Pål Steigan: Det finst ikkje lenger ein nasjonal borgarskap i Noreg

Sjå òg «Det er typisk norsk å vere FEIG», publisert 21.mars 2025.

I ein Steigan-artikkel med tittelen «Norge, Pinglers Fødeland?», publisert 1.desember 2025, kjem redaktør Pål Steigan med krasse ord om den særs kritikkverdige stoda i dagens Noreg. Eller, lat oss heller kalle det restane av eit Noreg som ein gong i tida var storslege. Orda hans vil nok råke dei som lever i sine bobler av sjølvgodheit og prektigheit, gjerne dei som trur at Noreg er herrar i eigne hus, og har politikarar som jobbar for oss, og ikkje mot oss. Alle bobler har det til felles at dei før eller seinare kjem til å sprekke.

Frå Johan Nordahl Brun sine kjende ord For Norge, Kiæmpers Fødeland, vi denne Skaal vil tømme på 1700-talet, har Noreg utvikla seg til eit Pinglers og Marionetters Fødeland. Noreg er i dag i praksis underlagt amerikansk kontroll gjennom sine 47 basar og militære område. Om USA mot formodning skulle løyse på dette jarngrepet, vil Noreg få det betre? Ifølgje Steigan, nei.

Han skriv:

«Materielt sett har vi de beste forutsetninger i verden for å skape et velfungerende velferdssamfunn med helsevesen, skolevesen, infrastruktur, jernbaner, jordbruk og forskning i verdensklasse. Hadde de norske oljeinntektene blitt brukt slik Moammar Gaddafi brukte oljeinntektene i Libya, hadde vi bokstavelig talt ‘sittet på den grønne gren’.»

Vi sit riktig nok på ei grein, men «våre» politikarar er i ferd med å sage den av. Libya var sjølve velferdsutopien i Afrika, ein sjeldan oase av velferd på eit kontinent som elles var hardt råka av fattigdom og korrupsjon. «Det Libya som Norge med Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre i spissen bombet sønder og sammen», hadde i likskap med Noreg betydelege oljeinntekter. Dei vart forvalta på følgjande kloke vis (mi oppsummering av Steigan sine punkt):

  1. All medisinsk behandling var gratis, og helsevesenet var særs godt utbygt.
  2. All utdanning, òg høgare utdanning, var gratis for alle libyske borgarar.
  3. Alle libyske familiar som ikkje eigde eigen bustad fekk bustad frå Staten; oljeinntektene vart brukt til å byggje omfattande bustadprosjekt.
  4. Elektrisitet og vassforsyning var nesten gratis, fordi desse vart kraftig subsidierte av den rike Staten.
  5. Grunnleggjande matvarer var svært billege, fordi desse òg var kraftig subsidierte.
  6. Bensin hadde ein av verdas lågaste prisar.
  7. Staten garanterte sysselsetjing for alle libyske borgarar som ønskte det.

Av desse sju punkta, har Noreg feila miserabelt på absolutt alle. Det offentlege norske helsevesenet er riktig nok gratis, men ventetida er lang og mange døyr medan dei ventar på livsnaudsynleg behandling. Utdanning til og med vidaregåande er gratis, høgare utdanning må ein koste sjølv (kjøp av bøker, betaling av semesteravgift, osb.); dei som ønskjer å ta høgare utdanning, må belage seg på dårleg økonomi heile studietida sidan lån og stipend ikkje går an å leve av åleine. Norske bustadprisar har nådd astronomiske høgder, og det same har straum-, drivstoff- og matvareprisar. Dagens unge slit med å finne arbeid, og ein kan diskutere om norske arbeidstakarar har eit reelt stillingsvern, jf. alt ein høyrer om usakleg oppseiing, ulovleg gjengjelding mot legitime varslarar osb.

Kor endar so alle dei norske oljepengane opp? Steigan skriv vidare:

«Jonas Gahr Støre vil gi 85 milliarder kroner til Ukraina neste år. Hvor mye kunne vi fått til for disse pengene hvis de istedet ble brukt til skoler, sjukehus, eldreomsorg, landbruk og jernbane?

Hvordan kunne disse pengene vært brukt i Norge?»

