Munnbind er ikkje berre noko ubeleilig, del 1

Munnbind er ikkje berre trivielle: ei liste over nokre av grunnane (som ikkje er sett pris på, og som er vanskelege å setje ord på) til at påboden munnbindbruk er so uroskapande.

At noko er vanskeleg å setje ord på gjer ikkje skadane og lidinga påført av munnbind mindre reelle, men det gjer dei meir uroskapande.

Av Aaron Hertzberg, frå forfattaren sin Substack. Omsett av saksyndig.

Eit av dei skarpaste argumenta frå tilhengjarar av tvinga munnbindbruk er ein variasjon av «det er berre noko ubeleilig», so «kvifor må du lage slikt eit styr ut av det?» (For å vere klar, er ikkje dette eit legitimt vitskapleg eller faktabasert argument for innføringa av nokon politikk, men det er ikkje det denne artikkelen handlar om). Eg skal i stor grad unngå temaa som er unike for å påføre munnbind på barn – som er rett og slett institusjonalisert barnemishandling – og for menneske med handikap eller fortidige traumer, ettersom mange av skadane påførte av munnbind er openberre og lette å setje ord på.

På overflata ser denne motstanden ut som eit moralsk og faktamessig overtydande argument. Trass alt, dersom munnbind hadde noko som helst meiningsfull effektivitet, ville det ikkje ha vore ein handel å leve med å halde ut litt ubehag for å redusere den langt verre lidinga og døden som covid elles ville påføre oss?

Likevel korresponderer ikkje dette argumentet  – «kva er det eigentleg å lage oppstyr ut av» – med kor mange menneske som opplever munnbind og munnbindpåbod, inkludert praktisk tala alle som er ueinige i munnbindbruk som politikk. Ein kan ikkje nekte for at millionar av menneske er betydeleg meir plaga av munnbind enn kva vi kunne forvente er rimeleg eller til og med mogleg for noko som vitterleg berre er noko «ubeleilig». Folk generelt lid ikkje djupt på grunn av trivialitetar.

Med andre ord er munnbind klart ei betydeleg større bør for mange menneske enn korleis dei ser ut på overflata; og likevel er få i stand til å finne ut for seg sjølve kva det er med dei som dannar assosiasjonar til misbruk og noko frykteleg. Målet med denne artikkelen er å liste opp enkelte av myriaden av skadar og emosjonelt misbruk som er påført folk gjennom tvinga munnbindbruk, spesifikt dei som er vanskelege å setje ord på eller identifisere samanhengen med munnbindbruk.

So kva er eigentleg alt styret rundt det å gå med munnbind?

I eit nøtteskal – som eg nettopp sa – er munnbindbruk for mange menneske noko som er vanvittig stressande, og noko som vekkjer uforholdsmessig kraftige negative emosjonar. Dette er rett og slett realitet, uavhengig av om slike kjensler «gjev meining».

Som ein generell regel er det ein grunn til at nokon har sterke kjensler om noko; eller med andre ord, det er noko som framprovoserer dei sterke kjenslene. Og kjelda til desse kjenslene treng ikkje å vere tingen som kjenslene knyter seg til. Det einaste som speler noka rolle er at kjenslene eksisterer, same kor urimelege dei kan vere.

Dette er ikkje som å seie at realiteten til kjensler burde vere den dominerande vurderingsfaktoren bak alt anna. Den noverande radikale «sosial rettferd»-rørsla som har opphøgt eins subjektive «identitet» som den definerande karakteristikken av ein person er Reductio ad Absurdum av det å verne om subjektive kjensler på kostnad av sjølve den objektive røyndommen.

Det som derimot er sant, er at den kjenslemessige nauda og lidinga til menneske er ekte. So sjølv om du tilfeldigvis støttar munnbindpåbod og ikkje på nokon måte er plaga av å gå med munnbind, gjer ikkje det den djupe lidinga til nokon andre mindre verkeleg som oppleving.

Den følgjande lista er ikkje fullstendig, berre ei samling av nokre av faktorane som gjer munnbindbruk, spesielt tvinga munnbindbruk, so uroskapande for mange menneske.

Nokre viktige ting å hugse på:

  1. Ikkje kvar ting på lista er sant for kvar person som opplever munnbind uroskapande.
  2. Kvar ting forsterkar dei andre, slik at den kumulative nauda er mykje større enn summen av delane. Det er som skilnaden mellom 1+2+3…10 og 1x2x3x…10 (55 versus 3 628 800).
  3. Lista er ikkje fullstendig.
  4. Dei korte forklaringane er meint å gje litt meir innsikt i korleis folk typisk kan oppleve den spesielle stressfaktoren. Dei er ikkje meint å omfattande definere temaet.

