Lever vestlege media i fornekting om kva som eigentleg skjer i Ukraina?

Dan Cohen avslører nettverket av utanlandske politiske strategar, Washington DC lobbyistar og etterretningstilknytte mediekanalar bak Ukrainas PR-jippo.

Av Dan Cohen, Mintpressnews den 22. mars, 2022. Omsett av Monica Sortland. Innlegget er henta frå Derimot.

WASHINGTON DC — Sidan den russiske offensiven i Ukraina starta den 24. februar, har det ukrainske militæret dyrka eit image av ein djerv, liten armé som står opp imot den russiske Goliat. Til å støtte opp under persepsjonen av ukrainsk militær futt, har Kiev [«Kyiv»] spydd ut ein jamn straum av sofistikert propaganda som har til mål å vekke folkeleg og politisk støtte frå dei vestlege landa.

Kampanjen inkluderer språklege rettleiarar, nøkkelbodskap og hundretals propagandaplakatar – nokre av dei inneheld fascistisk bildespråk og til og med hyllar nynazistiske leiarar.

Bak Ukraina sine PR-stunt står ein armé av utanlandske politiske strategar, Washington DC lobbyistar og eit nettverk av mediekanalar med band til etterretningsvesenet.

Ukraina sin propagandastrategi gjorde at dei fekk ros av ein NATO-kommandant som fortalde Washington Post : “Dei er verkeleg utmerkte på stratcom – media, info-operasjonar og psy-ops.” Avisa tilstod til sist at “vestlege tenestemenn seier at sjølv om dei ikkje uavhengig kan kontrollere sanningsgehalten til mykje av informasjonen som Kyiv sender ut om den skiftande slagmark-situasjonen, inkludert dødstal for begge sider, så representerer den likevel svært effektiv stratcom.”

Ein hjørnestein for propagandaarbeidet er ein internasjonal legion av PR-firma som samarbeider direkte med Ukraina sitt utanriksdepartement om å drive informasjonskrigføring.

Ifølge industriens nyheitsnettstad PRWeek, vart initiativet lansert av ein anonym figur som skal ha grunnlagt eit Ukraina-basert PR-byrå.

“Frå første time av krigen bestemde vi oss for å slutte oss til Departementet for utanrikssaker for å hjelpe dei med å distribuere dei offisielle kjeldene som skulle vise sanninga,” fortalde den namnlause figuren til PR Week. “Dette er ein hybrid-krig: miksen av blodige kampar kjempar med ein kolossal misinformasjons- og forfalskingskampanje leidd av Russland [sic].”

Ifølge den anonyme figuren har fleire enn 150 PR-firma slutta seg til propaganda-blitzen.

I spissen for den internasjonale innsatsen står PR-firmaet PR Network sin med-grunnleggar Nicky Regazzoni og Francis Ingham, ein PR-konsulent-topp med nære band til den britiske regjeringa. Ingraham arbeidde før for Storbritannias Konservative Parti, sit i regjeringsorganet UK Government Communication Service Strategy and Evaluation Council, er sjef for International Communications Consultancy Organisation, og er avdelingsleiar i UK local government communicators, LG Comms.

“Vi har hatt privilegiet av å hjelpe til med å koordinere arbeidet med å støtte den ukrainske regjeringa dei siste dagane, “ fortalde Ingham PRovoke Media. “Fleire byrå har ofra heile team til å støtte Kyiv i kommunikasjonskrigen. Støtta vår til Ukraina sitt utanriksdepartement vaklar ikkje, og den vil halde fram så lenge den trengst.”

Med ein anonym ukrainsk figur saman med to av toppfigurane innan PR i Kiev-regjeringa sitt propaganda-jippo, delte Ukrainas utanriksdepartement ut eit dossier med materiale til å instruerte PR-byråa om “nøkkelbodskap”, godkjent språk, innhald for avslørte propagandakonstruksjonar, ekstremhøgre- og nynazistisk propaganda.

Dossieret blir drive av Jaroslav Turbil, omtalt på LinkedIn -sida si som “Sjef for Ukraine.ua — Ukraina sitt digitale økosystem for global kommunikasjon. Strategic Communications & Country Brand Promotion.” Turbil har arbeidd for fleire “sivil-samfunnsorganisasjonar” med nære band til USAs politiske styresmakter, og han har vore praktikant ved Internews, ein organisasjon med band til US-amerikansk etterretning som arbeider under dekke av å promotere pressefridom.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s