Saksyndig om kjønnsdrift, Jantelova og menneskehistoria (del 1)

Etter å ha blitt inspirert av «Carl Svensson» (Lysalv) sitt briljante essay med tittelen «Om kvinner», som eg valde å publisere i tre delar, forsøker eg meg her på eit liknande ambisiøst føretak: eit lengre essay om kjønnsdrift, Jantelova, manns- og kvinneroller og den giftige, særnorske misunninga. Dette essayet gaper fryktlaust over heile den kjende menneskehistoria, og eg flettar i tillegg inn mine eigne erfaringar der dette passar. Eg har ein mistanke om… Nei, eg forventar at denne teksten vil setje sinna i kok og få både menn og kvinner til å trekkje i skyttargravene.

Lesaren er på førehand mildt åtvara. Dette blir Saksyndig utan filter. Dette blir akademisk og litterær galskap. Dette blir augneblinken der Saksyndig hoppar over haien. Mine fiendar vil til og med kalle det hybris. Rubicon har blitt kryssa, det er ingen veg tilbake.

Kvinner og menn har sidan tidenes morgon utfylt kvarandre på alle område, alt frå sjølve utforminga av kjønnsorgana, der penis glir perfekt inn i vagina (slik at dei to dermed utfyller kvarandre anatomisk sett!), til fordeling av roller i forholdet. Alt handlar om å overføre genane sine til neste generasjon. Kvinna tek den biologiske risikoen ved å bere fram eit barn og føde det – noko som historisk sett har vore ein særdeles farleg affære, medan mannen tek på seg rolla å forsvare kvinna og avkomma – noko som òg har vore ganske so farleg.

Mannen er biologisk skapt til å besvangre, og dette fører til at det for ein frisk mann er ein særs kort og enkel affære å kome inni ei kvinne. Vagina er frå naturens side designa for å vere so mjuk og behageleg som mogleg – slik at mannen kan ejakulere fortast mogleg. Kvinna, frå si side, krev litt meir for å «kome», for kvinneleg orgasme er ikkje ein føresetnad for graviditet. Faktisk har mange gråsprengde forskarar og filosofar i uminnelege tider undra seg over kvifor kvinner i det heile teke får orgasme. Her stridst dei lærde. Har det med utskiljing av kjærleikshormonet oksytocin å gjere? Dette hormonet blir utskilt under fødsel, ved amming og – interessant nok – under orgasme. Er dette tilfeldig, eller ligg det noko bak? I mannen sitt tilfelle skal det her påpeikast at ejakulasjon og orgasme er to ulike prosessar som hjå dei fleste tilfeldigvis skjer samstundes. Eg vil òg skyte inn at alle foster byrjar som hokjønn, slik at penis i prinsippet er ein forvaksen klitoris. Stimulering av klitoris (som kan reknast som ein miniatyr-penis) hjå kvinner er ein sikker veg til orgasme. I enkelte kulturar blir difor klitoris skoren av på jentebarn.

Kjønnsdrifta er bokstavleg tala livsviktig, for den får oss til å ønskje vidareføring av slekta. Slik har det vore i uminnelege tider, men i vår moderne tid ser ikkje dette lenger ut til å vere ei naturlov. Enkelte krefter prøver å øydeleggje dette urgamle, gjensidig nyttige forholdet. I staden for å vere to partar som perfekt utfyller kvarandre, blir menn og kvinner no lært opp til å frykte og avsky kvarandre, og sjå på kvarandre som konkurrentar. Resultatet er at kjernefamilien i Vesten har gått i oppløysing, og fødselsraten fell som eit blylodd.

Måten dette har blitt gjort på er eit meisterstykke i manipulasjon og propaganda. Få andre kjensler trumfar lysta til å pare seg. Faktisk kan eg berre kome på to. Den eine kjensla er frykt, som våre fiendar godt veit. Ein redd mann blir impotent og ynkeleg, ei redd dame blir frigid og aggressiv.

