Saksyndig om kjønnsdrift, Jantelova og menneskehistoria (del 3)

Framhald av del 2. Sjå òg Del 1.

Eg sjølv var stefar til ein liten gut i halvanna år. Mora til ungen, her kalla «Vendela», var ein sjukepleiar som jobba ein etasje under meg på sjukeheimen eg jobba på. Barnefaren hadde nyleg fått sparken frå ein godt betalt jobb etter ein konspirasjon på arbeidsplassen, og var langt nede psykisk. Dei to var gift og budde i eit rikmannsstrøk i Åsane bydel i Bergen. «Vendela» tok ut skilsmisse fordi ho hadde innsett at mannen var ein elendig far for ungen (og ikkje minst at ho som einsleg forsørgjar ville få dobbel barnetrygd og eit større tal «sjukt barn»-dagar). Ho hadde òg innsett at ho ikkje kunne ta seg av ungen åleine og jobbe 100% som sjukepleiar på ei travel korttidsavdeling. So fort separasjonen var underskriven, opna ho seg for meg og inviterte meg inn i den våte, mjuke, glatte varmen.

I praksis hadde Vendela bukta og begge endane. Barnefaren skulle ha ungen nokre timar i veka, og eg som «vikarpappa» skulle hjelpe ho med han når han ikkje var i barnehagen. Som lønn for strevet fekk eg tilgang til ho, gjerne om kvelden etter at ungen låg og sov, eller på dagtid, når ungen var i barnehagen og vi begge hadde fri. Når små ungar søv, søv dei tungt. Difor kunne vi ha temmeleg høglytt sex medan ungen låg ein meter frå oss i barneseng i same rom. Det var ikkje alltid vi brukte kondom heller, for overvektige damer over 30 har langt mindre sjanse for å bli gravid enn unge, slanke, vakre damer. Ho tok ei angrepille fyrste gong eg «ved eit uhell» kom inni ho, men vart sopass kvalm og dårleg av den at ho ikkje tok den igjen. Eg meiner å hugse at eg faktisk vippsa ho pengar for den ganske dyre angrepilla.

For å gjenta meg sjølv: i Noreg er misunning ei sterkare kraft enn kjønnsdrifta. Folk legg seg opp i ting dei ikkje har noko med, og snakkar bak ryggen på deg. Alliansar blir oppretta og konspirasjonar blir planlagde. Etter kvart vart forholdet til Vendela og meg kjent på heile sjukeheimen. Eg opplevde at fleire kvinnelege kollegaer kom til meg og uttrykte bekymring over at eg hadde valt å bli i lag med den overvektige, «labile» sjukepleiaren og ikkje, til dømes, den single, svært so ivrige filippinardama som hadde sikla etter meg i lengre tid. Eg kunne ikkje gjere anna enn å trekkje på skuldrene. Kor var desse «siklande damene» då eg var singel?

Sjå òg «Minnet om Sheryl», publisert 10.mai 2025.

Stemninga blant filippinardamene på sjukeheimen vart etter kvart ein smule amper. Ei av dei sa ein gong rett ut til meg at Vendela hadde ein dårleg effekt på meg. Eg var ikkje lenger like blid og energisk, eg såg rett og slett sliten og «sjuk» ut. Til hennar forsvar var eg sliten, og eg sleit med nok eit virus som den vesle guten hadde plukka med seg frå barnehagen. Eg forsikra ho om at alt var i orden. Ho trudde meg ikkje.

