Bergen kommune seier nei til koronasertifikat – vil heller betre intensivkapasiteten

Fredag 11.februar 2022 kom det eit usignert høyringsnotat på nettsidene til Regjeringa der ein ville ha forlenging av reglane om koronasertifikat. I dette kontroversielle og urovekkjande høyringsnotatet stod det mellom anna å lese at regjeringa vil innføre tvangsvaksinering av mellom anna barn heilt ned i barnehagealder, og at arbeidsgjevarar skal få høve til å seie opp eller gje avskjed til tilsette som ikkje ønskjer å ta vaksinar. Høyringsnotatet reknar dei sokalla korona-«vaksinane» som del av desse vaksinane.

Ikkje overraskande har dette notatet møtt stor motstand i folket, og sjeldan har so mange høyringssvar kome inn frå eit folk som er rasande og utslite etter to år med varierande grad av fridoms- og økonomiøydeleggjande restriksjonar. Faktisk.no prøvde seg med ein «faktasjekk» der dei skriv at dette forståelege raseriet er «bygd på feilinformasjon og misforståelser».

Bergen kommune leverte via Byrådet 24.februar sitt høyringssvar (sak 1053/22). Dei meiner at heimelen for innanlands bruk av koronasertifikat ikkje bør forlengast.

Bergen kommune meiner at det skal mykje til for at gjeninnføring av tiltak vil vere forholdsmessig (altso lovleg). Ifølgje dei er behovet for å gjeninnføre inngripande tiltak på dei områda som koronasertifikat er aktuelt å bli benytta, lite sannsynleg ettersom befolkninga er godt beskytta gjennom vaksinering (ja, særleg!) og at det skal stadig meir til for at gjeninnføring av tiltak vil vere forholdsmessig.

Dei skriv (saksyndig si utheving):

«Ved forventet utvikling av pandemien vil sykdomsbyrden i befolkningen snart være avtagende, selv om en liten andel av befolkningen har valgt å ta personlig risiko ved å ikke følge anbefalingene om vaksinasjon. Eventuelle nye tiltak må forventes å møte stor motstand i befolkningen, noe som vil kunne ha betydning for etterlevelsen av tiltakene. Også forskjellsbehandling på grunnlag av vaksinasjonsstatus må antas å møte motstand i befolkningen

Neimen! Her ser Bergen kommune ut til å ha gjort ei heilomvendig. I slutten av mai 2021 innførde mellom andre Bergen kommune munnbindplikt for uvaksinert helsepersonell, medan fullvaksinert personell slapp, noko som jo er sjølve skuleeksempelet på forskjellsbehandling på grunnlag av vaksinasjonsstatus. Uvaksinerte vart tvinga til å vise kollegaer, bebuarar og pårørande kva som var deira vaksinestatus (munnbind = uvaksinert). Har dei innsett kor etisk gale dette var, og kor mykje liding dette har påført oss? Vil vi uvaksinerte som var so uheldige å jobbe i helsesektoren på den tida få ei offentleg orsaking frå ordføraren? Sikkert ikkje, men dei har i det minste teke eit steg i riktig retning, over til rett side av historia.

Dei meiner òg at fortsatt bruk av koronasertifikat vil «forutsette en kapasitet for testing i kommunal regi langt ut over det som er medisinsk faglig berettiget».

Økonomien speler nok òg ei rolle, trur eg personleg. Kor mykje denne ukritiske massetestinga av friske menneske faktisk har kosta Bergen kommune, er nok eit tal so stort at dei færraste vil vedkjenne seg det. I tillegg kjem kostnadene ved korttidsfråvær frå jobb på grunn av ein «positiv» PCR-test eller hurtigtest, noko som sannsynlegvis òg er ein svimlande sum.

I tillegg meiner Bergen kommune at «krav om fremvisning av helseopplysninger, som fremvisning av koronasertifikat, innebærer en betydelig personvernutfordring».

Til slutt skriv Bergen kommune følgjande, som ikkje kan tolkast som noko anna enn ei innstendig oppfordring til dei som sit med makta:

«Bergen kommune vil påpeke at det er et nasjonalt ansvar at det opparbeides tilstrekkelig intensivkapasitet i helseforetakene til at samfunnet kan fungere mest mulig normalt i møte med utbrudd av smittsomme sykdommer.»

Når sjølv landets nest største kommune er imot dette tyranniske og samfunnssegregerande koronasertifikatet, kan eg berre håpe og be om at Regjeringa tek til fornuft og droppar heile prosjektet. Om dei då likevel innfører koronasertifikatet, vil dei i so fall handle i strid både med folket sin vilje og våre interesser. Då har dei vist kven dei eigentleg har sin lojalitet til. Å splitte samfunnet og utstøyte og utfryse fleire hundre tusen menneske, vitnar om ei haldning til menneskerettar og grunnlov som ikkje er demokratiske styresmakter verdig.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s