NAV – Pengesluket ingen vågar å røre

I ein oppsiktsvekkjande og tankevekkjande artikkel publisert på iNyheter 8.oktober 2025, tek Benjamin Bringsås føre seg sjølve mastodonten i Noreg: NAV. Dette umettelege, ineffektive og dysfunksjonelle monsteret med fleire hovud kostar oss svimlande 80 millionar kroner i timen, over ein tredel av heile statsbudsjettet. Som Bringsås skriv innleiingsvis:

«Når én etat alene bruker mer penger enn nesten alt vi forbinder med staten, bør spørsmålet ikke være om det finnes rom for effektivisering, men hvor mye

Ingen med sjølvopphaldingsdrifta i behald vågar å røre den heilage kua NAV. Nesten ingen politikarar, byråkratar, tenkjetankar eller medieaktørar snakkar om effektiviseringstiltak: «Enhver antydning om kutt blir møtt med moralsk panikk og politisk selvmord». NAV har på denne måten blitt eit pengesluk som ingen tør røre. Dette er spesielt kritikkverdig i ei tid der Noreg ser ut til å mangle pengar til essensielle tenester i samfunnet, men samstundes har rikeleg med pengar å sende til ein meiningslaus krig i Ukraina.

Bringsås har funne ut at dei samla kostnadene til NAV ligg på 717 milliardar kroner i statsbudsjettet. Dette tilsvarer utrulege 35,5% av heile statsbudsjettet. 651% av forsvarsbudsjettet, 8,3 gonger meir enn dei samla utgiftene til bistand, kultur og NRK. For å setje tala i perspektiv:

«Utgiftene løper til 1,96 milliarder per døgn, 81,6 millioner per time og 1,36 millioner hvert minutt.

NAV bruker på under fire døgn det NRK får fra staten på et helt år – og omtrent to uker på å bruke like mye som hele landbruket får. Det tar bare to døgn for NAV å bruke tilsvarende alle statens tollinntekter for et helt år.

Hele personskatten fra landets personlige skattytere går i praksis med til å finansiere NAV-systemet, ifølge Finansdepartementets definisjon – som inkluderer inntektsskatt, trinnskatt, trygdeavgift og formuesskatt.

Alle de klassiske avgiftene – samtlige skatteutgifter på bil, tobakk, alkohol, strøm, toll og alle de øvrige særavgiftene – tilsvarer under to måneder med NAV-utgifter.»

Dette er oppsiktsvekkjande, tankevekkjande og ikkje minst skandaløst. Kvar sjette krone som blir generert i heile fastlandsøkonomien forsvinn i NAV-gapet. Kvar einaste innbyggjar kunne ha fått 128 000 kroner i året i «borgartrygd» om alle NAV-utgiftene vart fordelte på oss.

For å gje det inn med teskei:

«NAV-systemet koster mer enn dobbelt så mye som forsvar, samferdsel, politi, rettsvesen, kriminalomsorg, høyere utdanning, forskning, barnevern og beredskap – til sammen.»

Kor blir det eigentleg av alle pengane? Dei som jobbar i NAV tener då ikkje so godt, heller ikkje alle dei ubrukelege direktørane som fyrst og fremst er der for å grafse til seg høgast mogleg lønn for minst mogleg arbeid. Bringsås tek her ei føremålstenleg utrekning:

«Alderspensjon står for omtrent 48 prosent av Folketrygdens samlede utgifter. Uføretrygd utgjør 18,9 prosent, sykefravær og arbeidsavklaring 17,3 prosent, familie og helse 10,8 prosent, og øvrige sosiale formål og arbeidslivstiltak 5,1 prosent.»

Det er i kategoriane uføretrygd og sjukefråvær/arbeidsavklaring at «både økningen og misbruken er mest bekymringsverdig». Her er det kraftigast vekst, og Noreg skil seg dramatisk ut i internasjonal samanheng. Desse ordningane har nemleg over tid blitt so sjenerøse at dei «deinsentiverer arbeid og forsterker passivitet». Kvifor slite seg ut i ein jobb med dårleg leiing og rotne kollegaer når ein kan sitje på ræva heime og motta pengar for å gjere ingenting? Fleire og fleire har skjønt det – spesielt våre nye landsmenn, som dagleg landar på Gardermoen i det eine fullasta flyet etter det andre. Problemet med innvandrarar som ikkje jobbar blir ikkje teke opp av Bringsås i nemnde artikkel, men ein annan artikkel publisert same dag av Ashish Kumar Bhargava, er verdt å få med seg.

Statistikken er mildt sagt dyster. Det har skjedd ei dobling på berre ti år i talet unge i arbeidsfør alder som står utanfor arbeidslivet. Sjukelønnsordninga har auka kraftig i utgifter, «delvis grunnet systematisk misbruk». OECD har faktisk åtvara Noreg om at vi må redusere både sjenerøsiteten og varigheita til ordninga. Den er ekstremt lite berekraftig.

Noreg har sannsynlegvis det høgste sjukefråværet i verda, fordi vi er eit av få land der ein får like godt betalt når ein er sjuk, som når ein møter på jobb og gjer si fordømte plikt. Sjukefråværet i Noreg kosta i 2023 45,8 milliardar, og i 2025 har talet auka til 71,3 milliardar. Dette er ein auke på over 55%. Korleis vil tala for 2027 sjå ut?

Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.

At velferdsstaten manglar berekraft, er noko sjølv den infamøst udugelege og folkefiendtlege Solberg-regjeringa har vedgått:

«Også Perspektivmeldingen fra Solberg-regjeringen i 2021 underbygget påstanden om velferdsstatens manglende bærekraft og advarte om at ‘handlingsrommet i statsfinansene gradvis vil forsvinne dersom utgiftene fortsetter å vokse som i dag’.

Også da ble det varslet om at antallet eldre og trygdemottakere vil øke kraftig, mens andelen i arbeid flater ut, og at ‘stadig flere må forsørges av færre yrkesaktive’.»

Saksyndig kan i farten kome på to tiltak som straks ville ha ført til ein merkbar reduksjon i dei enorme utgiftene til NAV: innføre karensdag ved sjukefråvær, og innføre strengare asylpolitikk (mottaksstopp av nye flyktningar, reelle og sjølverklærte, og retur av alle som ikkje vil late seg integrere i samfunnet). Når det gjeld fyrstnemnde, ser det ut til at visse arbeidsgjevarar har teke saka i eigne hender når det gjeld å redusere utgifter til sjukefråvær hjå tilsette.

Sjå òg «Arbeidsgjevar har skapt høgt sjukefråvær: Vil sende leiarar på kurs i å avvise sjukmeldingane til utslitne tilsette», publisert 4.oktober 2025.

Noko må gjerast, og det raskt.

Kommenter innlegget