Nokre månader ut i forholdet kalla dåverande einingsleiar meg inn til ein samtale. Mannen i byrjinga av 60-åra fortalde meg at bakgrunnen for at han kalla meg inn til samtalen, var at eg hadde søkt på ei ledig stilling i ei av dei to korttidsavdelingane. Eg jobba på den tida på somatisk langtidsavdeling, og ønskte å utvide min erfaringshorisont (på godt norsk: eg var møkklei av å ha ustabile, detaljstyrande «Christine» som leiar!). Einingsleiar, som var tydeleg skamfull, sa at han diverre ikkje kunne gje meg stillinga på grunn av forholdet eg hadde til Vendela. Hennar sjef, «Agate», hadde gått til han og protestert (!). Problemet var ikkje at eg hadde søkt på ei stilling i korttidsavdelinga, for eg hadde søkt stilling i naboavdelinga til Vendela. Problemet var at vi ville få same sjef, og det ville ikkje Agate ha noko av. Eg godtok dette, sjølv om eg kanskje burde ha kontakta min hovudtillitsvalde. Seinare viste Vendela meg papir som ho hadde teke bilete av på Agate sitt kontor, der det med Christine si lett gjenkjennelege handskrift stod at eg «mangla motivasjon og tiltak», og difor var dårleg eigna for jobb i ei travel korttidsavdeling. Dei to leiarane hadde snakka saman, og Christine hadde snakka meg ned.

Einingsleiaren kunne ikkje lastast so altfor mykje for dette. Han, som sat med styringsretten, hadde late seg «overtale» av den bestemte og aggressive Agate, til å usakleg forbigå den best kvalifiserte kandidaten til ei stilling. Fyren var truleg pressa på fleire kantar, òg i det private liv. Eg meiner å hugse at han og kona reiste på separate feriar både den sommaren og sommaren etter («pandemi»-sommaren 2020). Kona reiste til utlandet. Han sjølv fór på sykkeltur i Setesdalen. I ettertid framstår han i mine auge som ein hundsa stakkar utan ryggrad og eigne meiningar. Sidan han var noko sopass uvanleg som ein mannleg sjukepleiar (han utdanna seg på 70-talet, då slikt nærast var uhøyrt), var han nok ikkje akkurat ein John Wakefield-type. Relativt intelligent, men diverre òg temmeleg feig. Til hans forsvar (om mannleg feigskap i det heile teke kan forsvarast) sat han i ein posisjon som gjorde det farleg å gå imot den kvinna (Agate) som såg ut til å vere den eigentlege leiaren av sjukeheimen. Han gjekk av med AFP i desember 2020, 62 år gammal og sprek som ein fjording.

Det kom til slutt til eit punkt der eg byrja å vege min einaste fordel (tilgang på sjukepleiar-fitte) mot dei særs mange ulempene. Eg var konstant sliten, og Vendela vart stadig meir frustrert fordi skilsmissa trekte ut i langdrag – dei hadde teke ut separasjon i januar 2019, og i juni 2020 var skilsmissa enno ikkje gjennomført. Barnefaren, hennar eks-mann, hadde sett seg på bakbeina frå dag éin fordi han mistenkte at Vendela hadde vore med meg medan dei to framleis var gifte. Denne mistanken hadde òg den fotogene, NSF-tillitsvalde blondina på sjukeheimen. Ryktet hadde gått heilt frå byrjinga av: Vendela hadde vore utru, og eg hadde viljug gått med på å vere fyrst «elskar», og so «trøystedokke». Han hadde difor trenert skilsmisseprosessen med alle kunstens reglar. Strengt teke kan nokon nekte å gå med på skilsmisse, kom det frå ein jurist som var involvert i den etter kvart so betente saka.

Det heile toppa seg då eg reiste til Sunnfjord for å vere til stade i gravferda til mi eiga bestemor. Ho hadde nokre år tidlegare blitt diagnostisert med ein alvorleg, aggressiv type demens, og hadde budd på skjerma avdeling på den lokale sjukeheimen ei tid. Vi begge søkte einingsleiar om permisjon til å reise i gravferda. Vendela fekk blankt avslag fordi vi verken var sambuarar eller gift – ho fekk ikkje eingong ulønt permisjon. Eg fekk innvilga permisjon, men overraskande nok utan lønn. Dette burde eg i ettertid ha gått til min hovudtillitsvalde med, og i tillegg var eg sjølv plasstillitsvalt på sjukeheimen. Einingsleiar visste at dette var feil, men han gjorde det likevel. Eg godtok dette, sidan eg ikkje hadde tid eller krefter til å gjere noko med det. (Fyrst etter at gravferda og permisjonen var gjennomført, vedgjekk einingsleiar at han hadde «feiltolka» regelverket, og at eg burde ha fått lønt permisjon. Lønnstrekket vart derimot aldri retta opp i på grunn av «pandemi»-relatert sjukefråvær.)