Emosjonelle stressfaktorar ved munnbindpåbod

Frårøving av personleg autonomi

Å ta frå nokon deira personlege autonomi er stressande og fornedrande. Det blir forsterka når det handlar om noko som er kjenslemessig ladd, gjenstand for sterke meiningar og kjensler, relaterer til moral/verdiar og/eller er noko som impliserer at du manglar evna til å ivareta dine eigne interesser. Fri vilje er eit definerande trekk ved å vere menneske, og avskaffinga av denne blir opplevd som eit åtak på eins individualitet.

Ei kjensle av hjelpeløyse

Å leve på nåden til dei vilkårlege nykkene til andre får deg til å kjenne deg hjelpelaus, som er ekstremt stressande og belastande, og kan til slutt bryte ein person ned mentalt og emosjonelt, og er difor ein føretrekt taktikk brukt av tyrannar for å bryte viljen til befolkninga so dei er for nedbrotne til å gjere opprør (sjå Stalins terrorstyre).

Ugyldiggjering av din personlege identitet

Munnbindbruk er no – uavhengig av dei faktiske meritt – eit politisk symbol i samfunnet. Å bli tvinga til å gå med munnbind er per definisjon å bli tvinga til å vike frå eins eigne handlingar – og verre, i korleis ein ser ut i det offentlege – til din ideologiske og/eller politiske opposisjon. Førestill deg dersom regjeringa bestemmer seg for å gjere det å gå med religiøst hovudplagg påbode for alle – du kan kome med det same argumentet som blir brukt for munnbindbruk – kva er greia, du merkar det knapt, osv. – eg er temmeleg sikker på at til dømes ateistar ville føle svært godt åtaket på deira personlege identitet.

Åtak på din moralske sans / å få deg til å føle deg immoralsk og egoistisk

Munnbindpåbød tvingar folk i opposisjon til å internalisere at dei handlar immoralsk og egoistisk av to grunnar. Den fyrste er at samfunnet gjer det til lov at åtferda di er immoralsk og egoistisk, som er ei offentleg erklæring til verda at du er immoralsk og egoistisk. Den andre er at måten du oppfører deg på utsida alltid påverkar korleis du føler deg og identifiserer deg på innsida, so å konstant gå med munnbind tærer på dine indre overtydingar – sjølv om du kan stå i mot dette, skaper det ei viss grad av kognitiv dissonans på innsida. Ingen likar å føle seg vonde eller egoistiske.

Frårøvar / øydelegg menneskeleg interaksjon

Kvaliteten av og naturel til sosiale interaksjonar er sterkt redusert. Kvar interaksjon bak munnbind er fundamentalt ulik. Å interagere på denne måten kan kjennast trist, reservert, isolerande, kaldt og/eller vondskapsfullt, blant mange andre ting.

Endrar personlegdommen din over tid

Munnbind er ei radikal og unaturleg avgrensing av normal mental og kjenslemessig funksjon. Over tid kan dette endre personlegdommen din – til dømes at du blir mindre sosial, mindre utåtvend, meir mistenksam, og får mindre ønske om å vere snill og so vidare.

Gjer andre menneske om til mishandlande tyrannar

Meininga her er å fange inn fenomenet om ei undergruppe av menneske som har blitt om til vonde og ufyselege individ, og som mishandlar menneske som dei har makt over.

Den generelle kjensla av å vere fanga i eit mareritt

Mange menneske opplever ei klar og distinkt kjensle av å vere fanga i ei form for perverst mareritt som eit resultat av covid-politikk, som er ei sterkt uroskapande oppleving, spesielt når det kjennest ut som det er ingen ende i sikte.

Elementær mangel på rettferd

Folk er veldig sensitive til rettferd, og kan føle enormt stress og uro når dei blir behandla urettverdig, spesielt når den urettferdige behandlinga er so openberr. Munnbindpolitikk påtvingar seg bokstavleg tala enkelte menneske slik at andre kan kjenne seg tryggare – ei grotesk ikkje-likeverdig behandling som for å hjelpe den emosjonelle helsa til skremt-til-døde-av-covid-pro-munnbindbrukarar, trakkar på alle andre si mentale og emosjonelle helse gjennom påboden munnbindbruk. Ikkje minst vernar munnbindpåbod om dei politiske, moralske og ideologiske syna og kjenslevarsemda til eitt segment av samfunnet utan noka rettferdiggjering.

