Hjelpeverja – ei fiktiv historie om overformynderi og hemn

Ingen tok so altfor tungt bortgangen til den gamle, styrtrike advokaten. Sant å seie gapskratta somme over dødsfallet til denne ariske kaksen. Gravferda vart stille og diskret forbigått med berre den næraste slekta til stade. Sjølv dei få vennene denne advokaten hadde – som utelukkande var andre advokatar like griske, grådige og gjennomròtne som han sjølv – vart nekta å vise seg i nærleiken av den utvalde kyrkja. Det var ei av dei få gravferdene der det var uniformerte vakter til stades frå eit vaktselskap. Rykta ville til og med ha det til at vaktene hadde fått innvilga dispensasjon frå politiet til å bere våpen. Faktum var at berre tilstadeveringa til vaktene hindra dei rasande hordane frå å gå til åtak på liket og rive det frå kvarandre lem for lem. Advokaten var djupt hata, og sjølv eit ord som «hate» var ei patetisk underdriving.

Advokatar som gruppe høyrer ikkje til det mest etiske sjiktet i samfunnet. Dei forsvarer kven som helst mot det rette honorar – som utan unntak er skyhøgt – og er på grunn av sine ekspertkunnskapar innan jus, fullstendig umoglege å setje velfortent på plass. Seier ein til ein advokat at han er ein pengegrisk djevel, vil han slå i bordet ein lårtjukk bunke med tidlegare saker, der det har blitt oppretta knivskarp presedens på at den som kallar ein advokat for ein pengegrisk, hjartelaus, sjellaus manifestasjon av vondskap, den vil få svi. Bøter og ubetinga fengsel er berre byrjinga på det juridiske marerittet denne samvitslause mannen kan setje i gang.

Denne advokaten, derimot, var so gjennomført vond at sjølv andre advokatar frykta han. Sjela hans var svart som natta. Han forsvarte ikkje berre sosiopatiske massedrapsmenn, slibrige overgriparar, eller gigantfirma i deira sjokkerande søksmål mot småfirma som berre prøvde å tene til livets opphald – han var i tillegg hjelpeverje. Han sat bak sitt svindyre mahogniskrivebord på ei lukrativ adresse og bestemte kor mykje – til dømes – psykisk utviklingshemma Hjalmar skulle ha å rutte med når alle utgifter var betalt. Hjelpeverja kunne bestemme at «nei, på grunn av at han Hjalmar var litt for spandabel førre månad, so skal eg ikkje overføre ekstra pengar til julehandel. I år får Hjalmar late vere å kjøpe julegåver til den hardt prøvde slekta si. Og sommarferie er berre å gløyme.» Han stengde igjen pengekranen etter kva han fann for godt, noko han som hjelpeverje kunne gjere med lova i si knudrete gammalmannshand. Han ikkje berre kunne gjere det, det var heller eit unntak at han ikkje gjorde det.

Som eit resultat vansmekta og regelrett svelta dei åtti menneska han fekk ublue honorar for å vere verja til. Ein av dei måtte levere hunden sin til avliving fordi verja kneip sånn igjen på pengesekken at det vesle han fekk, ikkje var nok til hundemat. Han hadde knapt råd til mat til seg sjølv. Dersom han lét vere å ete ei veke, so hadde han av og til råd til å kjøpe eit heilt naudsynt klesplagg på Dressmann. Skorne gjekk han i til dei datt i frå kvarandre. Ein annan av klientane hadde ikkje vore på ferie på ti år. Han hadde ikkje eingong vore ute av kommunen på ti år. Ein annan var visstnok den fyrste nordmann på 150 år som fekk skøyrbuk. Fengsel hadde nesten vore å føretrekkje framfor dette uverdige hand-til-munn-tilværet. Dei var alle fullstendig tilgjevne for å tru at verja stakk av med pengane deira – for dei såg jo aldri noko til dei! Smulane, og knapt nok det, var alt som sleppte gjennom dette økonomiske Jarnteppet.

Fylkesmannen hadde diverre eit anna syn på saken. Han sat på sitt flotte kontor i den høgste skyskraparen i byen og såg at alle klientane til advokaten hadde lagt seg opp imponerande mengder pengar sidan dei fekk han som verje. Økonomien deira var langt ryddigare enn Fylkesmannens eigen! Ingen av dei hadde nokosinne so mykje som ei purring på rekningane sine. På papiret såg alt strålande ut, men det var diverre ein svikefull byråkratisk illusjon. Aldri fall det Fylkesmannen inn at klientane hadde spart mykje pengar fordi dei aldri fekk lov til å bruke pengar på anna enn det høgst naudsynte. Som takk for sin innsats, vart advokaten lønt med å få tilgang til å halde tilbake pengane til endå fleire ulukkelege klientar. Dei fleste av dei – om ikkje alle – var utviklingshemma, ei gruppe det var altfor lett å mishandle og misbruke. Fylkesmannen valde enklaste utvegen, og det var å drite i klageropa og dei såre bønene til dei fattige, undertrykte hordane.

