Utviklingstvang, mindfulness og anna tøys og tull frå New Public Management

I 2015 snakka den danske psykologen Svend Brinkmann om sokalla «utviklingstvang», som er kravet om at vi stadig skal utvikle oss, både som menneske og som arbeidstakarar. I 2015 figurerte sjølvhjelpsbøker på toppen av salslistene til forlag, der dei kom med meir eller mindre kvalifiserte råd om korleis vi skulle bli meir lykkelege, leve betre og bli «den beste versjonen av oss sjølve». På jobben skulle vi naturlegvis tenkje positivt, seie ja og helst utvikle oss heile tida. Brinkmann gjekk mot straumen og gav på den tida ut boka «Stå i mot. Si nei til selvutvikling.»

Kvifor meinte han at vi skulle seie nei til dette? I hans eigne ord:

«Jeg er kritisk til og bekymret for det jeg kaller en utviklingstvang, at vi konstant skal være i bevegelse, fleksible, omstillingsparate og innovative, især i arbeidslivet. Men alle mennesker har bruk for en pause, og til å stå stille. Det er uverdig og krenkende å få beskjed om at det er feil å være kritisk og negativ, sier han.»

Ifølgje Brinkmann er det nokre gonger greitt å seie nei. Han er kritisk til at folk kan styre sine eigne liv, at dei kan «designe sitt liv til lykke». Han meiner vi kan lære mykje av dei greske filosofane som blir kalla stoikarar. Det er derfrå uttrykket «å ta noko med stoisk ro» kjem frå:

«Stoikerne er opptatt av sinnsro, psykologisk balanse, at man ikke må streve etter noe mer, noe nytt, og de er opptatt av verdighet, måtehold og selvbeherskelse, verdier som står i motsetning til de vi etterspør i dagens samfunn. Jeg har lett etter et tankesett som kan fungere som en motgift mot stress og depresjoner. Det gjelder å være tilfreds med det man har, både personlig og som samfunn, sier han.»

Å heile tida kjenne på «magefølelsen», å heile tida «leite etter svara inne i oss sjølve» kan få oss til å oversjå tydinga av andre menneske, og plikter vi har overfor andre. Som psykolog blir Brinkmann bekymra når han les om toppleiarar som seier at dei navigerer etter magekjensla. Eit ikkje akkurat objektivt leiingskriterium, som eg nok trur kan vere ei av forklaringane bak dei merkelege leiaravgjerdene vi ser i nyare tid. Som Brinkmann sjølv seier:

«Jeg mener at man må konsultere fornuften før man tar avgjørelser, og gjøre ting selv om det ikke alltid kjennes godt.»

Vidare har han eit viktig poeng når det gjeld å fokusere på det negative:

«Hvis vi kun skal være positive og snakke om suksesser så kan vi aldri løse problemene. I medarbeidersamtaler på arbeidsplassene skal man fokusere på det positive, og på hvordan man skal utvikle seg selv. Men hva om noen har opplevd noe vanskelig på jobben? Det må man kunne snakke om, sier Brinkmann.»

Eg hadde ein gong ein leiar som kalla alle problem for «utfordringar», i tråd med «nytalen» til det sokalla «Nye arbeidslivet» («New Public Management»). Haldninga hennar bikka fort over i at ho ikkje ville vedkjenne seg dei mange og alvorlege problema på arbeidsplassen. Som eit resultat hadde avdelinga stor utskifting i personalgruppa, skyhøgt sjukefråvær og til og med eit tilfelle der verneombodet og fleire tilsette prøvde å få vedkomande fjerna som leiar. Ein kan trygt seie at ho nedla forbod mot å snakke om alle dei vanskelege tinga på arbeidsplassen, noko som naturlegvis er nokre av dei største feila ein kan gjere som leiar.

Eit anna viktig punkt frå Brinkmann, er at det på jobben kan vere fornuftig å seie nei til endringar som hindrar deg i å få gjort jobben din skikkeleg. Som eit døme viser han til at danske lærarar i 2014 gjekk ut i streik i protest mot innføringa av ei (unødvendig?) skulereform. For vaksne menneske kan det òg faktisk vere lurt å undertrykkje kjenslene sine, noko som går mot straumen når det gjeld sokalla «coachar» sine råd om å uttrykkje kjensler, slik at dei ikkje samlar seg opp og vi «eksploderer» ein vakker dag. Brinkmann seier kort og greitt at dersom du har ein slik «coach», skal du seie han opp på flekken. Og sjølvhjelpsbøker? Hiv dei i bosset – og les ein roman i staden. I alle gode romanar les du det openberre faktum at alle menneske har problem, og korleis dei sjølv vel å løyse dei.

