Munnbind er ikkje berre noko ubeleilig, del 2

Av Aaron Hertzberg, frå forfattaren sin Substack. Omsett av saksyndig. Framhald frå del 1.

Pragmatiske skadar frå munnbindpåbod

Dei fremjar det autoritære og det fascistiske

Det er sant det som står skrive – framveksten av autoritær og tyrannisk statsforvaltning har skjedd både raskt og sjokkerande. Munnbindpåbod – som er objektivt drakoniske og autoritære uavhengig av om dei har vitskapleg belegg – internaliserer i menneske at autoritært styre er normalt, akseptabelt og ikkje vondskapsfullt. Dette er eit problem. Kvart folkemord-regime starta på denne måten. Dette er i seg sjølv ei tilstrekkeleg rettferdiggjering for å kjempe mot munnbindpåbod «til døden».

På eit meir relaterbart nivå får munnbindpåbod statlege tilsette til å oppføre seg som tyrannar og nyte si nyfunne diktatoriske makt, noko det er svært usannsynleg at dei gjev opp friviljug.

Dei fremjar religiøs sekterisme

Munnbind har blitt religiøse symbol på dyden i ei fanatisk sekt av irrasjonell tru der sektmedlemmene har fullstendig gjeve avkall på tenking (slik som sjåførar som køyrer med munnbind åleine i bilane sine). Sekter har utført nokre av dei mest avskyelege og bisarre udådane det siste hundreåret.

Dei kondisjonerer borgarskapet til å vere føyelege og tankelause

Autoritære mandat som berre er basert på folks ord («ekspertane»), spesielt i sterk kontradiksjon til fakta og sunn fornuft, kondisjonerer folk til å bli føyelege, og til å ikkje tenkjer over noko som helst (ettersom intellekta og meiningane deira er avskydde og sagt å vere av for dårleg kvalitet til å vere legitime kjelder til kunnskap for alle, inkludert dei sjølv). Dette øydelegg det livlege og det energiske i samfunnet, og kondisjonerer folk til å ikkje tenkje på seg sjølve som individuelt kapable vesen som har potensialet til å oppnå stordom, ei kritisk drivkraft som er nødvendig for å få folk til å gjere noko av seg sjølv.

Dei «Balkan-iserer» samfunnet

Munnbindpåbod hjelper til å så ytterlegare splid og fiendskap mellom grupper i samfunnet ved å undertrykkje éi gruppe og samstundes gje den andre gruppa moralsk grunnlag til å hevde at anti-munnbind-gruppa, ved å ikkje følgje rådande mandat-politikk, bryt lova og oppfører seg immoralsk sidan munnbindpåbod blir sett på som eit kritisk helsetiltak.

Altomfattande skadar av munnbindpåbod

Stress

Den mest openberre generelle skaden av munnbindpåbod er stress. Stress er kjent for å vere aggressivt øydeleggjande for helsa di, og noko som betydeleg forverrar alle kjende medisinske tilstandar. Alt lista ovanfor forårsakar stress hjå dei råka menneska.

Brot på den sosiale avtalen

Når ein del av samfunnet er so skjødeslaust øydeleggjande mot ein annan del, misser samfunnet sin legitimitet i auga til dei undertrykte, og lover og reglar er håplaust tæra vekk, sidan den eine sida påfører viljen sin på den andre sida uavhengig av lover, konvensjonar og normer i samfunnet; og utan noko grensesetjande prinsipp. «Lova for deg, men ikkje for meg» er ikkje lov og regel, og har ingen moralsk legitimitet for «deg» å respektere eller følgje.

Den tidsubestemte naturen til lidinga

Det tidsubestemte aspektet av situasjonen er i seg sjølv ei kjelde til betydeleg liding, eller ei kraftig forsterking av lidinga som ein allereie opplever. Det er uendeleg enklare og meir toleleg å takle liding som du kan sjå slutten på, når det vil gå over, versus liding som verken endar eller ein kan sleppe unna. (Kjensla av at ein ikkje kan sleppe unna lidinga er ein allestadsverande faktor som får menneske til å begå sjølvmord.)

Kom an, mesteparten av desse er dumme?

Den ultimate gøymestaden til nokon som er fanga av fakta er avsky og hån. Menneskeleg natur får ein person til å kjenne seg og oppføre seg nedlatande overfor noko som krev djupn for å forstå. Menneskeleg natur tenderer òg sterkt mot ikkje berre å nekte, men å håne alt som utfordrar moralen og varsemda bak dine meiningar og val. Difor blir menneske fortalt av deira opplevingar og lidingar på grunn av munnbindpåbod ikkje er ekte og gjev ikkje meining – ei av dei mest utspekulerte og avskyelege formene for mishandlande manipulasjon.

Det er svært vanskeleg å kunne setje pris på og forstå mesteparten av tinga på lista. På den andre sida er det mykje enklare å øydeleggje kvar ei forståing av samanheng og emosjonell merksemd av desse – alt som er nødvendig er éi essensiell linje som i avsky avskriv heile kjensla som vrangførestilling. So kraftig er hån, at eitt skeivt, spydig ord kan fullstendig tilinkjegjere merksemda ein har fått etter fleire timars innoverskodande tankeverksemd.

So nei, desse er ikkje dumme, og å føle dette gjer deg ikkje om til ein baby. Denne anklagen er ingenting meir enn den panikkarta spotten som er siste forsvar til noko som ikkje kan debattere rundt dei aktuelle fakta.

Den manipulerande naturen til eit mishandlingsforhold

Ein av læreboktaktikkane som blir brukt av mishandlarar for å oppretthalde kontroll i eit mishandlingsforhold er å definere konteksten og fakta til alt som er relatert til forholdet, slik at han kjem inn i hovudet på offeret so å seie, og forvrenge hennar realitetssans so dei er ute av stand til å setje ord på – sjølv til seg sjølv – fakta rundt deira mishandling og offergjering.

Som vi alle kan sjå, oppnår dei konstante påstandane om at «munnbind ikkje er noko styr», «det er ingen tenkjeleg grunn for at nokon skulle tru at munnbind er skadelege», osv., oppnår dette temmeleg effektivt. Målet med denne artikkelen var å nøste opp denne utspekulerte, svært skadelege løgna for å gje offera for tvinga munnbindbruk tilbake makta mot tilhengjarane av munnbindpolitikk som er mishandlande og manipulativ. (Enkelte gonger er munnbindpolitikk motviljug innført for å tilpasse seg politiske eller lovlege realitetar der munnbindbruk er det minst øydeleggjande valet.)

Dette kan bli oppsummert som nok ein type emosjonelt ubehag påført av munnbindpåbod-tilhengjarar:

Meininga at «munnbind er berre noko ubeleilig» kjem til mishandlande manipulasjon som stel offera for tvinga munnbindbruk si evne til å identifisere og setje ord på lidinga og skaden som dei opplever frå tvinga munnbindbruk.

For å konkludere, er følgjande sitat frå D. A. Henderson – viden kjent for å utrydde koppar – svært avslørande:

«Erfaring har vist at samfunn råka av epidemi eller andre uventa hendingar responderer best og med minst angst når normale samfunnsfunksjonar i samfunnet i minst mogleg grad blir forstyrra.»

Det er vanskeleg å førestille seg ei større forstyrring av det normale livet enn dei høgst synlege og symbolske munnbinda som blir brukte overalt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s