Korleis krig med Russland ville ha sett ut

Wendy Sherman trur at målet hennar i samtalar med russarane som startar måndag, er å belære dei i kostnaden av hybris. I staden kjem ho til å leie USA, NATO og Europa ned ein sti av ruin, åtvarar Scott Ritter.

Av Scott Ritter, Consortium News. Omsett av saksyndig.

Dersom ei diplomatisk forhandling nokosinne var dømt til å feile frå byrjinga, garanterer diskusjonane mellom USA og Russland om Ukraina og russisk tryggleik det.

Dei to sidene kan ikkje eingong bli einige om ein agenda.

Frå det russiske perspektivet er situasjonen klar: «Den russiske sida kom her [til Genève] med ein klar posisjon som inneheld ei rekkje element som, i mitt sinn, er forståelege og har vore so klart formulerte – inkludert på eit høgt nivå – at å avvike frå våre tilnærmingar rett og slett ikkje er mogleg,» sa den russiske vise-utanriksministeren Sergej Rjabkov til pressen etter ein før-møtemiddag sundag beverta av USA sin assisterande utanriksminister Wendy Sherman, som leiar USA-delegasjonen.

Rjabkov refererte til Russlands president Vladimir Putins krav til USAs president Joe Biden i tidleg desember når det gjaldt russiske tryggleiksgarantiar, som so vart lagt ut av Moskva i detalj i form av to avtaleutkast, det eine ein russisk-amerikansk avtale, den andre ei tryggleiksavtale mellom Russland og NATO.

Den siste ville ha hindra Ukraina i å bli medlem i NATO og utelukke kvar ei austleg utviding av den transatlantiske militære alliansen. På den tida bemerka Rjabkov skarpt at USA med éin gong burde byrje å adressere dei føreslegne utkasta med auge på å gjere ferdig noko når dei to sidene møtest. No, når møtet byrjar på måndag, verkar det ikkje som om USA har gjort noko slikt.

«Samtalane kjem til å bli vanskelege,» fortalde Rjabkov reporterar etter middagsmøtet. «Dei kan ikkje vere vanskelege. Dei vil vere forretningsliknande. Eg trur ikkje vi vil kaste vekk tida i morgon.» Når han vart spurt om Russland var klare til å inngå kompromiss, svarte Rjabkov skarpt, «Amerikanarane burde gjere seg klare til å nå eit kompromiss.»

Alt USA har vore viljuge til å gjere, verkar det som, er å minne Russland på sokalla «alvorlege konsekvensar» dersom Russland skulle invadere Ukraina, noko USA og NATO fryktar er nærståande, utifrå omfanget og skalaen av nylege russiske militærøvingar i regionen som involverer titusenvis av troppar. Denne trugselen vart gjort av Biden til Putin ved fleire høve, inkludert ein telefonsamtale initiert av Putin sist veke til å hjelpe å setje rammer for dei komande samtalane.

Likevel, på kvelden for Rjabkov-Sherman-møtet, gjentok rett og slett USAs utanriksminister Tony Blinken desse trugslane, og erklærte at Russland burde møte «massive konsekvensar» dersom dei invaderte Ukraina.

«Det er klart at vi har tilbydd han to stiar framover,» sa Blinken når han snakka om Putin. «Ein er gjennom diplomati og dialog; den andre er gjennom avskrekking og massive konsekvensar for Russland dersom dei fornyar sin aggresjon mot Ukraina. Og vi er i ferd med å teste proposisjonen om kva slags sti president Putin ønskjer å ta denne veka.»

Lekser frå historia

Det er som om både Biden og Blinken er dauve, dumme og blinde når det gjeld å lese Russland.

Rjabkov har alludert til eit faktum allereie gjort klart av russarane – det vil ikkje vere noko kompromiss når det gjeld Russlands legitime nasjonale tryggleiksinteresser. Og dersom USA ikkje kan forstå korleis akkumuleringa av militær makt som er omfatta i ein militær allianse som ser på Russland som ein singulær, eksistensiell trugsel til medlemmane sin tryggleik, då er det inga forståing av korleis hendingane 22.juni 1941 har forma den notidige russiske psyken, kvifor Russland aldri igjen vil tillate slik ein situasjon å oppstå, og kvifor samtalane er dømde til og med før dei byrjar.

