Offer for vernepleiedoxa – ei fiktiv historie om tap av vennskap på grunn av utdanningsval

Her er nok ei fiktiv historie om Janne, sjølve personifiseringa og lekamleggjeringa av den driftige, dyktige helsefagarbeidaren som Noregs helsesektor sårt treng. Her reflekterer denne modige, ressurssterke dama over tapet av ei kjær barndomsvenninne til sekta av episk vranglære som utgjer sjølve kreftsvulsten i det helsefaglege miljøarbeidet: Vernepleiaren. Som tidlegare nemnt, er ikkje «vernepleiar» ein yrkestittel, men ein diagnose.

Janne tenkte på Siri, ei barndomsvenninne av ho som, i staden for å gå helse- og sosialfag på vidaregåande, valde allmennfag. So, når begge var 19, og Janne omtrent hadde fagbrevet i neven, hadde Siri valet mellom å byrje på universitetet og å byrje på høgskulen. Ho visste i grunnen ikkje kva ho skulle finne på, og bestemte seg difor for å ta eit friår, der ho jobba i faren sin butikk. Janne tok i mellomtida fagbrev og byrja å leite etter ledige jobbar, lukkeleg uvetande om at jobbar for helsefagarbeidarar ikkje akkurat voks på tre. Når so året var omme, og Janne omsider hadde fått ei 40%-stilling i eit bufellesskap saman med si nye bestevenninne frå helse- og sosialfag, bestemte Siri seg for å rett og slett byrje på vernepleie, fordi alle andre gjorde det. Framleis hadde ho ikkje peiling på kva ho skulle bruke livet sitt til.

Janne møtte Siri like etter at ho hadde byrja på vernepleie. Ho oppdaga fort at venninna hadde endra seg, og ikkje til det betre. Dette berre utvikla seg etter kvart som dei hang saman. Dei sklei berre lenger og lenger i frå kvarandre. Fyrst snakka dei to dialektar. So vart det to språk. Til slutt snakka ein ikkje lenger om same språkfamilie. Og so kom dei knapt frå same planeten. Venninna, som alltid hadde vore glad i å snakke, såg ut til å formidle mindre og mindre. Ho taut som ein foss, men det ho faktisk sa, hamna meir og meir i bakgrunnen. Samtalar vart verre og verre å føre, der var ikkje lenger ein dialog, snarare ein monolog. Ord, omgrep og vendingar frå vernepleiedoxa strøymde ustanseleg ut or kjeften på dama, og nasen hamna meir og meir i sky.

Snakka ein om nasen, so var det eit eller anna ved han som Janne ikkje hadde lagt merke til før. Det som før hadde framstått som ein søt, katteaktig nase, fortonte seg no som ein rar oppstopparnase; ei karakterlaus utvekst i eit andlet som byrja å bli meir og meir rotteliknande. Det skein noko meir og meir feigt og ryggradslaust over heile trynet, og hennar kjøtfulle, sensuelle lepper såg ut til å krympe ned til ein sur, hoven strek.

Det verste var at når Janne ein sjeldan gong kom til orde med sitt jordnære, fornuftige syn på saker og ting, då såg Siri på ho som om ho ikkje heilt skjønte kva ho ville fram til. Stundom lurte Janne på om venninna i det heile teke høyrde etter når ho snakka. Det var måten Siri såg på ho. Det Janne seinare skulle identifisere som det berykta vernepleiarblikket. Det vart kroken på døra for den vennskapen, og då innsåg Janne at ho aldri meir kunne vere venner med ein vernepleiar. Dei kunne like gjerne ha vore frå to ulike artar.

At vernepleiarar rett og slett ikkje assosierte med helsefagarbeidarar, var noko Janne erfarte eit par år seinare, då ho nettopp hadde byrja på nok ein ny arbeidsstad. Ho spurde ein fredag ein av vernepleiarane om ho ville ta ein øl med ho. Då sa dama nei på flekken, med den grunngjevinga at ho ikkje assosierte med kollegaer på fritida. Janne kunne like gjerne ha spurt kollegaen om ho ville vere med på lesbesex. Janne spurde då ein av assistentane, og ho sa entusiastisk ja (til øl, ikkje lesbesex, skundar eg meg å leggje til!). Då dei to var på byen seinare den kvelden og var på veg til ein ny utestad, såg dei to nemnde vernepleiar sitje på uteserveringa og drikke øl saman med nettopp sine kollegaer – og alle saman var vernepleiarar. Dama unngjekk frå den dag av Janne, for ho hadde mildt sagt eit forklaringsproblem.

Framandgjeringa frå barndomsvenninner og, for den saks skuld, resten av menneskeheita var karakteristisk for denne overgangen til vernepleiarens merkelege kosmos, der non sequitur var sjølve hovudregelen i all tankeverksemd, og der alle andre helsefaglege yrke var forventa å vere underordna lakeiar som hoppa når vernepleiaren sa hopp. Tverrfagleg samarbeid vart utan unntak om til einfagleg pseudo-samarbeid der vernepleiaren samarbeidde med iver og glede so lenge han eller ho fekk viljen sin, vel å merke. Ei slik haldning gjorde at vernepleiaren, den store generalisten i offentleg sektor, helst vart verande i sitt «heimlege habitat», Tenester til utviklingshemma, sidan ingen andre ville sjå dei rare oppstopparnasane deira andre stader!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s