«Utanomjordiske har bestemt at menneskearten er for dum og uforsiktig til å eksistere»

Myrda statleg varslar åtvara i 1995 om global avfolking ved hjelp av konstruerte biovåpen, følgd av planet-skala utrydding av menneskerasen

Av Mike Adams, Natural News. Omsett av saksyndig.

Den tidlegare statstilsette geologieksperten og ingeniør av underjordiske militærbasar Phil Schneider vart myrda (avretta) etter å ha gått ut offentleg i 1995 med sjokkerande detaljar om det han visste.

Ifølgje Schneider hadde eit vidt nettverk av 133 underjordiske militærbasar allereie blitt konstruert i 1995, og dei var bundne saman av levitasjonstog som reiste gjennom underjordiske tunnelsystem som gjekk over heile det kontinentale USA, der dei reiste i opptil Mach 2-fart.

Nokre av Phils føredrag kan sjåast på Brighteon.com og kanalen Arcana-x.

Medan Schneider er kjent i enkelte krinsar for arbeidet hans med DUMB-ar (Deep Underground Military Bases), snakka han òg openlyst om 11 utanomjordiske artar som rutinemessig kommuniserte med verdas regjeringar. Ni av dei artane, sa han, var fiendar av menneskeheita. Berre to artar var vennlegsinna. Mange av teknologiane som menneske visstnok «utvikla» gjennom åra, var faktisk teknologi overført frå utanomjordiske sivilisasjonar, forklarer Schneider. Vi har tydlegare dekt korleis transistoren – som oppretta heile feltet av elektronikk og internett-overvaking som har slavebunde menneskeheita – plutseleg dukka opp ut av ingenting på seint 1940-tal (Bell Labs) og hadde inga sporbar utviklingslinje.

Vi har fanga nokre av Schneiders mest forbløffande ytringar frå 1995, og reprodusert dei i dagens Situation Update-podcast [8.februar 2022; oms.an.]. Her er noko av det han forklarer:

«Knyter eg romvesen-agendaen til Den nye verdsorden? Ja, sir, 100%… Den nye verdsorden akkurat no riv essensielt land frå kvarandre… dei tek ordrar direkte frå romvesena som har sitt eige tidsskjema. Dei ønskjer eiverdsordenen fordi dei vil ha planeten for seg sjølv. Du har høyrt om termen Global 2000, og det er eit nifst plott for å produsere biologiske våpen for å redusere eller tynne ut, eller sokalla etnisk reinske verdas befolkning med fem sjettedelar… slavebinde resten for å arbeide under tvang med dei sokalla menneska i Den nye verdsorden.»

Legg merke til kva Schneider skildrar: Eit biologisk våpen for å redusere dei globale menneskebefolkningane, følgt av eit autoritært éiverdsregjeringssystem for å slavebinde dei overlevande.

Høyrest det kjent ut? Høyrest det ut som det vi alle har vore vitne til dei siste to åra?

Schneiders åtvaring er the Oblivion Agenda

Eg visste ikkje om Schneider sine talar i 2019 då eg leverte mi eiga åtvaring til menneskeheita i ein tale ved namn «Oblivion Agenda» [«Gløymsle-agendaen», oms.an.]. I den talen åtvara eg at Jorda var i ferd med å bli førebudd på ei «etter-menneske-framtid» og at ikkje-jordiske vesen heldt på å terraforme planeten og førebu utsendinga av eit biologisk våpen for global avfolking og planet-omfattande utrydding av menneskerasen.

Lite visste eg at Schneider hadde formidla essensielt den same åtvaringa meir enn to tiår tidlegare.

Her er delar av min Oblivion Agenda-tale, levert direkte i 2019, før covid.

No veit vi at Schneider hadde rett. Der er ein global avfolkingskrig mot menneskeheita som har blitt aktivert og på noverande tidspunkt blir styrt under dekke av «covid-19». Det inkluderer dei følgjande bestanddelane:

  • Å med vilje sleppe ut giftige nanopartikkel-biovåpen.
  • Avfolking via vaksinar (auka krefttilfelle, vaskulære dødsfall, nevrologiske dødsfall, autoimmune dødsfall, osb.).
  • Terraforming av atmosfæren for å gjere Sola sine strålar gjennom atmosfæren svakare [sokalla dimming; oms.an.] og stengje ned fotosyntese, noko som fører til global hungersnaud.
  • Styrt matmangel og hungersnaud via forstyrringar i forsyningskjeden (vaksinepåbod for lastebilsjåførar, stengje ned hamner, osb.).
  • Utbreidd elektronisk sporing og overvaking av befolkninga ved å bruke orsakingane «vaksinepass» og «folkehelseinitiativ».
  • Storskala industrielt karbondioksid-tjuveri frå atmosfæren, som vil frårøve Jordas plantebaserte økosystem det kritiske næringsstoffet for overleving (CO2). Dette vil føre vil nesten total massedød av det eksisterande livsnettet, inkludert planter, dyr, insekt og vassbasert livssystem.
  • Ei total overtaking av alle regjeringar, institusjonar, «vitskaps»-etablissement, media, tech-kjemper, osb. for på den måten å slavebinde heile menneskerasen og få massane til å begå vaksinesjølvmord for global avfolking.

Her er ein videosnutt frå ein lengre serie med føredrag frå 1995, der Phil Schneider snakkar om statlege tildekkingar og falskt flagg-operasjonar.