Som eit siste punkt meiner Brinkmann at vi skal dvele ved fortida. Dette går i mot mantraet at vi skal «leve i nuet», at vi skal ha visjonar for framtida og ikkje vere oppteken av fortida. «Vi skal ikke ha røtter, bare føtter». Med andre ord skal vi vere rotlause og ikkje lære av feila våre. Gjev ikkje vi då avkall på vår eigen identitet? Det meiner Brinkmann at vi gjer:

«Hvis vi skal ha integritet må vi streve etter å være den samme. Hvis ikke kan ikke andre mennesker regne med deg. Vi har forpliktelser. Bare dyr lever i nyet og er bundet til sine drifter og instinkter.»

Her er Brinkmanns sju trinn:

  1. Slutt å kjenne etter
  2. Fokuser på det negative i livet ditt
  3. Ta på deg nei-hatten
  4. Undertrykk kjenslene dine
  5. Gje coachen sparken
  6. Les ein roman
  7. Dvel ved fortida

Sokalla «mindfulness» var på moten tilbake i 2015. Alle skulle sitje på ræva og meditere – i arbeidstida. Kontordamer i administrasjonen utøvde det eg ville karakterisere som misbruk av arbeidstida, ved å sitje på ei yogamatte på golvet på sitt vesle, kommunale kontor-kott og meditere på høglyse dag – medan arbeidsoppgåvene deira tårna seg opp og telefonar ringde so røyra hoppa av. Då leiinga bestemte seg for å sende administrasjonen på mindfulness-kurs for å lære dei å handtere stress, gjekk produktiviteten drastisk ned i verksemda, og saksbehandlingstida vart to veker lengre – minst. Dette er slik eg personleg hugsar det. Dei sjølve vil naturlegvis tenkje tilbake på den tida som «nødvendig utvikling som ansatte og kollegaer».

Grunnen til at desse «kontordamene» vart so stressa av jobben sin, kom av sjølve den sosioøkonomiske og politiske strukturen i den store vestlandsbyen dei jobba i (for å låne eit omgrep frå Ole Jacob Madsen i boka si «Det er innover vi må gå», som er eit kritisk oppgjer med sjølvhjelpslitteraturen og «mindfulness-impulsen»). Dei var rett og slett ikkje flinke i jobben sin på grunn av måten arbeidsplassen var organisert på. Og dette dyre mindfulness-kurset som arbeidsgjevar sendte dei på, lærte dei ikkje å gjere jobben sin betre: dei vart i staden lært opp til å gje faen i at dei gjorde ein dårleg jobb!

Eg har min eigen teori om korleis denne «utviklingstvangen» oppstår. Det når dei på toppen keiar seg og føler at dei må rettferdiggjere at dei får altfor høg løn i forhold til sin faktiske nytteverdi (les òg antropologen David Graeber si glimrande bok «Bullshit Jobs» frå 2018). På eit eller anna vis får desse toppleiarane det føre seg at der er behov for endring i verksemda, spesielt når det ikkje er noko behov for endringar i det heile. Deira underordna, som har jobbar med reell nytteverdi for samfunnet, og gjer jobbane sine utmerka, må på grunn av denne utviklingstvangen plutseleg tilpasse seg nye oppgåver eller nye måtar å gjere dei same oppgåvene på. Resultatet er at kvaliteten på tenesteytinga går ned. Eit totalt unødvendig paradigmeskifte har funne stad, og alle har det verre. Fisk blir tvinga til å sykle, og deretter gjort narr av når dei krasjar. Verksemda som eit heile fungerer dårlegare, og snart oppstår det eit ekte behov for endring: folk kan bli sagt opp. Alt berre fordi dei på toppen keia seg og følte at dei måtte rettferdiggjere sin eigen eksistens i verksemda. Vrangførestillingar og stormannsgalskap blir kombinert med trongen til å vise kor «nyttige» dei er, og kan i ytste konsekvens føre til oppseiing av dei som faktisk er til nytte for verksemda.

Misforstå meg rett: å utvikle seg som menneske, kollega og tilsett er vanlegvis av det gode. Dei fleste har godt av endringar som fører til at dei gjer ein betre jobb. Men utvikling for ein kvar pris, òg når det ikkje på nokon måte er behov for det? Eg tek på meg «nei-hatten» i dei tilfella. Kvar generasjon av nye leiarar treng ikkje å finne opp hjulet på nytt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s