Menneske blir pesten: Bill Gates i ferd med å utvikle nål-laus vaksine som spreiar seg som eit virus til dei uvaksinerte

Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.

Ny forsking finansiert av det amerikanske folkehelseinstituttet (NIH) og Bill & Melinda Gates Foundation har som mål å utvikle ein nål-laus vaksine som kan spreie seg som eit virus, heller enn å bli injisert, noko som gjer det umogleg for nokon å forbli uvaksinert.

Målet er å skape ein vaksine som menneske «får» utan sitt samtykke, og utan behov for nokon injeksjonar. Vaksinen kan bli overført frå ein person til den neste som ei forkjøling, med andre ord.

Ei avhandling om emnet påstår at smittsame vaksinar vil vere noko mindre dødelege enn tradisjonelle injeksjonar, «men ikkje ikkje-dødelege: dei kan framleis drepe.»

«Nokre vil døy som elles kunne ha levd, sjølv om færre døyr til saman,» forklarer den vidare. «Det andre momentet er at det ikkje er noko samtykke (for vaksinering) frå fleirtalet av pasientar.»

Dei som støttar konseptet seier at det ikkje er ulikt frå å tilsetje fluor i drikkevatn, noko som involverer massemedisinering av befolkninga med eit legemiddel som visstnok hindrar tannråte.

Som vatn med fluor, kan nål-lause vaksinar bli administrert med tvang ved hjelp av metodar som gjer folk ute av stand til å velje dei vekk.

«Ingen blir spurt om dei gjev samtykke, sjølv ikkje dei som er ueinige,» seier professor Dominic Wilkinson, ein spesialist i medisinsk etikk ved Universitetet i Oxford som tydelegvis støttar ideen.

«I staden stoler vi på at folkevalde tek ein gjennomgang av dei sannsynlege helsefordelane og tek avgjerder basert på bevismaterialet. Eg trur ikkje at det finst noko grunnleggjande ulikt når det kjem til ideen om sjølvspreiande vaksinar.»

Sjølvspreiande «vaksinar» kan lett bli gjort om til biologiske våpen, åtvarar vitskapsfolk

Alt dette er som musikk i øyra til Bill Gates, som i fleire tiår har jobba ivrig for å tvangsvaksinere heile planeten gjennom kvart enn middel som er mogleg.

Gates har lenge fremja kvar og ein vaksine, inkludert Covid-19-injeksjonar som han har som intensjon å pare med subkutan [under huda] quantum-dot-teknologi. Dette konseptet har parallellar med «Dyrets merke»-konseptet som ein finn i bibelske tekstar.

«Slikt eit sjølvspreiande våpen kan vise seg å vere ukontrollerbart og irreversibelt,» åtvarar doktor Filippa Lentzos, ein senior-førelesar i vitskap og internasjonal tryggleik ved King’s College i London.

Lentzos seier at det å sleppe laus sjølvspreiande vaksinar kan gjere det mogleg for kriminelle å gjere dei om til biologiske våpen, om ein då reknar med at dei ikkje er biologiske våpen til å byrje med.

Professor Jim Bull, ein ekspert på smittsame sjukdommar ved Universitetet i Idaho som overvakar utviklingar i overførbare vaksinar, har sagt at det framleis er uklart om sjølvspreiande vaksinar i det heile er moglege.

«Det store hinderet akkurat no er å vete om vi kan lage dei eller ikkje,» skal vere eit sitat frå han.

Departementet for helse og sosialomsorg ved Bulls skule fortalde Good Health at ingen forsøk for nokon sjølvspreiande vaksine «vil finne stad utan å gå gjennom stringent regulering og etisk godkjenning.»

Ja, særleg.

«Dersom han verkeleg gjer dette – eg tviler på at det er sant – vil eg gå etter han personleg,» skreiv ein lesar i Newspunch; han refererte til Gates.

«Eg tviler ikkje på dette i det heile,» svarte ein annan. «Berre hugs, Gates er den som òg ein gong var ein stor tilhengjar av massiv global avfolking.»

Nokon andre var forundra over kor lett monster som Gates berre heldt fram å avdekkje dødsapparat etter dødsapparat, alt fordekt som ting som visstnok hjelper til å «redde liv».

«Lat meg seie det på den måten: Eg trur at elitane ville elske å lage eit virus som vil forårsake skade hjå andre utan å mislykkast, men Gud skapte menneskekroppen med eit fantastisk, kraftig immunforsvar som er ei veldig hard nøtt å knekkje dersom kroppen din får det den treng når det gjeld kosthald,» sa ein annan person som gav eit glimt av håp.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s