Vendela sat so å seie på telefonen dei to-tre dagane eg var i Sunnfjord. Til og med under gravferda ringde ho meg. Eg hadde naturlegvis slått av lyd og vibrasjon på telefonen, men då eg etter at kista var i jorda sjekka telefonen, hadde ho ringt i snitt annakvart minutt. Desse telefonane heldt fram under middagen på den lokale kroa, og då vi seinare sat heime og tok oss nokre glas. Ein av gjestene våre, som var ei venninne av mora mi, og utdanna psykiatrisk sjukepleiar, reagerte på alle desse telefonane. Visste ikkje kjærasten min at eg var i gravferda til mi eiga bestemor, og gjerne trong å fokusere litt på familien i denne sorgtyngde stunda?

Då eg viste ho tekstmeldingane som Vendela bombarderte meg med, heldt den psykiatriske sjukepleiaren seg forskremd for munnen medan auga vart fylde av tårer. For å ta ei kort oppsummering, kom Vendela med lange tekstmeldingar der ho skulda meg for å vere egoistisk, psykopatisk, hjarterå og vondskapsfull. I ei av tekstmeldingane truga ho med å gjere det slutt om eg slo av telefonen. Ho truga òg med å gjere det slutt om eg drakk meir enn to øl (!) under opphaldet i Sunnfjord. Ho skreiv òg at ho var utruleg skuffa over at eg ikkje fekk ordna permisjon til ho sjølv òg. For no sat ho åleine heime med ei sjukemelding og ein unge som truleg hadde fått korona.

Stemninga i den allereie sorgtyngde stova vart (om mogleg) endå dårlegare. Vendela framstod som psykisk ustabil og med alvorlege vrangførestillingar. Og ei slik dame hadde eg vore i lag med – og hatt sex med – i halvanna år? Berre ordlyden i tekstmeldingane åleine indikerte fullstendig mangel på empati, bevisst uriktig og forvrengt framstilling av røyndommen, og eit openbert forsøk på å «straffe meg» fordi eg ville gje mi eiga bestemor den siste æra no når ho var gått bort.

Veka etter slo eg opp med Vendela. Mi offisielle grunngjeving (som eg på ingen måte var pliktig å gje ho!) var at eg ville ha ein pause i forholdet fram til skilsmissa var gjennomført. For å seie det mildt, so vart eg offer for kvinneleg vreide på sitt mest intense. Eg måtte flykte til fots frå leilegheita, som ho var i ferd med å rasere medan den to år gamle guten var der. Berre min berbare PC (som låg nedpakka i ei veske) rakk eg å få med meg. Neste dag kom ho med kleda mine og leverte dei på døra med same profesjonelle likesæle som eit postbod ville ha levert ein pakke. I vekene etterpå kom det daglege, lange meldingar om kor mykje ho sakna meg og kor høgt ho elska meg.

Ho prøvde overfor mine eigne foreldre å framstille meg som Satan sjølv. Dei trudde naturlegvis ikkje eit ord på alle dei absurde løgnene, og faren min bad ho om å slutte å ringje dei. Dagen etter ringde ho likevel, og sa at barnet hennar ville «snakke med farfar». Då skal faren min visstnok ha blokkert ho på sin eigen telefon, og like etter gjorde mora mi det same. Då Vendela kom tilbake på arbeidsplassen etter tre vekers sjukemelding (les: betalt ferie), oppførde ho seg som om vi var to vilt framande menneske.

Under eit år etterpå vart eg fjerna frå sjukeheimen. Alt starta med at nokon hadde gått til sjefen min «Christine» og påstått at eg ikkje hadde brukt munnbind i bebuarnære relasjonar. Denne «nokon» var ingen ringare enn Vendela. Og då eg vart usakleg oppsagt i prøvetid på den private sjukeheimen i Bergen, var den eine sjukepleiaren gode venninner med nokon på den kommunale sjukeheimen eg vart fjerna frå mindre enn to år tidlegare. Denne «nokon» var atter ein gong Vendela.