Når det gjeld dei amerikanske trugslane, har Russland gjeve sitt svar – kvart eit forsøk på å sanksjonere mot Russland vil ha som resultat, som Putin fortalde Biden sist månad, eit «komplett brot på relasjonar» mellom Russland og dei landa som prøver seg med sanksjonar. Ein treng ikkje studere historie for å forstå at det neste logiske steget etter eit «komplett brot av relasjonar» mellom to partar som er i gjensidig opposisjon rundt tema som gjeld eksistensielle trugslar til den nasjonale tryggleiken til ein eller begge, ikkje er fredeleg oppattaking av relasjonar, men krig.

Det er inga gå-rundt-grauten-posering av Washington-påfuglar som finn stad i Moskva, men heller ei kald, hard fastsetjing av fakta – ignorer Russlands krav på eige ansvar. USA, verkar det som, trur at det verst tenkjelege scenarioet er eit der Russland invaderer Ukraina, berre for å misse motet under det langvarige presset av økonomiske sanksjonar og militære trugslar.

Russlands verst tenkjelege scenario er eit der det går inn i væpna konflikt med NATO.

På generelt grunnlag kan ein seie at den sida som er mest førebudd på realiteten til ei væpna konflikt vil sigre.

Russland har vore førebudd for denne moglegheita i meir enn eit år. Dei har gjentekne gonger vist evna til å raskt mobilisere meir enn 100 000 kampklare styrkar på kort tid. NATO har vist evne til å mobilisere 30 000 etter seks til ni månaders omfattande førebuingar.

Krigens form

Korleis ville ein konflikt mellom Russland og NATO sjå ut? Kort fortalt, ikkje som noko NATO har førebudd seg på. Tida er NATOs venn i kvar slik konflikt – tid til å late sanksjonar svekke den russiske økonomien, og tid til å late NATO byggje opp nok militær makt til å vere i stand til å matche Russlands konvensjonelle militære styrke.

Russland veit dette, og difor vil kvart eit russisk trekk vere designa til å vere både raskt og bestemt.

Fyrst og fremst, dersom det skulle skje, når Russland vel å gå på Ukraina, vil dei gjere so med ein handlingsplan som har vore velgjennomtenkt og der tilstrekkelege ressursar har blitt flytta over til den vellykka fullføringa. Russland vil ikkje bli involvert i eit militært feilslag i Ukraina som har potensialet til å trekkje ut i langdrag, som USAs erfaring i Afghanistan og Irak. Russland har studert ein tidlegare amerikansk militærkampanje – Operation Desert Storm i Den fyrste Golfkrigen – og har teke til seg leksa til denne konflikten.

Ein treng ikkje okkupere territoriet til ein fiende for å øydeleggje han. Ein strategisk luftkampanje laga for å utradere spesifikke aspekt av ein nasjons evne, om det er økonomisk, politisk, militært eller alle, saman med ein fokusert bakkekampanje laga for å øydeleggje ein fiendes hær i motsetnad til å okkupere hans territorium, er den sannsynlege handlingsvegen.

Utifrå den overveldande overlegenheita Russland har både når det gjeld evna til å projisere luftmakt støtta av presise missilåtak, vil ein strategisk luftkampanje mot Ukraina oppnå det same på nokre dagar det som USA brukte meir enn ein månad på å gjere mot Irak i 1991.

På bakken er øydelegginga av Ukrainas hær so godt som garantert. Enkelt forklart er det ukrainske militæret verken utstyrt eller trena til å ta del i bakkekampar i stor skala. Dei vil bli øydelagt stykkevis, og russarane vil svært sannsynleg bruke meir tid på å prosessere ukrainske krigsfangar enn å drepe ukrainske forsvararar.