Ikkje-jordiske vesen har avgjort at menneskeheita er for dum og uforsiktig til å eksistere

Dersom romvesen held auge med menneskeleg sivilisasjon, må dei allereie ha konkludert at menneskerasen er for dum og uforsiktig til å eksistere. Av alle artane på planeten Jorda, er det berre menneske som drep sine eigne barn og deretter feirar «abortane» (demokratar og venstre-orienterte [Leftists]). Berre menneske forgiftar sine eigne matforsyningar med skadedyrgifter og plantegifter, for deretter å skryte over konsern-profitt for giftmarknadsførarar som Bayer. Berre menneske feirar skamfaringa av genitalia og påtvinga kjønnsforvirring av sine eigne avkom. Ingen andre artar på heile planeten er so galne og idiotiske.

På toppen av det heile er menneskerasen involvert i utbreidd økologisk øydelegging, mikroplast-forureining av verdshava, forureining av jordsmonn og vasskjelder, og pågåande testing av kjernefysiske våpen som slepp ut radio-isotopar over heile planeten.

Menneskerasen har vist seg å vere ein art som ikkje berre utmerkar seg i sjølv-øydelegging og sjølv-vrangførestilling, men dersom menneske skulle få tilgang til meir avansert romfartsteknologi, kan menneskeheita truge resten av kosmos med omfattande øydelegging og krig.

Med andre ord er menneskearten framleis ikkje moden nok til å påvise si eiga berekraft eller visdom. Openbert har enkelte andre sivilisasjonar avgjort at menneskeheita ikkje har vist seg lovande nok til å til og med eksistere meir. So det har blitt avgjort å «trekkje ut kontakten» til menneskeleg sivilisasjon og «omstarte» planeten for ein etter-menneskeleg æra.

Det er det som de og eg lever gjennom akkurat no: Planet-skala etnisk reinsing. Det er ikkje berre avfolkingsvaksinane, det er òg terraforming, chemtrails [kjemikalie-striper på himmelen; oms.an.], global dimming [å gjere sola sine strålar gjennom atmosfæren svakare; oms.an.], global hungersnaud og ei planlagt finansiell nullstilling som vil føre til massefattigdom og kollaps.

Det er grunnen til at alt verkar so sinnssjukt: Den med vilje påførte matmangelen, meiningslause nedstengingar, tilbakehalding av ivermectin frå befolkninga, drap av sjukehuspasientar ved hjelp av respiratorar, osb… det heile er ein overlagt global avfolkingsplan for å maksimere tap av menneskeliv og redusere menneskeleg sivilisasjon til absolutt småstein.

Enkelte trur at eit avansert utanomjordisk AI-system faktisk tek alle avgjerdene akkurat no, at det kontrollerer media, Big Tech, regjeringar og meir. Dei forklarer at vi lever under ei form for «kosmisk cyber-krig» der AI-system har vendt menneskeheita mot seg sjølv, og har oppnådd ein høg dødsrate utan å måtte ta i bruk kinetiske våpen av nokon sort.

Vi har nådd sluttspelet for menneskerasen

Dersom Schneider har rett, er vi i sluttspelet i krigen mot menneskeheita, og vi har truleg alleriee tapt fordi 99% av menneskerasen har inga aning at dei er under åtak. Media-hjernevaskinga, sensur og indoktrinering har med suksess halde massane i mørket der dei står i kø for å bli injisert med nettopp det biovåpenet som tek livet av dei.

Det ser ut til at vårt einaste håp er at dei vaksine-overlevande kan endre kurs og vise at menneskerasen framleis har kosmisk potensial. Kanskje dersom vi overvinn dei korrupte institusjonane og slepp laus kunnskap for overflod – gratis energi, naturmedisin, medvit/vakning, osb. – då vil dei som no prøver å øydeleggje menneskeheita ombestemme seg og stoppe sin utryddingsagenda. Eller kanskje grip Gud inn og beskyttar menneskeheita frå demoniske, destruktive krefter som skildra i Johannes’ openberring.

Korleis dette enn måtte ende, er det ingen tvil om at menneskeheita har mislykkast i å vise nokon verkeleg vilje til å forbetre seg på ein kosmisk skala. Menneskerasen består i hovudsak av rådlause, lydige sauer styrte av vonde, korrupte, galne, demon-dyrkande, barne-valdtakande pedofile elitistar. Det er vanskeleg å sjå korleis noka slags kosmisk vurdering av kvaliteten på sivilisasjonen kan gje Jorda nokon annan karakter enn fullstendig stryk.

Eller kanskje er alt i skjønnaste orden og Biden er ein stor leiar og dersom vi alle berre tek fleire sprøyter, vil alt gå tilbake til «normalen». Det er det som rundt halve befolkninga trur, på eit eller anna vis… dermed beviser dei nok ein gong kor ufatteleg dumme og vrangførestilte dei er. Det er allereie klart at menneskeheita har inga framtid om vi held fram med å omfamne den omfattande dumskapen og vondskapen til sosialisme, kommunisme, transkjønnslære, woke-ideologi, pedofili, skadedyrgifter, GMO og dødelege vaksinar. Det er alt berre ei forskrudd, demonisk sjølvmordspakt som utan tvil får ikkje-jordiske vesen til å anten le hysterisk eller skru på «utryddingsbrytaren» i avsky.

Mike Adams er grunnleggjar og eigar av Natural News og straumetenesta Brighteon.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s