Igjen, misforstå meg rett. Vendela har ikkje all skuld i at eg i praksis fekk yrkesforbod i den norske helsesektoren. Fleire andre tungtvegande moment bidrog – men samstundes skal ein aldri undervurdere vreiden til ei såra kvinne (endå Vendela gjennom sine handlingar hadde mesteparten av skulda for at forholdet vårt tok slutt). Personleg tente ho truleg ingenting på å gjere dette mot meg, og eg vel å tru at ho i dag har det verre, men at ho manglar innsikta og klokskapen til å skjøne kvifor.

Eg skal runde av dette lengre essayet med ei klokkeklar oppfordring til lesaren: Aldri lat dårlege erfaringar med enkeltpersonar bli definerande for korleis du oppfattar eit heilt kjønn. Det finst mange fantastiske kvinner og menn der ute, samstundes som det finst kvinner og menn du burde halde deg langt unna. Eg sjølv ignorerte ein bråte med raude flagg og vart straffa for det. Dei seier kjærleik gjer blind. Den mannlege seksualdrifta gjer blind og dauv!

Men sterkast av alt i det tidlegare demokratiet Noreg står misunninga, for den er rota til all elende og fandenskap som menneske utfører mot sin neste.

5 comments

  1. Det sies at alle saker har tre sider: min versjon, din versjon og sannheten. Hva som faktisk er sant, og hva som er overdrivelse/feilframstilling fra din side, kan diskuteres. Som tidligere arbeidskollega av deg på nevnte sykehjem (den du så frekt kaller «NSF-blondine» eller noe i den dur) har jeg visse meninger om «jobben» du og dine kollegaer gjorde. Alt handlet om å stelle beboerne så tidlig som mulig, slik at dere fikk fred og kunne late dere. Husker også at jeg skrev avvik på din avdeling til enhetsleder, noe som resulterte i at jeg ble tvunget til å finne arbeid et annet sted. Ikke rom for selvkritikk i det hele tatt. Du har ikke monopol på sannheten. Faktisk blir jeg lettere indignert, om ikke steik forbannet av å lese dine artikler om kritikk av tidligere arbeidssted. Ting skjedde ikke helt slik du beskriver dem, og når det gjelder ditt forhold med «Vendela» var det utroskap – hun visste det, du visste det, vi alle visste det. Du utnyttet en sårbar kvinne for å få sex, og det får stå for din regning. At du startet Saksyndig for å snakke dritt om tidligere kollegaer er faktisk imponerende, og jeg mener det ikke positivt. Prøvde å advare ledelse og kollegaer om deg, men fikk ikke gehør. Ironisk at du senere ble «fjernet», noe som kom av dine konspirasjonsteorier og sjenerende oppførsel overfor kollegaer. De gjorde rett i å fjerne deg. Du har ingenting i helsesektoren å gjøre, med dine holdninger og særs liberale holdning til lojalitet overfor arbeidsgiver, teamwork, med mer.

    Likar

  2. Som en annen tidligere kollega av «Saksyndig» kan jeg bekrefte at han ikke passet på et sykehjem – for å underdrive kraftig. Han fant seg ikke i å bli diktert, kommandert og beordret hit og dit, noe som kan være forståelig med tanke på hans mildt sagt autonome natur. Jeg hadde selv samme motforestillinger og valgte derfor å søke annen jobb i annen bransje. Å kalle ham uegnet for helsesektoren, slik «NSF-blondine» antyder er imidlertid en kraftig forenkling av problemstillingen. Hans konflikter, som det var mange av, er en gjenspeiling av at det man deler ut får man tilbake. Hans leder – min leder også – behandlet ham og flere dårlig og respektløst. Gir man noen dritt, får man som regel dritt tilbake. Og han fikk mye dritt, kan man trygt si.

    Å legge beboere tidlig er for øvrig vanlig på somatiske langtidsavdelinger. Det er ikke fordi personalet «vil ha fred», men fordi beboerne er gamle, skrøpelige og alvorlig syke. Da passer det gjerne å legge seg i syvtiden om kvelden. At NSF-blondinen mente det var «for tidlig» har å gjøre med at hun selv jobbet på korttidsavdeling, der beboerne var sprekere og mer autonome. Ikke at personalet (meg inkludert) var late. Hun har misforstått konseptet fullstendig.