Då denne forhatte advokaten omsider trekte sitt siste sukk av ein høgst velfortent kreftsjukdom, so var det ikkje ein dag for tidleg. Den stakkars, unge dama som overtok klientane hans, fekk si fulle hyre med å audmjukt ta seg av klagesak etter klagesak. Påstandar om regelrett ran. Kriminell tilbakehalding av midlar. Raknande likesæle til det faktum at mennesket trong pengar til meir enn mat. Historiene dukka opp som perler på ei snor. Sjokkerande, hjarteskjerande intervju som viste stoda folk levde under i verdas rikaste land. Då tre lokalaviser til slutt kom på døra samstundes, byrja den nye verja å grine. Ho hadde eit milelangt lerret å bleike.

Åtti klientar fekk omsider tilgang til fleirfaldige hundre tusen som dei hadde skrike etter i årevis. Fem utviklingshemma gjekk til sak mot Fylkesmannen – utruleg nok ved hjelp av ein forbundsadvokat som gjorde det vederlagsfritt (pro bono som det heiter på fagspråket). Dei tapte so det ljoma, men saken deira sette nok ein støkk i Fylkesmannen. Der kom eit paradigmeskifte. Hjelpeverjene kunne ikkje lenger gjere som dei ville og halde tilbake pengar etter kva dei fann for godt. So å seie over natta skjedde det ei etterlengta oppmjuking av det rigide skrekkregimet og den kafkaeske kadaverdisiplinen som hadde rådd over økonomien til desse klientane. Ei av dei fekk råd til å gå til frisør for fyrste gong på åtte år, ho slapp no å stadig måtte få ei miskunnsam nabokjerring til å klippe ho med kjøkkensaks! Ein annan gjekk ut og åt middag med støttekontakten sin for fyrste gong på ein mannsalder, og vart forbløffa over at det no gjekk an å kjøpe seg kaffi med skum i! Ein tredje kjøpte seg ei marsipankake på næraste konditori, og åt heile kaka åleine til ettermiddagskaffien! Borgarar i det tidlegare DDR kunne knapt nok ha vore gladare den dagen Berlinmuren fall.

Kort oppsummert var det uvanleg gode grunnar til å avsky denne advokaten. Og snart skulle alle få sjå kor sterk denne avskya verkeleg var.

Ei tid etter at det gamle skinnet var i jorda, gjorde kyrkjegardstenaren ei urovekkjande oppdaging. I løpet av natta hadde det kome nokon og ikkje berre grave opp kista, men teke ut liket og gjeve det ein omgang pryl, før heile kadaveret vart sett i brann. Politiet og brannvesenet var rysta over dette. Politiet fordi det var snakk om «vandalisme», i mangel av eit betre ord. Brannvesenet på grunn av den openberre faren det var å brenne eit lik midt i ein tett folkesett bydel. Ingen gjerningsmenn var å oppdrive, og sidan folk flest sov om natta, var der heller ingen vitne. Etterforskarane kunne konkludere at det var fånyttes å leggje fram teoriar om kven som kunne ha gjort det, for det kunne like godt vere kven som helst. Alle hata den mannen på grunn av den nylege mediestormen rundt hans innsats som hjelpeverje. Det som uroa dei, var derimot at hovudet på liket var vekke. På bakgrunn av dette valde politiet å utvide lovbrotet til òg å gjelde «tjuveri». Igjen i mangel av eit betre ord.

Slekta tok dette tungt. Den gamle enkja gjekk i avisa og tagg gråtkvelt tjuvane om å levere tilbake hovudet. Tjuvane tok ho på ordet. To dagar seinare fann ho det ròtnande, marketne hovudet på ein stake rett utafor kjøkkenvindauget. Ho sleppte morgonkaffien i golvet og datt død om med hjartestopp. Resten av slekta, inkludert dei tre sønene, som alle tre var advokatar, sytte føre at hovudet vart lagt tilbake i jorda der det forkola liket allereie låg i forkant.

Det skulle bli verre, folkens.

