Vedtak – ei fiktiv historie om bruk av tvang og makt mot psykisk utviklingshemma

Her følgjer ei fritt dikta historie om kva som kan skje om ein tek gjennomføring av vedtak altfor bokstavleg, og ikkje lyttar til kva tenestemottakaren faktisk ønskjer sjølv.

Det som brukar hadde vedtak på, skulle gjennomførast, elles var det å nekte brukar det han hadde krav på etter lova. «Avvik» kalla vernepleiarane det, for gjeldande prosedyre vart ikkje følgt. Stod det at brukar skulle få bistand til dusj kvar kveld, so skulle det gjennomførast etter vedtak, og her var det underordna kva brukar ville sjølv. Dersom han klart og tydeleg sa at han ikkje ville dusje den kvelden, so skulle ikkje dette takast for god fisk. Då måtte personalet overtale brukar til å gå med på å dusje. «Motivere brukar» kalla vernepleiarane det. Manipulasjon kalla alle andre det. Her var det snakk om å bruke psykologiske triks og anna vernepleieteoretisk fanteri for å tvinge brukar til å gjere noko han ikkje ville. Her gjekk det difor eit hårfint skilje mellom «motivasjon» og det vernepleiarane kalla «bruk av tvang og makt». Skiljet var faktisk so fint at berre vernepleiarane – og knapt nok dei! – visste kva som var motivasjon og kva som var tvang. For alle andre enn vernepleiarane sjølv såg desse avgjerdene ut som vill gjetting.

Dersom personalet brukte sunn fornuft og lét brukar få sleppe dusj denne eine kvelden, so skulle det skrivast avviksskjema. Avviket her var at eit av brukars lovfesta vedtak på hygienetiltak ikkje var gjennomført etter gjeldande prosedyre. Avdelingsleiar brumma over dette, for avvik ville han helst ikkje sjå på sin tenestestad i det heile. Då ville han nemleg få ein reprimande av soneleiar på neste prognosemøte, for soneleiar ville heller ikkje sjå avvik i den «resultateininga» (sona) han var leiar i.

(For å ta ein forklarande digresjon, so var Tenester til utviklingshemma bygt opp av bufellesskap som var samla i sokalla «soner». Ei sone hadde rundt ti bufellesskap, med ein stadleg leiar i kvart, og ein soneleiar som hadde det overordna leiaransvaret i sona. Akkurat som ein sjukeheim hadde avdelingar, hadde Tenestene bufellesskap. Ein soneleiar hadde med andre ord same administrasjonsområde som styraren på ein sjukeheim, og stadleg leiar tilsvarte sjukeheimens avdelingsleiar. På eit tidspunkt fekk vernepleiarane det føre seg at dei ville byrje å kalle sonene for «resultateiningar», slik at soneleiarane dermed byrja å kalle seg «resultateiningsleiarar», eller berre «einingsleiarar». Samstundes vart bufellesskapa referert til som «avdelingar» etter rådande mal frå Etat for sjukeheimar. Sjukeheimane gjekk samstundes òg over til å kalle styrarane for «einingsleiarar». Dermed heitte det no «avdelingsleiar» og «einingsleiar» i begge etatane. Forstå det den som kan.)

Løysinga til avdelingsleiar var å setje dei som skreiv avvik grundig på plass; pass skulle bli påskrivne so blekket spruta! Dei lovfesta rettane til brukar hadde blitt krenkte, for ikkje-vernepleiarane var tydelegvis ikkje flinke nok til å «motivere» brukar til å ta i mot bistand til dusj. Igjen var det berre vernepleiarane som visste kva som var «motivasjon» og kva som var «tvang», men dei deltok jo aldri i miljøarbeid, so der var det inga hjelp å hente for dei fagbrevutdanna og dei ufaglærte. Avdelingsleiar glefsa kaffidunstande at dusj skulle gjennomførast, elles ville hovud rulle! Han ville avansere i gradene og iallfall bli konstituert «resultateiningsleiar» (soneleiar) innan fylde 35, og då kunne ikkje hans underordna drive med slik omsorgsforsømming!

Ein av dei ufaglærte ringjevikarane tok avdelingsleiar på ordet. Ein kveld brukar var sliten og bad om å få sleppe dusj, tok assistenten det lagnadstunge og etisk forkastelege valet å tvangsdusje brukaren. Tru til avdelingsleiars ordre om at vedtaket skulle gjennomførast, men òg tru til HOL9 (lova om tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma), kalla assistenten det «motivasjon» i rapporten. Alle vart fornøgde, bortsett frå brukaren sjølv. Assistenten angra derimot bittert på heile affæren, og dei hjarteskjerande bønene til brukaren ville forfølgje han lenge etter at han slutta å ta vakter på staden.