    Vedr. forholdet mellom ham og «Vendela» kan jeg bare si at han meget antagelig gjorde sitt beste. Hun er verken et godt menneske eller en spesielt god sykepleier, er inntrykket jeg sitter igjen med av henne – delt av flere tidligere kollegaer for øvrig. Kjenner også til situasjonen hans på det private sykehjemmet der han ble oppsagt. Gjeldende sykepleier jobber på samme avdeling som «Vendela» og skal visstnok være ufin mot både beboere og pårørende. De to passer godt sammen for å si det slik.

    Vil legge til at jeg selv sa opp i protest etter at «Saksyndig» ble oppsagt/truet til å si opp, mest på grunn av alle ryktene som gikk om ham, de fleste usanne/oppdiktede.

    Likar

  3. Vil legge til at jeg jobbet kun som helgevakt/ringevikar på gjeldende sykehjem, og allerede hadde annen jobb (har mastergrad innen IT). Hadde derfor ikke så mye å tape om jeg sa opp. Vil også legge til at det var «Saksyndig» som lærte meg opp på stell av somatiske beboere, og at jeg lærte utrolig mye av ham om div. medisinske tilstander, teknikker, legemiddel, hjelpemidler osv. Han var også veileder for helsefagarbeiderlærling i 2019-2020, og hun fikk intet annet enn skryt fra lederen i bofellesskapet hun hadde praksis i etterpå – jenten gikk rett i stell/pleie av tung beboer uten veiledning, som om hun hadde jobbet der i alle år. Man kan i grunnen også slenge inn 2018-2019 som hans veiledningsår, siden den lærlingen egentlig hadde en kollega som veileder, men vedkommende gjorde en så dårlig jobb at lærlingen heller henvendte seg til «Saksyndig» når hun trengte hjelp/råd. Jenten jobber i dag på Haukeland, og holder på med – etter anbefaling fra «Saksyndig» – videreutdanning til sykepleier.

    Likar

  4. Eg er òg ein annan tidlegare kollega av deg. Eg kan berre snakke for meg sjølv, men då du var på jobb følte eg meg trygg. Du gjekk rundt om og sjekka at alt var i orden, til og med på andre avdelingar. Det trur eg kollegaar reagerte på, samtidig som dei jo forsto. Du var der for å sjekke at alt var i orden, og at alt var ok med bebuarar, personale og liknande. Hugsar at min ledar sa at du gjorde jobben til verneombodet, men at det var bra sidan verneombodet i grunnen ikkje gjorde noko. Ønsker deg alt godt i din noverande jobb, kva den enn er. Tenker meg at du har ei ledarstilling ein stad som har med logistikk å gjere. Synd du ikkje jobbar i helsesektoren lenger.

    Likar

  5. Jeg er bare en utsideobervatør som ikke kjenner noe til situasjonen og de egentlige forhold. Men jeg må si at jeg stiller meg undrende til at tidligere kollegaer skal oppsøke denne bloggen i årevis, følge med på alt som skrives og kjefte og smelle når vedkommende forteller om sin opplevelse og sitt syn, dette i et anonymisert format som overhodet ikke har noen mulighet til å påvirke deres liv på noen måte.

    Dette blir en tyrannisk, hevngjerrig og smålig måte å opptre på. Om det er noe en mann eller kvinne har rett på, så er det egen kropp og de tanker og følelser som følger med. Det er toppen av arroganse å forfølge en person for å tvinge ham til å se ting på en viss måte, eller forsøke å hindre ham i å ytre seg fordi man ikke liker det som blir sagt.

    Andre har andre meninger. Andre er ikke deg. De er sine egne personer og står ikke til rette for deg. Hvis dere ikke liker Saksyndig, hvorfor ikke bare holde seg unna? Det er bare å la være å oppsøke siden, så slipper man å tenke på dette noensinne igjen. Hvorfor er det så katastrofalt at Saksyndig får ytre seg? Ditt liv blir ikke berørt.

    Likt av 1 person

Legg att svar til H Avbryt svar