Dr. Shankara Chetty til Grand Jury: Alvorleg covid-sjukdom kjem av ein allergisk reaksjon på piggproteinet

Den sørafrikanske legen Shankara Chetty gav sitt vitnesbyrd på dag 3 av Reiner Füllmich og Viviane Fischer si høyring i Storjuryen (Grand Jury Proceeding by the Peoples’ Court of Public Opinion på engelsk). Han har gjort omfattande forsking på Covid, og konkludert med at alvorleg sjukdom forårsaka av SARS-CoV-2 faktisk er ein allergisk reaksjon på piggproteinet (engelsk spike protein). Ved hjelp av ein behandlingsprotokoll som mellom anna inkluderer hydroksyklorokin, har han behandla ti tusen pasientar utan eit einaste dødsfall eller sjukehusinnlegging.

Han fatta tidleg mistanke om at noko med «pandemien» ikkje stemte. I hans eigne ord (henta frå Daily Exposé og omsett av saksyndig):

«Eg etterforskar alt, og eg forsikrar meg om at eg fell tilbake på kunnskapen eg har tileigna meg i dei åra av tertiær utdanning og trur verkeleg ikkje på ting so altfor lett… med kontroversen rundt hydroksyklorokin, med PCR-testen som blir brukt som diagnoseverktøy, med påstanden om at der finst asymptomatisk spreiing, hadde eg ein svært sunn skepsis for det eg vart fortalt. So, med kunnskapen eg hadde, bestemte eg meg for å ta denne [Covid].»

Då han fann ut at Covid var eit luftvegsvirus, fall hydroksyklorokin han med éin gong i tankane. Han har brukt dette legemiddelet – som òg blir kalla plasmokin – i fleire tiår, og det har ein brei antiviral effekt. Valet på hydroksyklorokin var difor for han openbert. Som han sjølv fortel:

«Eg kjøpte opp so mykje hydroksyklorokin som eg kunne, og deretter, to dagar seinare, fjerna regjeringa her i Sør-Afrika det frå apotekhyllene. Heldigvis hadde eg det på lager, og eg hadde førebudd det for pasientane mine.»

Pasientane hans var uroa for at han kom til å måtte stengje. Han forsikra dei alle om at han skulle stå i denne stormen, og undersøkje kvar og ein av dei for å forstå kva dei faktisk hadde med å gjere.

Dr. Chetty gjorde seg nokre interessante observasjonar rundt det typiske forløpet av Covid-sjukdom. Under fyrste bølgja la han merke til at for ei lita undergruppe av pasientane, skjedde følgjande på den åttande dagen etter at symptoma (til dømes sår hals) dukka opp: Dei fekk pustevanskar. Det gjekk då opp for legen at han hadde med to patologiar å gjere: dei to fasane av sjukdom hadde ingen korrelasjon seg imellom. Han arbeidde seg difor fram til hypotesen om at den andre patologien, den sokalla «åttedags-sjukdommen», var ein allergisk reaksjon på piggproteinet.

Han behandla dermed pasientane for Covid som om han ville ha behandla ein kva som helst slags annan allergisk reaksjon. Den allergiske reaksjonen på dag åtte gjentok seg i andre og tredje bølgja. Dr. Chetty kurerte alle pasientane han behandla.

Trass suksessraten på 100%, nekta den etablerte legestanden å akseptere legen sitt arbeid rundt den sokalla patogenesen til Covid-sjukdom. Sjølv trur dr. Chetty at dette er fordi han har bevist at piggproteinet er det primære patogenet (det sjukdomsskapande elementet i koronaviruset). Ifølgje han, «om du aksepterer at piggproteinet er primærpatogenet, viser det vaksinane i eit svært farleg lys. Dersom de ikkje aksepterer kva som forårsakar alvorleg sjukdom og død, korleis kan du påstå at produktet dykkar [vaksinane] kan hindre det? Vi veit at det ikkje er ein vaksine fordi den ikkje hindrar infeksjon og overføring. Den eksponerer deg til piggprotein. So, klart, dersom du er allergisk mot piggprotein, verkar vaksinen som eit desensitiveringsverktøy.»

Dr. Chetty gjorde òg den noko urovekkjande oppdaginga at dei ulike variantane av viruset påverka ulike folkeslag:

«Den fyrste bølgja påverka berre svarte. Den andre påverka berre dei av indisk opphav. Og den tredje, omikron, påverka berre kvite og dei av arabisk opphav. ‘Deretter såg eg på verda rundt meg og oppdaga at nøyaktig det same skjedde i Amerika.’.»

Dette drog merksemda hans over til noko langt meir vondsinna:

«Eg visste at eg hadde med eit konstruert virus å gjere… Fordi dersom dette var planlagt på førehand, er det byrjinga på etnisk reinsing. Det er ei forståing av korleis ein påverkar ulike system og korleis ein påverkar ulike befolkningsgrupper med mutasjonane som du plasserer i eit virus. Og so visste eg frå det punktet av at eg sannsynlegvis har å gjere med eit biovåpen.»

Dr. Shankara Chetty har, i tillegg til sin praksis som allmennlege, bakgrunn i genetikk, avansert biologi, mikrobiologi og biokjemi. Heile transkripsjonen av høyringa kan lesast her. Intervjuet kan sjåast i same linken.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s