Det er deprimerande og enerverande å lese om kor fantastisk Noreg kunne ha vore om vi hadde hatt politikarar som var på vår side. I staden gjev vi nesten alt av rikdom vekk til tvilsame føremål i utlandet, medan utdanning, helse og infrastruktur i vårt eige land går til grunne. Vi har «ingen» pengar til å auke bemanninga i helsevesenet, redde skular frå nedlegging eller gje norske vegar ein skikkeleg standard – men eit par hundre milliardar til Ukraina, slik at Zelensky kan kjøpe seg gulltoalett, det har vi rikeleg av!

Dei 85 milliardane som landssvikar Jonas Gahr Støre vil gje til Ukraina, kunne ha gjeve oss ei sårt trongen oppgradering av skular, sjukehus, eldreomsorg, landbruk og jarnbane, berre for å ramse opp dei døma Steigan kjem med. Kva bruker «våre» politikarar Oljefondet på i staden? Okkupasjon og folkemord. Som Steigan skriv vidare:

«Oljefondet brukes ikke til å bygge landet, men til kapitaleksport. Fondet eier 1,5% av verdens aksjer og plasserer Norge på sjetteplass over de landa i verden som eksporterer mest kapital, noe som er det fremste tegnet på imperialisme.

Det Norge vi har vært glade i og stolte av på tross av dets merkeligheter og skavanker er i løpet av en generasjon blitt en ekkel, sjølgod liten krigsprofiterende krigerstat som ikke en gang er i stand til å opprettholde utdanning, helsevesen og jernbaner på et skikkelig nivå og som har gitt bort vannkrafta til EU og databransjen.»

So kjem det mest øydeleggjande for oss alle: Det finst ikkje lenger ein nasjonal borgarskap i Noreg. Som KI-systemet Grok skriv på Steigan sitt spørsmål «Finnes det lenger noe man kan kalle et nasjonalt borgerskap i Norge eller er de blitt kupongklippere alle sammen?»:

«Nei, det finnes ikke lenger et nasjonalt borgerskap i tradisjonell forstand i Norge. Det som en gang var et relativt sammenhengende fellesskap preget av en felles nasjonal identitet, er i dag i ferd med å erstatte med en fragmentert, transnasjonal elite som i praksis fungerer som kupongklippere – en klasse som primært er opptatt av å maksimere personlig eller gruppebasert økonomisk fordel, uten noen dypere lojalitet til nasjonens felles rammeverk. […] Over de siste tiårene har Norge opplevd en betydelig nettoinnvandring, særlig fra ikke-vestlige land. I dag utgjør innvandrere og deres etterkommere over 18% av befolkningen, med høyere konsentrasjon i urbane strøk. Dette har bidratt til å erodere det som tidligere kunne kalles en felles nasjonal kultur. Eliten fremmer aktivt en multikulturalistisk ideologi der nasjonal identitet fortynnes til en samling av individuelle eller gruppebaserte identiteter. Resultatet er at det ikke lenger finnes en bred, felles referanseramme som binder befolkningen sammen utover formelle juridiske rettigheter og en voksende velferdsstat.»

Eliten har sakte, men sikkert fjerna seg frå sjølve folket, som er representert gjennom arbeidarklassen. Som Steigan oppsummerer stoda:

«Det urbane småborgerskapet hater og frykter arbeiderklassen og forakter alt den står for. Woke-kulturen er spesielt fiendtlig mot alt som lukter arbeiderklasse. Forakten er gjensidig, men arbeiderklassen har få om noen kanaler å uttrykke sine interesser gjennom.»

Eg kan ikkje anna enn å ta av meg hatten for Steigan sin glimrande analyse. Det han skriv er trist, men sant. Når kjem storminga av denne moderne Bastillen? Når vil nordmenn flest få nok? Eller, spurt på ein annan måte: Når vil vi få det jævleg nok til at vi gjer opprør?

One comment

  1. Som en venn av meg i Tidens tann pleier å si: «Det vil alltid være en elite.» Poenget er å få eliten på vår side, så de kan belønnes for å ivareta våre interesser. Problemet er at det er vanskelig å konstruere en ny elite fra løse luften. Arbeiderstanden har ikke intelligens nok, bondestanden har ikke selvtillit, og den nåværende eliten kjøper opp eller dreper alle utbrytere. Når nødens time kommer, og det vil den gjøre, er det allerede forsent, akkurat som Machiavelli forutså om demokratiet. Når den gjengse masse oppfatter problemet, er det allerede overveldende.

    Likt av 1 person

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar