Bemanningskrisa i helsesektoren har alltid handla om økonomi – og resultatet er utslite personale og neglisjerte bebuarar

Den offentlege helsesektoren har i mange år slite med bemanning. Anten har ikkje helseføretaket «hatt råd» til å tilsetje nok helsepersonell til å gje eit verdig tilbod til bebuarane, eller so har det – iallfall i nyare tid – bokstavleg tala ikkje vore personale å oppdrive. Dei som allereie er tilsett i føretaket, genererer stort fråvær som kan skuldast reell sjukdom. Då blir det meir igjen å gjere for dei som faktisk tek seg bryet med å kome på jobb. Vi kan ikkje gjere anna enn å prøve å yte lovpålagte tenester til bebuarane etter beste evne.

Går det ut over helsa, trivselen og verdigheita til bebuarane at det nesten utan unntak er for få personale på jobb? Utan tvil. Å påstå noko anna, er å leve i fornekting.

Det som er nytt med bemanningskrisa, er at det no ikkje er økonomi det står på. No er problemet at so å seie alt tilgjengeleg helsepersonale er som sokke i jorda. Jobbar blir lyst ut i hopetal kvar månad rundt om i den offentlege helsesektoren, men kvalifiserte kandidatar har blitt sjeldan vare. Til slutt må føretaket berre ta inn nokon for å kunne drive forsvarleg drift – som regel ein utlending som nesten ikkje kan språket. Vil dette få negative effektar på bebuarane sin kvardag og deira bistandsbehov? Garantert.

I «gode, gamle dagar» (før 12.mars 2020) påstod helseføretaka at den dårlege bemanninga til dømes i helgane skuldast økonomi: føretaket hadde ikkje midlar nok til å ha tre personale på ei dagvakt laurdag; dermed vart det (og er det) berre to. To personale skulle då gjere alt arbeidet som tre personale med naud og neppe klarer å slite seg gjennom på ei vanleg dagvakt i vekedagane måndag til fredag. Leiinga sa at det ikkje var økonomi til å ta inn tre personale òg laurdag og sundag – likevel var det økonomi til å utbetale millionlønningar til toppleiinga, og til å blåse vekk fleire hundre tusen på kontorpersonale med tvilsam nytteverdi for føretaket.

So kom «pandemien» og kasta sand i eit maskineri som i mange år nett so vidt hadde gått rundt. Meiningslause, uvitskaplege og beint fram ulovlege «tiltak» gjorde arbeidskvardagen endå hardare for dei utslitne helsefagarbeidarane, hjelpepleiarane, omsorgsarbeidarane, sjukepleiarane og assistentane. Alle vi gjorde vårt beste for å få kvardagskabalen til å gå opp. So kom denne pandemi-sanden og gjorde alt mykje, mykje verre. For å gjenta meg sjølv, skulle alle halde avstand, halde kjeft og for all del ikkje gje kvarandre ein sårt trengt klem.

Medan bebuarar døydde som fluger rundt oss av tapt livsgnist, vart vi CO2-forgifta av konstant munnbindbruk og terrorisert av ei uberekneleg og ureieleg regjering som kom med stadig nye ordrar på sine tallause pressekonferansar. Kan alle av oss med handa på hjartet seie at vi gjorde vårt beste for å ivareta interessene til bebuarane? Eg kan berre snakke for meg sjølv når eg seier at eg i det minste gjorde eit ærleg forsøk. Det kosta meg jobben og nesten livet.

Og no, når «pandemien» er over (om den då har vore her i det heile), og Russlands president plutseleg er blitt det 21.hundreårets nye Hitler på grunn av sitt åtak på Ukraina (som garantert ikkje skjedde uprovosert) – kor stiller det oss som hardt prøvd helsepersonell? I eit heller dårleg lys. Sjukefråværet har aldri vore so høgt. Langt høgare enn i gode, gamle dagar, då berre «dårleg økonomi» vart brukt som konstant salderingspost. Betydeleg høgare enn under «pandemien» då faktisk veldig få av oss vart reelt sjuke av dette koronaviruset som enkelte kallar fiktivt, og andre kallar eit biologisk våpen.

Ikkje berre er fråværet historisk høgt, helseføretak over heile landet har alvorlege problem med å få tak i helsepersonell. Enkelte må diverre ta inn folk frå gata, folk som knapt kan setje saman ei akseptabel setning på norsk. Er det til bebuarane sitt beste å leve på nåden til nokon som ikkje forstår dei? Definitivt ikkje.

Kven har so skulda for dette uføret? Svaret er temmeleg enkelt: dei same som år etter år kutta i midlane til pleie og omsorg. Dei same som 12.mars 2020 innførde «pandemi» og ein unntakstilstand som varte i nesten to år. Dei same som no påstår at Russland fullstendig uprovosert har gått til åtak på stakkars, uskuldige Ukraina. Og dei same som prøver å snikinnføre eit koronasertifikat som i verste fall vil gje fullmakter til å tvangsvaksinere små ungar, eller gje avskjed til (utslite) helsepersonell som ikkje ønskjer å ta det som til ei kvar tid blir kalla «vaksinar».

Helsepersonell er utslitne og/eller vaksineskadde, og det er høgst sannsynleg dette som er årsaken til det største sjukefråværet vi har sett i manns minne.

Bemanningskrisa har alltid handla om økonomi. Personalet slit seg ut under elendig bemanning og skyhøgt sjukefråvær. Bebuarane lid under forhold som berre vil bli meir og meir kritikkverdige. Ønskjer ein at helseføretaka skal måtte stengje eitt etter eitt fordi det ikkje lenger er mogleg å oppretthalde forsvarleg drift? Ein skulle nesten tru det. Kva vil då skje med bebuarane? Her har eg fleire svar, som (heldigvis) berre er kvalifiserte gjettingar.

Svar 1: Familien må ta seg av dei, slik ein må med sjuke og eldre i land utan skikkeleg helsevesen og omsorgstenester.

Svar 2: Dei meir velståande eldre må betale i dyre dommar for private omsorgstenester.

Svar 3: Med ingen til å gje dei mat, stelle dei og gje dei husrom, vil bebuarane bli overlatne til den sikre død.

Det finst eit fjerde svar, som er hakket betre enn å døy av omsorgsforsømming. Den dagen helsepersonell har blitt skvisa ut av helsesektoren anten på grunn av sviktande helse eller fordi dei har fått sparken på grunn av vaksinenekt, er einaste løysinga (som iallfall eg kan sjå) å hente inn personale frå Heimevernet eller Sivilforsvaret. Har nokon av dei erfaring frå til dømes eldreomsorg eller miljøarbeid med psykisk utviklingshemma? Sannsynlegvis ikkje. Om dei mot største formodning har «varme hender», er det fordi dei nettopp har fyrt av eit automatvåpen. Er det, sjølv i ordets vidaste tyding, på nokon måte til bebuarane sitt beste å få slike til å gje dei mat, «omsorg» og «verdigheit» i sitt livs haust?

Det kan eg ikkje førestille meg i mine villaste fantasiar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s