Ifølgje MSNBC blir du høgreekstrem av å trene og ta vare på helsa di

Tru det eller ei, byrjar hovudstraumsmedia no å prøve å vinkle det til at styrketrening, kampsport og ein sunn livsstil kan gjere deg høgreekstrem – meir spesifikt, medlem av eit arisk brorskap som vil ha kvitt overherredøme over verda. Paul Joseph Watson i InfoWars skriv følgjande (saksyndig si omsetjing):

«MSNBC publiserte ein artikkel som påstod at tvilsame folk på Telegram sin messenger-service rekrutterer høgreekstreme følgjarar ved å snakke om helse og trening.

Ja, verkeleg.

Openbert er helse og trening den nye inngangsportalen til ytre høgre.

Ein artikkel med tittelen «Pandemic fitness trends have gone extreme – literally” (“pandemisk trening har blitt ekstremt – bokstavleg tala”) slår fast at fascistiske «gym-brør» koloniserer kampsport-stader som ei form for hemmeleg plan for å forsterke «nynazistiske og kvitt overherredøme-ekstremist-ideologiar.»

‘Fysisk trening har alltid vore sentral for ytre høgre,’ skriv Cynthia Miller-Idriss, som tidlegare skreiv artiklar som sverta dei kanadiske lastebilsjåfør-demonstrantane som ytre høgre-ekstremistar.

Å drive med ‘mannekroppen, trening, maskulinitet, testosteron, styrke og konkurranse’ og omfamne «formidling rundt solidaritet, heroisme og brorskap’ er openbert ein dårleg ting og ein frampeikar mot rasevald.

Artikkelforfattaren [Miller-Idriss] påstår at folk som knyter fysisk trening og velvære til ‘å fremje konseptet at fysiske krigarar trengst for å skape styrken og dominansen til å forsvare eins eige folk frå ein oppfatta fiende’, skaper rammene for kvitt overherredøme-radikale.

Ingen konkrete døme på noko av det som blir påstått i artikkelen blir presentert.

Folk reagerte med å hudflette MSNBC for å framprovosere endå meir skadeleg splitting.»

Får ein plutseleg ei hakekors-tatovering på skuldra om ein tek ti armhevingar? Det kan nesten verke sånn, iallfall om ein skal tru frøken Cynthia Miller-Idriss i hovudstraumsmedia-kanalen MSNBC! Det er nok her snakk om ei misforståing av elementære årsaksforhold, kva som kjem fyrst av høna og egget. Mange som er høgreekstreme er muskuløse og i god fysisk form. Tydar det at ein blir høgreekstrem av å vere muskuløs og i god, fysisk form? Eller er det berre ein risikofaktor i miljøet at ein risikerer å bli rekruttert av ariske brør på det lokale treningssenteret?

Retningslinjene på dei fleste treningssenter forbyr bruk av anabole steroidar, men spreiing av rasehat står det ingenting om. Her er det best å vere på vakt, folkens. Om du ønskjer å halde deg i god fysisk form, men uroar deg for å plutseleg vakne opp og hate ikkje-kvite, er den mest openberre løysinga å byrje å trene heime hjå deg sjølv! Treningssenter er etter mitt syn dyrt og overvurdert likevel…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s