Den andre kjensla, for å gå over til eit heilt anna tema enn biologi, kjønnsdrift og kjønnsorgan… Eg har personleg erfart at i Noreg er misunning ei sterkare kraft enn kjønnsdrifta. Ingen likar folk som skil seg positivt ut, og det er rekna som ei kardinalsynd å fortelje om sine bragder. Dei som skryter blir straks stempla som arrogante og hovmodige, og som nokon som reknar seg sjølve som høgt heva over «den gemene hop». Når du stikk hovudet fram, må du forvente å bli halshoggen, kan ein trygt seie.

Grunnen til dette nærast innebygde hatet mot intelligens hjå den middelmåtige massen, er ganske so enkel etter mitt syn: Folk fryktar dei som er smartare enn dei sjølve. Det innrømmer eg at eg sjølv òg gjer, dei få gongene eg faktisk møter nokon som er smartare enn meg sjølv. For dei som er smartare enn oss, vil kunne vinne over oss og utsetje oss for ting vi ikkje kan førestille oss i våre verste mareritt. Sjølv eliten, vår fiende, fryktar dette, og med rette. Intelligens er medfødd, og dannar eit viktig grunnlag for klokskap. På grunn av dette biologiske faktum, er det urealistisk at alle kan gjerast like kloke. Då må ein i staden gjere alle like ukloke. «Forsvarsmekanismen» er å lage eit system der ingen skal bli for smarte, og der kritisk, sjølvstendig tenking blir frårådd. Middelmåtigheit og konformitet – flokkmentalitet. Noreg tronar i denne samanhengen på verdstoppen, og her vil eg nytte høvet til å gratulere det norske skulesystemet, som med sine tallause «reformer» har gjort dagens ungdom dumme som brød!

Eit slikt undertrykkingssystem, der alle skal gjerast like middelmåtige, er best kjent som Jantelova, som Aksel Sandemose briljant formulerte i romanen En flyktning krysser sitt spor (1933). Nynorskordboka definerer nemnde lov som eit «sett av levereglar som massen bruker for å halde nede menneske som merkjer seg ut med gode evner, suksess, rikdom eller liknande». Når det gjeld Sandemose sin roman, presenterer bokmåls-Wikipedia følgjande informasjon:

«Romanen handler om Espen Arnakke, som har drept en mann ved navn John Wakefield. Ettersom Espen er oppdratt til å fortrenge seksualitet og følelser takler han ikke forhold med kvinner. Han blir uansett håpløst forelsket tre ganger, men tåler det ikke. John Wakefield kaprer en av forelskelsene hans, Eva. En beruset og sint Espen dreper sin gode venn som følge av dette. Han bruker resten av livet på å finne ut hvorfor. Han ble oppdratt til angst for seksualitet og følelser, og han fortrengte disse følelsene. Her formulerer Sandemose Janteloven, de uformelle, men allikevel svært gjeldende lovene i samfunnet og da særlig i småbyene. Mordet det snakkes om, ble begått av Espen Arnakke i den tidligere utgitte romanen En sjømann går i land (1931). En flyktning krysser sitt spor er et ruvende verk i norsk litteraturhistorie, og et dybdepsykologisk innblikk i samfunnets undertrykkelse og underkuelse av individet, noe som var typisk for nyrealismen.»

Dette er ikkje bagatellar. Fyren myrdar faktisk eit anna menneske fordi dama han er forelska i blir «stolen». Han er ikkje den fyrste som har gjort dette, og han blir langt ifrå den siste. Sjølv har eg ved minst eit par høve møtt arketypen på John Wakefield, ein mann som er so usikker på seg sjølv (og som har sterke psykopatiske trekk, ikkje minst!) at han er avhengig av ekstern bekreftelse gjennom stadige «erobringar» av det svake kjønnet. Han kunne ha fått kven som helst, men valde å forføre Eva, den dama som Espen Arnakke-arketypen var forelska i. Dette er gjort med vondskap fordi John Wakefield er sjalu på intellektet til Espen, som hans eige ikkje kan matche. John Wakefield får svar på tiltale, og må bøte med livet for sin hybris. Blandar ein seksuell frustrasjon med høg intelligens, får ein død og dommedag. Dette er vel eit soleklart bevis på at den middelmåtige hop (og eliten) har gode grunnar til å frykte folk som er smartare enn dei sjølve.