Eit liknande tilfelle gjaldt ein 48 år gammal kvinneleg brukar med overvekt og diabetes type II. Ho hadde for femten år sidan gått med på å ha føringar på kva og kor mykje ho kunne ete, og hadde på same måte gjeve skriftleg samtykke til at maten hennar skulle låsast inn i boden. Personalet disponerte nøkkel til boden. Ved kvart måltid skulle personalet låse ut ei mengd med mat som tilsvarte det som stod på ein femten år gammal gulna lapp som hang på veggen på kjøkkenet der kjøleskapet tidlegare stod. Lappen var pennført av ein vernepleiar i samråd med ein ernæringsfysiolog, og brukaren sjølv hadde skrive under på og godteke avtalen. Dei barnlege kråketærne stod i skarp kontrast til den sirlege, mekaniske formskrifta til vernepleiaren.

At brukar sjølv hadde gjeve skriftleg samtykke femten år tidlegare til å få låst inn all mat i ein bod ho ikkje sjølv disponerte nøkkel til, var ein måte å unngå at Fylkesmannen definerte det som eit tvangsvedtak. Dette hadde derimot ingenting med brukars integritet og sjølvbestemming å gjere. Det hadde heller ingenting med at konseptet tvangsvedtak var i ein etisk gråsone, at vedtaket både hadde som føremål å halde brukar i live og (nokolunde) skadefri, men samstundes trakka på retten til sjølvbestemming. Det hadde med sjølve bemanningssituasjonen å gjere.

Å gjennomføre eit tvangsvedtak av lågaste alvorlegheitsgrad (sokalla c-vedtak, jf. HOL9), kravde minimum bestått eksamen i helse- og sosialfag. Vernepleiarar kunne gjennomføre tvangsvedtak av alle alvorlegheitsgrader. Helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar (fagbrevutdanna) kunne gjennomføre c-vedtak. Assistentar (ufaglærte) kunne ikkje gjennomføre nokon tvangsvedtak. Dette var formelle kompetansekrav og var ufråvikelege. Fylkesmannen kunne i sjeldne tilfelle gje dispensasjon til ufaglærte, men gjorde det sjeldan av di det var ein upopulær ting å gjere. I hans bok var to dispensasjonar to for mykje. Det var avvik, og dei over han tolererte ikkje avvik. Dei ufaglærte fekk ver so god kjenne sin plass i systemet og skaffe seg ei utdanning som faktisk oppfylte kompetansekrava!

Det følgde mykje papirarbeid med eit tvangsvedtak. Etter gjennomføring av tvangsvedtaket, måtte personalet føre protokoll. Då gjekk dei inn i rapportprogrammet og fylte ut eit skjema der tiltaksskildringa stod i detalj. Dei førde då inn dato og klokkeslett, eige namn, stillingstittel, om dei oppfylte kompetansekrava, om tiltaket vart gjennomført etter vedtak, og om brukaren hadde ein reaksjon som var venta. Det var drepande keisamt arbeid, men dokumentasjonsplikta kravde eksplisitt at det skulle gjerast. Dersom eit personale gløymde å føre protokoll på tvangsvedtaket, måtte vedkomande gå inn so snart som mogleg å gjere det. Det var stadig kontroll av protokollføringa. Om Fylkesmannen i november månad oppdaga at nokon hadde gløymt å protokollføre tvangsvedtak ein aprildag same året, so måtte personalet som gjennomførte vedtaket, gå inn i rapportprogrammet og protokollføre for den aprildagen.

I nemnde bufellesskap jobba to vernepleiarar i 100% fast stilling. Resten av personalgruppa var ufaglærte ringjevikarar. På papiret var kompetansekrava til gjennomføring av tvangsvedtak dermed oppfylt, men det var ikkje heilt slik ting fungerte i praksis. Vernepleiarane deltok jo aldri i miljøarbeidet, og dei gadd sovisst ikkje å forlate sitt livsviktige kontorarbeid for å låse ut ei skive, ei pære og eit glas skumma mjølk til ein brukar, for so å måtte protokollføre det i etterkant! Det låg langt under deira verdigheit. Og å tilsetje ein fagbrevutdanna, som kunne gjennomføre eit c-vedtak, kom ikkje på tale, for slike kjende jo rettane sine og kunne – Gud forby! – krevje fast, leveleg stillingsprosent!

Slik praksis regjerte no i fleire og fleire bufellesskap, og det kunne sjå ut til at fagbrevutdanna var i ferd med å bli skvist fullstendig ut som faggruppe innan Tenester til utviklingshemma. Kom det derimot tvangsvedtak på ein brukar, so måtte ein tilsetje helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Det såg ut til å vere dei praktiske ulempene som følgde med tvangsvedtak som hindra tenestene i å berre tilsetje vernepleiarar og ufaglærte. Av den enkle grunn skydde vernepleiarane tvangsvedtak som pesten, for då stod dei mellom barken og veden: Anten måtte dei sjølv gjennomføre tvangsvedtaket, eller so måtte dei halde ut med ei faggruppe som i grunnen var dei fullstendig overlegen i alt praktisk miljøarbeid. So lenge ein brukar slapp tvangsvedtak, so slapp resultateininga å tilsetje desse hersens fagbrevutdanna!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s