To dagar seinare hadde nokon igjen grave opp liket og kista. Hovudet var no knust til ein uformeleg klump og resten av liket sett fyr på atter ein gong; heile kyrkjegarden stinka tennvæske, for korleis kunne ein elles brenne noko som allereie var brent? Media heiv seg over saken som ein svolten ulveflokk over ein nysteikt sau. I gravferda til enkja måtte sønene leige inn uniformerte vakter frå det same vaktselskapet som hadde vore til stades i den fyrste gravferda til faren. Denne gongen var dei der for å halde alle journalistane unna. Enkja vart lagt i ei fellesgrav saman med det to gonger brende liket og det knuste hovudet.

Morgonen etter hadde nokon grave opp begge lika. Eit endå meir makabert syn møtte den stakkars kyrkjegardstenaren: Liket til enkja var krossfesta på kyrkjeveggen med ekspansjonsboltar. Politiet rygga tilbake av det fælslege skremmesynet, saman med det like forferda brannvesenet (sistnemnde var der fordi liket til advokaten nok ein gong stod i lys loge). Herda politifolk og brannmenn stod bøygde i grøfter og spydde so det spruta. På grunn av at det var brukt ekspansjonsboltar, måtte heile murveggen takast ned. Det einaste andre alternativet var å late hendene og føtene hengje igjen der oppe, noko som jo ville ha sett litt dumt ut. Eit halvt dusin meir eller mindre likbleike polakkar jobba ein heil ettermiddag med å få ned veggen. Det var ikkje kvardagskost at lika til gamle kjerringar vart drilla fast på veggar som om dei skulle ha vore festepunkt til parabolantenner. Dei landsdekkjande avisene publiserte lange saker om hendinga, og det var jammen santen ikkje ofte dei ofra spalteplass på den provinsielle skitbyen!

Som ein konsekvens valde sønene å få kremert både faren og mora for å unngå framtidige hendingar av liknande type. Ein kunne jo ikkje brenne noko som berre støv var. Dei gjorde det nok òg for å skåne nervane til den stakkars kyrkjegardstenaren, som den siste tida hadde blitt nokso nervøs for å kome på jobb. Kremeringa fann stad på løynd adresse, og dei to urnene vart frakta heim til den staselege herregarden til eldstesonen.

Same natt braut nokon seg inn på det luksuriøse godset og stal urnene. Gjerningsmannen – eller gjerningsmennene – presterte so å pisse utover heile peisen, det eksklusive persiske teppet, den blankpolerte Arenberg-parketten og dei svindyre Chesterfield-møblane. Hendinga bragte stor uro over dei tre sønene og deira respektive ektefeller og privilegerte overklasseungar. Urnene dukka aldri opp igjen, til trass for at sønene utlovde ei finnarløn på hundre tusen skattefrie kroner – til og med ikkje når dei gav sitt æresord at dei ikkje skulle straffeforfølgje tjuvane. Klart, ingen med ein snev av sunt bondevit burde nokosinne ta ein advokat på hans ord! Sønene sat igjen med inntrykket at folk fryda seg over deira elende, og det vart snart hjartelaust bekrefta.

Yngstesonen fekk plutseleg sparken frå advokatselskapet han hadde jobba i i ti år. Grunnen skulle visstnok vere at han tapte ei sak nyleg, ei sak som hadde so spinkelt grunnlag at nederlaget nærast var avgjort på førehand. Kort fortalt meinte hans overordna at han hadde fått selskapet til å misse renommé. Tapet av erverv førde til at alle medgangsvennene hans byrja å sky han. Dei veik unna høfleg, men avvisande når han ringde for å avtale golf, segling eller andre sportar for dei ufyseleg rike. Sidan slike sjellause haiar som han berre har verdi utifrå inntekt, sleppte omgangskretsen han som ei heit potet. Med tapet av inntekt forsvann den økonomiske tryggleiken han måtte ha for å klare avdrag som utgjorde heile årsløner for vanlege døyelege. Snart kom banken og tok tilbake 30-millionarsbustaden og den fem mål store tomta, dei fem dyre bilane, golfutstyret, yachten og hytta. Dei tok òg fiolinen og pianoet til høvesvis yngstedottera og kona. Dei tok til og med ellipsemaskina til kona! Seinare på dag kom Dyrevernet og tok dalmatinaren, schnauzeren og puddelen, dette som ei følgje av bekymringsmeldingar frå naboane om at familien ikkje lenger hadde pengar til å fø kjæledyra sine. Same lagnad hende med abyssinaren og siamesaren til mellomste dottera. I tillegg oppdaga Kemneren at mannen ved eitt høve – truleg fullstendig utilsikta – hadde gjort ein aldri so liten glipp i rekneskapen. Dermed kom det ein drakonisk straffeskatt som gjorde ende på både formue og solvens. Mannen sat igjen med knapt nok skjorta han gjekk i, og det var for han ei overrasking at dei ikkje saug han tom for blod òg når dei fyrst var i gang! Kona valde på grunn av dette å søkje om skilsmisse. Ho sa rett ut til advokaten sin at ho var avhengig av ein mann som hadde pengar, ettersom ho sjølv eigentleg ikkje kunne andre ting enn å vere kone. Lønt arbeid og utdanning? Ikkje om helvete fraus til is! Etter å ha mista absolutt alt av materiell verdi i livet, valde yngstesonen å hengje seg same dag som han vart idømt besøksforbod mot kona og alle tre ungane. Klok av skade valde familien å kremere han og strø oska utover fyrste og beste strand. Dei var ikkje der lenge, ettersom måsane skeit sånn på dei.