Gjenteken oppleving av å «tape» i avgjerder om offentleg politikk

Opplevinga av å tape igjen og igjen og igjen i viktige, substansielle avgjerder rundt offentleg politikk er i seg sjølv svært uroskapande. Dette er tilfeldigvis ei av dei meir framtredande kreftene som dreiv Trump sin veljarbase – at dei følte at dei alltid tapte igjen og igjen og igjen. Covid-politikk for ein substansiell del av befolkninga har vore ein serie med øydeleggjande tap ettersom praktisk tala kvart einaste politiske vedtak går i mot dei.

Å føle at andre menneske speler ei rolle medan eg ikkje gjer det

Dette er ei distinktiv uro i tillegg til mangelen på rettferd – at «eg speler ikkje noka rolle»; dette er betydeleg forsterka når «andre folk speler ei rolle». Dette føler menneske som blir systematisk sett vekk frå, og det er svært smertefullt.

Og dette kjem spesielt til uttrykk i minoritetar som allereie kjenner seg sånn frå tidlegare historie – for det meste kvite liberale elitar som påtvingar sine preferansar på svarte og andre minoritetar.

Stress på grunn av kommunikasjonsvanskar

Frustrasjonen som kjem frå vanskar med å kommunisere er ikkje tilstrekkeleg sett pris på, og har tendens til å få folk til å kjenne seg irriterte, frustrerte og stressa.

Skaden frå mislykka kommunikasjon

Denne spesielle skaden har òg ein annan, meir handgripeleg dimensjon – folk som har vanskar med å kommunisere gjev ofte opp, og å gje opp er i seg sjølv ein tilleggs-stressfaktor som gjer folk matte og agiterte. Dersom du snakkar med legen din og du «gjev opp» i staden for å sikre deg at du forstår kva han prøver å fortelje deg – spesielt eldre som psykologisk har tendens til å gje opp raskare og allereie har vanskar med høyrselen til å byrje med – kan det vere eit stort problem.

Stresset frå konstant trakassering

Munnbindpåbod er eit konstant inngrep i folks personlege liv og får dei til å føle sinne og forbanning – «lat meg berre vere i fred». Det er ei grunnleggjande menneskeleg trong å ikkje bli konstant trakassert av andre.

Å leve i ein konstant tilstand av bekymring, frykt og sinne

Å vete at du må underkaste deg munnbindpåbod mange stader du må innom, får det alltid til å føle ein variant av negative og usunne kjensler relatert til det.

Syg gleda ut av mange ulike aktivitetar

Lat oss ta handling som eit døme. For mange menneske er handling ein fritidsaktivitet som kan vere ei effektiv emosjonell avgifting frå stressfaktorar i livet… men ikkje når du må gå  med munnbind for å gjere det.

Å leve i evig stress frå sosiale handhevarar

Uunngåeleg vil motstandarar av munnbindpåbod ikkje vere spesielt ivrige etter å følgje dei til punkt og prikke, om det er å late munnbindet gli ned ansiktet ditt, ta det av i nokre minutt her og der, eller berre gumle på ein pose med peanøtter i tre timar. Det finst alltid ein grunnleggjande stressfaktor ved å alltid måtte vere på utkik etter «munnbindpolitiet» (om dei er det verkelege politiet eller berre verkeleg irriterande Karen-ar).

Offentleg audmjuking

Det nett nemnde «munnbindpolitiet» er ofte ekstremt ivrige – ustabile, faktisk – ein person som ikkje følgjer munnbindpåbod som blir eksponert i det offentlege er ei vanleg hending. Offentleg audmjuking kan vere ei traumatisk oppleving.

Emosjonell mishandling

Munnbindpåbod får mange til å kjenne seg emosjonelt mishandla. Dette kjem både frå det at folk blir tvinga til å gå med munnbind trass alt det mentale og emosjonelle ubehaget det forårsakar – med andre ord, mishandling – og frå den konstante manipuleringa som er karakteristisk for mishandlarar som er del av munnbindpåboda.

Rett og slett mobbing

Munnbindpåbod er tvang trykt ned i halsen på dei som djupt avskyr dei. Dette er vondsinna mobbing. Ingen likar å bli mobba, eller få viljen til nokon andre påført seg mot sin eigen vilje.

