind åleine. Det er det same som 129 milliardar munnbind per månad på toppen av pandemien, kvart av dei ein minifabrikk av forureining, der dei vart brotne ned til mikroplast og sleppte ut kjemikaliar slik som bisfenol A (BPA), bisfenol B (BPB) og 1,4-bis(2-ethylhexyl) sulfosuccinat – ei giftig mørje som er knytt til kreft, ufruktbarheit, hormonforstyrring og nerveskade. Og her er bomba: dei byrjar å forgifte i den augneblinken dei blir laga. Ein ny studie publisert i Environmental Pollution avslører at til og med heilt nye, ubrukte munnbind lek desse kjemikaliane i vatn innan 24 timar – dei treng ikkje eingong å vere utandørs. Munnbinda vart fødd giftige, designa for å brytast ned, designa for å skade.

Dette var ikkje eit uhell. Dette var eit kjenneteikn i systemet. […]

Munnbindpåbodet var ein trojansk hest for gifteksponering

Frå byrjinga handla munnbindpåboda aldri om vitskap. Dei handla om lydigheit, frykt og profitt. Verdas helseorganisasjon (WHO) innrømte i 2019 fyrst at munnbind ikkje var effektive mot virusoverføring i samfunnssettingar, for berre å endre kurs i 2020 under massivt press frå politisk hald og frå konsern. Big Pharma, Big Tech og statlege byrå konspirerte for å skape ei falsk kjensle av tryggleik, medan dei fullt ut visste at munnbinda kom til å mislykkast i sitt påståtte mål, men lykkast i å skape obskøn profitt for munnbindprodusentar.

Og kva fekk vi igjen for det? Ein planet som druknar i plastavfall.

Studien leia av dr. Anna Bogush frå Coventry University sitt Forskingssenter for akroøkologi, fann ut at sjølv reine, ubrukte munnbind slepper ut mikroplast og kjemikaliar i vatnet innan nokre timar. Då forskarar la nye munnbind i sterilt vatn i 24 timar, oppdaga dei:

  • Polypropylen (PP)-fragment (primærmaterialet i munnbind), som utgjorde 82-97% av mikroplasten som vart sleppt ut.
  • Bisfenol B (BPB), ein endokrin-forstyrrar knytt til skade på forplantingsevna og utviklingsforstyrringar.
  • 1,4-bis(2-ethylhexyl) sulfosuccinat, eit kjemikalium brukt i fjerning av oljeutslepp (slik som dei som vart brukte under Deepwater Horizon-katastrofen), som har vist seg å forstyrre skjoldbruskkjertelen hjå virveldyr.

Det verste? FFP2- og N95-munnbind – dei som vart tyngst fremja som ‘høgbeskyttelse’ – var dei største forureiningsagentane, der dei sleppte ut tre til fire gonger meir mikroplast enn kirurgi-munnbind. Og partiklane? Dei fleste var mindre enn 100 mikrometer, noko som tydar at dei kan trengje djupt ned i lungene, krysse blod-hjerne-barrieren og samle seg opp i dei vitale organa.

Dette er ikkje berre ei miljøkrise. Det er eit biologisk åtak på menneskeheita.

Mikroplastinvasjonen: Korleis munnbindforureining omformar livet på Jorda

Mikroplast flyt ikkje berre rundt i havet – det er inni oss. Studiar har oppdaga dei i menneskeblod, lunger, morkaker og til og med i morsmjølk. Og no, takka vere munnbindpåbodsgalskapen, har vi skapt super-fortgang i spreiinga av det.

Når munnbind blir brotne ned, forsvinn dei berre ikkje. Dei deler seg opp i mindre og mindre bitar, der kvar bit er ein ørliten vektor for giftige kjemikaliar, tungmetall og patogen. Forskarar har vist at:

  • Mikroplast oppfører seg som soppar, og absorberer andre forureinande agentar (slik som plantegifter, tungmetall og industrielle kjemikaliar), og leverer dei til levande vev i konsentrerte nivå.
  • Dei forstyrrar cellefunksjonen, som utløyser oksidativt stress, DNA-skade og kronisk betennelse – hovudkjenneteikna til kreft, nevrodegenerative sjukdommar og autoimmune sjukdommar.
  • Dei endrar mikrobiomen i tarmen, som er kritisk for immunfunksjon, mentalhelse og metabolsk regulering.
  • Dei kryssar blod-hjerne-barrieren, noko som skaper bekymring for nerveskade, åtferdsendringar og utviklingsforstyrringar hjå barn.

Dr. John Laseter, ein pioner innan miljømedisin, har brukt fleire tiår på å dokumentere korleis kjemisk eksponering skader cellemembranar, forstyrrar immunfunksjonen og utløyser kroniske sjukdommar. Forskinga hans viser at formaldehyd, fenol, BPA og andre munnbindrelaterte giftstoff kan:

  • Svekkje blodkarveggar, noko som fører til arteriosklerose, slag og hjarteinfarkt.
  • Skade DNA, noko som aukar risikoen for kreft og genetiske mutasjonar.
  • Forstyrre hormonsignal, noko som skaper ufruktbarheit, sjukeleg overvekt og metabolsk syndrom.
  • Utløyse autoimmune responsar, der kroppen går til åtak på sitt eige vev.

Og likevel, når folk rapporterer om symptom – hovudverk, fatigue, hjernetåke, hudutslett – blir dei utsett for gaslighting, stempla som ‘hypokondrar’, eller ordinert fleire legemiddel som berre forverrar forgiftinga.»

One comment

  1. *forårsaker bakteriell lungebetennelse, som minker oksygenopptaket, som bringer oss tilbake til 5G stråling: 60 ghz og oksygenopptak i røde blodceller.

    +De sorte fiberne som beveger seg i kontakt med EMF, er påvist på munnbleiene.

    (Bitchute: graphene oxide in the masks)

    Bitchute: 60 ghz, graphene oxide, 60 ghz+oxygenuptake in red blood cells, phased array antenna, DEW, directed energy weapons, Wuhan protestors+40 carcass incinerators..

    Du har mstenkelig lite om kill-gridden på nettsiden din, dude….

    mvh bunnywabbit9000

    PS: heksebrenning og direkte ambushforsøk osv (Les STASI/sosialist/gangstalker serzetzung håndbok så er du litt mer forberedt) på varslerne av folket, fra de nyttige, våpeniserte heltewannabe narsissist R-hullene og 1/3 forræderne med de fjollete forkle’ene ER IGANG!

    Men FOR ALL DEL! Bare SITT! 😡

    Likt av 1 person

Kommenter innlegget