Informert samtykke førde til at 99,8% av soldatar i hæren nekta å bli vaksinert

Av Steve Kirsch. Henta frå hans Substack-konto. Omsett av saksyndig.

Hærlegen Pete Chambers gav eit informert samtykke-møte til 3000 soldatar. Etter det møtet, ville berre 6 soldatar bli vaksinert. Chambers vart like etter fridd frå sine plikter.

Hærkirurgen, doktor og løytnant Pete Chambers heldt ein tale om informert samtykke (om lag 30 minutt) til 3000 soldatar og berre 6 av dei valde å ta «vaksinen». Alle dei andre nekta å ta sprøyta.

Eg fall nesten av stolen då eg høyrde det.

So, kva skjedde med dr. Chambers? Han vart friteken frå pliktene sine fordi han mislykkast i å oppnå vaksinemåla som var sett av toppleiinga i militæret.

Hæren hadde ingen motførestillingar mot det som var sagt. Alt var riktig.

Dei likte berre ikkje det faktum at ingen ønskte vaksinen då dei vart fortalt sanninga om kor trygg den var (eller ikkje var i dette tilfellet).

Den uunngåelege konklusjonen: den amerikanske forsvarssekretæren Lloyd Austin meiner at det å oppnå 100% vaksinasjon av troppane er viktigare enn helsa deira. Han er i grunnen heilt fornøgd med å gje soldatar ein vaksine dei ikkje vil ha og gjere dei uføre, kanskje for livet, for å tilfredsstille president Biden og møte presidentens vaksinemål.

Chambers har fyrstehandskjennskap til vaksine: han vart alvorleg skadd av Covid-vaksinen

Dr.Chambers sjølv er ein ekspert på vaksineskadar fordi han tok Covid-vaksinen sjølv og vart skadd med alvorleg vertigo [svimmelheit; oms.an.]. Den skaden kosta han nesten livet.

So han kan gje eit svært personleg informert samtykke-møte.

Hovudpoenget er: då dei fekk informert samtykke, ville knapt nokon soldatar friviljug ta vaksinen.

Det er den nøyaktige grunnen til at mandat og tvang trengst for å oppnå vaksinemåla laga av president Biden.

Det er eit symptom på eit særs korrupt samfunn.

Og misforstå meg ikkje: toppleiinga i militæret visste godt at vaksinane skadde soldatane våre. I staden for å stoppe vaksineringa, indikerer bevismaterialet at dei beordra manipulering av den medisinske databasen for å dekkje over tryggleikssignala. Vi trur dette fann stad rundt midten av april 2021. Det er ingen tvil om at manipuleringa vart gjort med vilje (berre den nøyaktige datoen er det spørsmål om).

Det einaste spørsmålet no er kor høgt opp i kommandokjeden dette gjekk.

Men det er enkelt å tenkje seg til.

Det faktum at forsvarssekretær Austin aldri har beordra ei etterforsking, impliserer temmeleg godt at han har godkjent tilsløringa

Kvar ein ærleg leiar ville ha beordra ei full etterforsking like etter at advokaten Thomas Renz varsla om DMED-data 25.januar 2022.

Sjølv om sekretær Austin ikkje høyrde gjete Johnson-hendinga, fekk han garantert brevet som vart skrive av senator Johnson, der han [Austin] fekk personleg kjennskap til datakorrupsjonen.

Responsen: crickets [grashopper]. Forsvarsdepartementet svarte berre til PolitiFact, men ikkje til senator Johnson.

Sidan det ikkje fann stad ei etterforsking, er det temmeleg sikkert at sekretær Austin visste at vaksinane var farlege og beordra tilsløringa.

Dersom der finst ei alternativ forklaring som passar fakta, lat meg vete det.

3 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s