Espen og John blir i Wikipedia-artikkelen framstilt som «gode venner». Ein kan gjerne diskutere om dei to nokosinne var venner. John lest som han tok på seg mentorrolla, medan han i røynda var ute etter å dominere og audmjuke. Slike psykopatar trivst ikkje godt i eige selskap, fordi dei er sin verste fiende. Dette erfarte eg personleg då eg var yngre, ved at dei eg rekna som mine venner hadde ein agenda som mildt sagt ikkje var i samsvar med det som er rimeleg å forvente i ein vennskap. Venner bruker ikkje svakheiter mot kvarandre, og bryt ikkje ut i open krig ved den minste bagatell.

Vi kan fint trekkje inn darwinistisk teori i samspelet mellom Espen-typen og John Wakefield-typen. Naturen favoriserer sterke, handlekraftige alfahannar som er komfortable med hokjønnet. Kvinner er av natur farleg farvatn, og for den uerfarne sjela kan dei vere direkte dødelege. «Erfarne navigatørar» får genane sine overført til neste generasjon, medan slike som Espen blir valt vekk fordi dei rett og slett ikkje kan setje grenser og forsvare seg mot fiendar. Denne kunsten beherskar John til fingerspissane, men med på kjøpet får ein mindre hyggjelege trekk slik som egoisme, hedonisme og reinspikka psykopati. Difor eksisterer det framleis John Wakefield-ar i verda, sjølv om all sunn fornuft burde tilseie at slike monster skulle ha blitt utrydda for lengst.

Det finst derimot framleis Espen Arnakkar i verda, noko som tydar på at dei òg stundom lykkast i å overføre genane sine. Dei ser diverre ut til å vere i eit betydeleg mindretal, og vekkjer difor oppsikt kvar gong dei dukkar opp. Om dei veks opp i eit lite, sneversynt bygdesamfunn, er dei derimot dømt til eit liv i armod, hån og manglande tilgang på viljuge kvinner. Høg intelligens er eit tviegga sverd som kan skape fortviling, frustrasjon og djup personleg krise – med mindre ein kombinerer det med det eg kallar strategisk psykopati (hjå dei lærde er dette betre kjent som machiavellisme).

Eg kjem ikkje til å dele nokon av desse triksa her på Saksyndig. Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. Verktøya er kraftige, effektive og farlege, og må fyrst og fremst sjåast på som ein overlevingsstrategi. Etikk og moral hamnar difor i andre rekkje – om ein skal gidde å ta dei med i reknestykket i det heile. Dei krev ikkje minst kunnskap, klokskap og livserfaring. Uvørden bruk av dei kan slå tilbake på deg sjølv og øydeleggje deg. Eg skal her vedgå at eg nok har lært av ein del meistrar – naturlegvis ufriviljug frå deira side. Mitt store fortrinn her er at eg er den typen menneske som lyttar meir enn eg snakkar, og som difor kategorisk blir stempla som introvert (og dermed uverdig å tilbringe tid saman med). Ingen veit heilt kor dei har meg, og slike mennesketypar er langt vanskelegare å kontrollere.

Dei fleste vil før eller seinare vise sine sanne ansikt. Eksponering gjer dei ufarlege. Ein må byrje å sjå John Wakefield-typen for det han er: ein skamlaus skrytepave og sjølverklært alfahann, som har ingenting positivt å tilføre verda. Slike vil før eller seinare møte sin banemann, altso at han køddar med feil person og må døy. I slike tilfelle er utrydding av individet den einaste riktige tingen å gjere, for dei som gjer verda til ein verre stad, vil gjere verda til ein betre stad om dei forlèt den. Ei verd utan John Wakefield er å føretrekkje. Om alle slike avskum skulle døy i morgon, ville eg fryde meg. Og kvar ein gong eg har kome inni ei kvinne, har eg sett på dette som ein biologisk siger over John Wakefield-ar som trudde dei kunne undertrykkje eller utrydde meg.