For at kvar ein russisk militærkampanje mot Ukraina skal vere effektiv i ein større konflikt med NATO, må to ting derimot inntreffe – Ukraina må opphøyre å eksistere som ein moderne nasjonalstat, og nederlaget til det ukrainske militæret må vere massivt einsidig og raskt. Dersom Russland er i stand til å oppnå desse to måla, står dei i ein god posisjon til å gå over i den neste fasen av deira strategiske posering vis-à-vis NATO – fryktskaping.

Medan USA, NATO, EU og G7 alle har lova «hittil usette sanksjonar», vil sanksjonar berre spele noka rolle dersom den andre sida bryr seg. Russland, ved å bryte av relasjonar med Vesten, vil ikkje lenger bry seg om sanksjonar. Dessutan er det ei enkel anerkjenning av realiteten at Russland kan overleve å vere utestengt frå SWIFT-transaksjonar lenger enn Europa kan overleve utan russisk energi. Kvart eit brot av relasjonar mellom Russland og Vesten vil resultere i full embargo av russisk gass og olje til europeiske kundar.

Det finst ingen europeisk Plan B. Europa vil lide, og fordi Europa består av forhenverande demokrati, vil politikarar betale prisen. Alle dei politikarane som blind følgde USA inn i ein konfrontasjon med Russland må no svare til sine respektive veljarar kvifor dei begjekk økonomisk sjølvmord på vegner av ein nazi-forgudande gjennomkorrupt nasjon (Ukraina) som har ingenting til felles med resten av Europa. Det vil vere ein kort samtale.

NATOs løysing

Dersom USA prøver å byggje opp NATO-styrkar på Russlands vestlege frontar i kjølvatnet av kva som helst slags russisk invasjon av Ukraina, vil Russland då presentere Europa med eit oppnådd faktum i form av kva som no vil vere kjent som den «ukrainske modellen». Kort forklart, vil Russland garantere at den ukrainske behandlinga vil bli brukt på Baltikum, Polen og til og med Finland, skulle dei vere dumme nok til å søkje om NATO-medlemskap.

Russland vil ikkje vente til USA har hatt tid til å samle seg tilstrekkeleg militær makt heller. Russland vil rett og slett øydeleggje den fornærmande part gjennom kombinasjonen av ein luftkampanje laga for å degradere den økonomiske funksjonen av målnasjonen, og ein bakkekampanje laga for å tilinkjegjere evna til å gå til krig. Russland treng ikkje å okkupere territoriet til NATO i eit lengre tidsrom – berre nok til å øydeleggje kva enn slags militær makt som har blitt samla av NATO nær grensene.

Og – her er utslagselementet – bortsett frå å ta i bruk kjernevåoen, er det ingenting NATO kan gjere for å hindre dette utfallet. Militærmessig er NATO berre ein skugge av sitt tidlegare sjølv. Dei eingong store hærane i Europa har måtte kannibalisere sine kampformasjonar for å setje saman «kampgrupper» i bataljon-storleik i Baltikum og Polen. Russland, på den andre sida, har rekonstituert to hær-store formasjonar frå Den kalde krigen (ein hær med tanks og ein med kombinerte våpen) som spesialiserer seg i djup offensiv militærhandling.

Sjølv Vegas ville ikkje ha tilbydd odds på denne.

Sherman vil byrje mot Rjabkov i Genève med lagnaden til Europa i sine hender. Det triste er at ho sjølv ikkje ser det på den måten. Takka vere Biden, Blinken og samlinga av russofobar som utgjer dagens amerikanske tryggleiksstat, trur Sherman at ho er der for å rett og slett opplyse om konsekvensane av mislykka diplomati til Russland. Å truge. Med ord åleine.

Det som Sherman, Biden, Blinken og dei andre enno ikkje har forstått, er at Russland har allereie voge konsekvensane og er openbert viljug til å akseptere dei. Og svare. Med handling.

Ein kan lure på om Sherman, Biden, Blinken og dei andre har tenkt gjennom dette. Sjansen er at dei ikkje har det, og konsekvensane for Europa vil bli dystre.

Scott Ritter jobba tidlegare som etterretningsoffiser i det amerikanske Marine Corps, og jobba mellom anna på Operation Desert Storm i Den persiske golf, i gamle Sovjetunionen og i Irak.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s