Trudeau seier Europa-tur var vellykka, men fleire EU-politikarar meiner det motsette

Fleire europeiske politikarar påpeikte det som dei såg på som villeiande hykleri, og då han gav hovudtalen sin til Europa-parlamentet, var rommet for det meste tomt.

Av Kennedy Hall, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Den kanadiske statsministerens kontor gav på torsdag ut ei melding der dei sa at Trudeau «fullførte sin vellykka tur» til Europa. Derimot sette fleire europeiske politikarar han til veggs for det dei såg på som villeiande hyklery, og då han gav hovudtalen sin til Europa-parlamentet, var rommet for det meste tomt.

Etter at Trudeau skjelte ut Freedom Convoy i talen sin, hudfletta den kroatiske medlemmen av Europa-parlamentet (MEP) Trudeau som nokon som «trakkar på basiske rettar».

Han sa at Canada, som «tidlegare var eit symbol på den moderne verda, no er under din [Trudeaus] kvasi-liberale leiarskap, og dei siste månadene har det blitt eit symbol på å bryte basiske menneskerettar og sivile fridommar.»

Han kalla Trudeaus regjering for eit «diktatur av verste sort» og sa at «regime» som styrer ved gjennom «bomber eller skadeleg medisin» kan bli overvunne av «sameinte» borgarar.

Den tyske MEP Christine Anderson slutta seg til den kroatiske MEP Mislav Kolakusic i utskjellinga av statsminister Justin Trudeau på onsdag, der ho kalla den kanadiske leiaren ei «skam» med «ei pervertert forståing av demokrati».

Ho sa at Trudeaus handlingar mot dei overveldande fredelege Freedom Convoy-demonstrantane utgjorde «brot på menneskerettar, demokrati og lov og rett». Anderson impliserte at slike handlingar er langt frå overraskande, ettersom Trudeau «ope beundrar det kinesiske basiske diktaturet».

«[Trudeau] burde ikkje få lov til å halde tale i dette huset i det heile!» la ho til.

«Herr Trudeau, du er ei skam for kvart eit demokrati, ver vennleg å spare oss for di tilstadevering. Takk,» konkluderte Anderson i sin flammande tale, som vart møtt med applaus.

Det å stille Trudeau til veggs i Europa-parlamentet følgjer i fotspora til den irske senatoren Sharon Keogan som stilte Trudeau til veggs sist månad.

Seint i februar spurde senator Sharon Keogan det irske parlamentet om å fordømme dei autoritære overtrampa til Justin Trudeau og hans regjering i å undertrykkje konvoien.

«Rekkjer av uniformerte og væpna militærfigurar utan skilt og tenestenummer samla seg mot demonstrantane, ein betjent til hest trakka på ei handikappa dame,» sa ho. «Det høyrest ut som noko du ville ha sett i Russland, eller handlingar som vi ville ha fordømt i Ungarn eller Polen, men i staden skjer det i det visstnok liberale demokratiet Canada.»

2 comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s