Ubehaget å vere under kontroll av nokon du hatar

Tenk på det på denne måten: førestill deg to personar som traktar etter den same forfremjinga som ikkje toler trynet på kvarandre, og der vinnaren blir taparen sin sjef. Dette er ei tillagt, separat hån mot taparen. Same idéen gjeld her – anti-munnbind-folket blir spesifikt kommandert av sjølve motstandarane som dei hatar, og på sjølve temaet som dei stridst om. Dette er ikkje berre på nasjonalti nivå – dette er sannare om lokale fylkes- eller skulestyrekampar, og dette er ei påliteleg oppskrift på vondt blod og varig fiendskap.

«Styret» med å kjøpe munnbind som er mindre ubehagelege

Mange vel å kjøpe meir fancy munnbind enn dei fæle kirurgiske munnbinda som ein får overalt, fordi dei er langt mindre ubehagelege (og langt meir hygieniske og gjenstand for produksjonsstandardar og kvalitetskontroll). Dette i seg sjølv er ytterlegare krenkjande – dersom staten ønskjer å påføre oss eit drakonisk mandat, kan dei i det minste gjere behagelege munnbind tilgjengelege, spesielt ettersom staten kastar rundt seg med pengar overalt på grunn av covid – det er ei tillagt fornærming og er respektlaust overfor menneske som blir påført påboda, i tydinga at det rett og slett er hjarterått å oppføre seg slik mot nokon andre. Vis i det minste litt omsyn og prøv å gjere dine eigne mandat so tolererbare som mogleg for folket du påtvingar dei.

Irrasjonelle regjeringshandlingar skaper ei kjensle av frykt og ustabilitet

Å sjå regjeringa handle på ein slik faktamessig irrasjonell måte er i seg sjølv svært stresande for mange menneske, og sameleis er det å leve i eit irrasjonelt regime. Eins kjensle av stabilitet og tillit til verda må ha sine røter i trua at rasjonalitet er eit prinsipp som på eit visst punkt set grenser for kva regjering og folk/institusjonar med makt i samfunnet er i stand til og viljuge til å gjere.

Får folk til å tvile på sin eigen realitetssans

Sjølve faktum av å skape ein sprø politikk er i seg sjølv djupt øydeleggjande for folks realitetssans. Med andre ord er der vanvitig kognitiv dissonans når ein på eine sida veit av munnbindbruk er galskap, men på andre sida er det å sjå regjeringa innføre munnbindpåbød – det er veldig vanskeleg å vere genuint emosjonelt overbevist om at essensielt heile det medisinske samfunnet og alle samfunnets institusjonar har tørna stein galne. Slik kognitiv dissonans er svært skadeleg psykologisk for sjølvkjensla di og realitetssansen din, og er òg mentalt og emosjonelt utmattande.

Øydeleggjande for folks sans for tillit og stabilitet

Å bli tvinga til å gjere irrasjonelle og forrykte ting erroderer vekk ein persons overbevisning om at det finst grunnleggjande rasjonalitet i samfunnet – noko som utstyrer folk med ein sans for stabilitet og tryggleik i livet generelt. Det er uroskapande å føle at det totalt manglar eit rasjonale som set grenser for regjeringa sine handlingar eller politikk, sidan dette per definisjon tydar at det er ingenting du kan rekne for heilag og utanfor statleg kontroll og øydelegging (Dette eroderer òg aktivt vekk det sosiale stoffet som set sin lit på at folk er rasjonelle).

Øydeleggjande for folks menneskelegheit og verdigheit

Å bli tvinga til å oppføre seg irrasjonelt får ein til å misse sin sans for verdigheit som eit menneske med intellektuelle evner som skil menneske frå dyr. Med andre ord, dess meir du blir halden nede frå å oppføre deg i samsvar med intelligens, desto mindre føler du den unike transcendens ved å vere eit menneske – å behandle menneske som dyr får dei til å føle seg som dyr.

Umenneskeleggjering gjennom tvinga anonymitet

Ansiktet er den mest synlege karakteristikken som skil deg ut som eit unikt individ. Munnbind, ved å dekkje til ansiktet, tek til ei viss grad frå deg di kjensle av å vere eit unikt individ og får det i staden til å føle deg meir som eit nummer enn ein person. I tillegg forvrengjer det din sans for menneskelegheit hjå andre, ettersom du uunngåeleg blir trena opp i å oppfatte andre folk som nokon som manglar menneskelegheit.

Dei er so pokkers ubehagelege

Munnbind kan vere ekstremt ubehagelege å gå med, spesielt i lang tid om gongen. Dei kan òg vere svært ekle å gå med – dersom du nys inn i munnbindet, vel…

Slutt på del 1.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s