Framhald i neste del.

3 comments

  1. Intelligens er ingen «be all end all,» kanskje dessverre for de intelligente. Enhver egenskap inngår i en sammenheng. Sagt på en annen måte: Ingenting rettferdiggjør seg selv. Bare se på Sylvia Plath. Damen med 160 IQ som kollapset på en nerveinstitusjon.

    I naturen er det slik fordi det skal være slik. Det er bedre at jocks får jokke damene på highschool enn at nerdene får det. Hvis ikke ville ikke menneskeheten eksistert, men kollapset med genfeil for svært lenge siden.

    En gang var jeg vitne til at en kar slo seg på brystet under en fest i Trøndelag og erklærte høylydt: «Eig tjena 30 000 krona i månten!» Den kvelden knullet han en blondine. Dette er nemlig det damer tenner på. For å skaffe et kvinnfolk, kan du ankomme festen ved å parkere med en brekksving, brøle høyt når du går gjennom døren og gjøre bombastiske erklæringer om din inntjening. Da blir damene kåte.

    På videregåendeskolen jeg gikk på var det en dame kalt «Puppe-Mona,» fordi hun hadde helt gigantiske, enorme faste bryster, samt en velproporsjonert aristokratisk kropp i tillegg. Alle menn ville foretrekke henne fremfor den grå musa som jobber i bibilioteket. Vær ærlig.

    Det er slik fordi det skal være slik.

    Før i tiden var det sånn at menn giftet seg med kvinner for deres skjønnhet, mens kvinner giftet seg med menn på grunn av deres forsørgerevne. På den måten kunne kjedelige revisorer få tilgang til cheerleaders. Resultatet ble kroppslige robuste barn med en viss intelligens. Dette er den K-selektive metoden, som forutsetter en samfunnsorden og et hierarki.

    Nå er det slik at damene foretrekker den mest brutale typen, fordi staten tar seg av forsørgeroppgaven (inntil videre) Dette er den R-selektive metoden, eller jungelens lov. Resultatet blir barn som er sterke og psykopater, mens intelligens ofte blir en ulempe. Intelligens får deg nemlig til å nøle, vurdere og stille spørsmål.

    En gang var jeg i et mislykket forhold, der dama mente at jeg lett ville vinne i nærkamp med en av hennes tidligere elskere. Jeg var jo smartere. Det er antakelig riktig. Det går an.

    Men med mindre man gjenetablerer en samfunnsorden og kontrollerer seksualiteten, er det stort sett jungelens lov som teller.

    Likt av 1 person

  2. Lysalv er inne på noe interessant her. «Men med mindre man gjenetablerer en samfunnsorden og kontrollerer, seksualiteten, er det stort sett jungelens lov som teller». Det er en grunn til at naturtilstanden eksisterer. De sterkeste får formere seg, slik er det bare. Nåværende samfunnsorden ser derimot ut til å ha snudd alt på hodet: også de fra naturens side svake individ får formere seg. Såkalte «nerder» får også avkom, noe som jo kan sies å være i strid med vår urgamle orden. Og derav følger «genfeil» som tilfeldigvis (?) opptrer sammen med høy intelligens (nevrotisisme, nærsynthet, hjerteproblemer, økt risiko for visse kreftformer). Ikke for å benekte at «jocks» også kan ha disse problemene, det er som på engelsk «the squeaky wheel gets the grease» – den som roper høyest, får.

    Om 30 000 i månedslønn er «inntektsgrensa» for å få pule i Trøndelag, lover nok dette godt for de fleste i lønnet arbeid 😉

    Likar

Legg att svar til Lysalv Avbryt svar