Sjølvmordet til yngstesonen fekk stygge følgjeverknader på dei andre to sønene. Familienamnet vart sverta, ettersom alle i deira entourage såg på sjølvmord som noko fattige underklassetaparar gjorde. Det var ei feig handling reservert det avmektige, impotente joggebukseproletariat, ikkje noko som høyrde heime blant aristokratiet! Familien vart utfryst frå det gode selskap. Den mellomste sonen tok denne ostrakismen so ille opp at han vart alvorleg sjuk. Sjukdommen fekk håret til å falle av skallen på han, han mista evna til å gå, og han vart blind. Ei veke seinare døydde han i ofselege smerter framfor dei biletvakre andleta til sine tre born og kone. Snodig nok valde kona å ete oska hans i ein smoothie etter kremeringa, og det bekrefta presumpsjonen at galskap vart vanlegare dess høgare opp i stand ein kom. Noblesse oblige – adelskap forpliktar.

Eldstesonen var, i kraft av å vere eldst, klokare enn sine yngre avlidne brør. Han innsåg at her var det ikkje tilfeldigheiter som rådde. Her var det rein og skjer karma. Nokon høgt der oppe ville dei vondt, og dei fortente det til dei grader. Nemesis stod på døra og kravde hemn til siste bloddrope! Med den verdige mina til ein hærførar i eit mislukka felttog, kunngjorde han overfor den overjordisk vakre kona si at han ikkje lenger ville vere gift med ho. På jobben som leiar i eit mektig advokatselskap informerte han med stoisk ro at han herved trekte seg frå stillinga si og alle tilhøyrande verv med umiddelbar verknad. Ein ny leiar vart utnemnt, og han fekk alle sine eignelutar på kontoret pakka ned og sendt til Fretex. Til sine tidlegare kollegaer si lamslegne forbausing, valde han å takke nei til den låtteleg sjenerøse sluttpakken. Alle pengane skulle donerast anonymt til Norsk Forbund for Utviklingshemma. Same ettermiddag overskreiv han det overdådige palasset, den digre eigedommen og alt han eigde til si tidlegare kone og dei velskapte tenåringsdøtrene. Uhygge stod å lese i andleta deira. Han kunne like gjerne ha skrive eit testamente! Det einaste han hadde igjen i denne verda, var kleda han stod og gjekk i, pluss ein einvegsbillett til India. Han vende familien ryggen, og dei sjølv stod tilbake igjen grinande, omringa av haugar av gods, gull og statussymbol dei aldri nokosinne ville klare å nyte igjen. Det tok ikkje lange tida før eigedommen vart selt, og alle pengane – so nær som pengar som skulle gå til utdanninga til ungane – brukt til å opprette eit fond som bar familienamnet. Fondet skulle brukast til å gje gratis juridisk bistand til svakarestilte som kjende seg urettferdig behandla av hjelpeverjer eller andre halv-guddomlege skapningar. Det var nok overflødig å nemne at alle ungane no hadde bestemt seg definitivt for framtidig yrkesval. Legar, gartnarar, vaktmeistrar, lærarar, kokkar, røyrleggjarar – kva som helst. Men ikkje pokker om dei skulle bli noko som eingong likna på juristar!

Mannen såg aldri familien sin igjen. Han tilbragte resten av livet i ein lutfattig landsby nord i India, der han brukte dagane på veldedigheit under kummerlege, usle og uverdige forhold som sjølv Florence Nightingale ville ha jamra over. Soleis vart han det rake motstykket til sin grådige, forhatte, overstyrande far.

Her er det på sin plass å sitere sjølvaste Seneca: «In divitiis inopes, quod genus egestatis gravissimum est.» Eller på godt norsk for dei som ikkje kan latin: «Å vere fattig midt i rikdommen er den verste form for armod.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s