Kva som er so skrekkeleg med sosial-kredittsystemet, som er på veg til Storbritannia

Av dr. Vernon Coleman, The Exposé. Omsett av saksyndig.

For nokre år sidan, i ei bok kalla The Game’s Afoot (publisert i 2018), skreiv eg at den kinesiske regjeringa gav folk merke i samsvar med åtferda. Eg skreiv at det vart kalla social engineering [«sosial konstruering»; omtrentleg omsetjing], og borgarar vart rangerte og vurderte utifrå åtferda si.

«Regjeringa», sa eg, «vil måle folks åtferd for å avgjere kva slags tenester dei har rett til. Alle som pådreg seg svarte merke for trafikkbrot, sniking på offentleg transport eller rågjengeri [jay walking i originalteksten; til dømes å gå på raudt lys] vil oppdage at dei ikkje lenger har rett på den fulle vidda av offentlege tenester og rettar. I tillegg vil internettaktivitet òg bli brukt til å fastsetje åtferd. Individ som gjer dårlege ting på Internett (eller som har ein tvilsam søkjehistorikk) vil finne seg sjølv ‘svartmerkt’. Individ som har ‘ansvarlege’ jobbar vil bli gjenstand for styrka undersøking.»

Det vart kalla ein sosial-kreditt-poengsum og eg skreiv då at det var truleg at vestlege regjeringar ville følgje etter.

Og dei gjer det med stor entusiasme. Det kan ikkje openbert ha nådd din by endå – men det vil, åh, det vil.

Kina har leia vegen fordi det kinesiske systemet er meir omsynslaust effektivt enn noko Vesten kan tilby. Den kinesiske staten har meir kontroll over alt og folket har ikkje mykje kontroll over noko som helst.

Det fungerer svært enkelt.

Alle startar med so mange poeng.

Og ein smart-app på kvar telefon måler åtferd og hjelper styresmaktene med å avgjere om du er ein god borgar eller ikkje.

Der er, naturlegvis, videokamera absolutt overalt som følgjer med på om du kryssar vegen på feil tidspunkt, røykjer på offentleg stad, kastar søppel på gata eller gjer noko som helst som er sett på som antisosialt eller upassande. Dersom du snakkar med feil type folk vil du oppdage at kreditt-vurderinga går ned. Stå og snakk med meg og du vil få svarte merke.

Kina har eitt kamera for kvar andre person og dei er utstyrt med ansiktsgjenkjenningsteknologi som kan peike ut eit individ frå ei fotballfolkemengd på mindre tid enn det tek å seie «dei kan då ikkje gjere det!».

Supermarknadsdatamaskiner følgjer med for å sjå kor mykje du bruker på alkohol, sigarettar, søtsaker og feittrike matvarer. Du misser poeng om du bruker for mykje på feil type mat.

Lokale styresmakter måler kor mykje gjenvinning du set ut og kameraer i bossdunkane vil fortelje datamaskiner kor mykje mat du har kasta vekk, og kor mykje til overs emballasje du har måtte bli kvitt.

Naturlegvis er sosial-kredittpoengsummar allereie her i Vesten og dei har blitt introdusert sakte.

I Storbritannia, til dømes, må sjåførar av dyrare motorbilar betale ein spesiell, massivt auka skatt for å bruke ein motorbil på vegane. Dette er ei slåande straff for å bruke mykje på ein bil.

På den andre sida, treng ikkje borgarar som køyrer elektriske bilar å betale noko til bygginga, vedlikehaldet og reparasjonen av vegar. Dei er unntekne skatt fordi dei er «gode» borgarar. Bilane deira bruker vegane like mykje som bilane som går på bensin eller diesel, men dei er unntekne. Sjåførar av bensin- eller dieseldrivne bilar blir straffa for å vere «dårlege» borgarar og må betale stadig aukande årlege avgifter for å betale for vegane. Systemet ignorerer det faktum at elektriske bilar har vist seg å ikkje vere betre for miljøet enn bensin- eller dieseldrivne bilar. Køyr bilen din inn til ein by og du vil måtte betale ei spesialstraffeavgift.

Dersom du bur i eit hus som er større enn du treng, vil du bli merkt ned og skattane dine vil auke. Dersom du har rom til overs, vil du bli straffa. Dersom du gjer ein nyttig jobb og gjev pengar vil veldedigheit, vil du få ekstra poeng. Dersom du kritiserer Staten, vil du misse poeng.

Når du er heimanfrå, vil styresmaktene naturlegvis vete kor du er til ei kvar tid.

Faktisk, dersom du oppfører deg dårleg, vil du ikkje få lov til å fare langt heimanfrå. Dersom du ikkje har lyda alle helseretningslinjene, vil du ikkje få lov til å fare med offentleg transport, fly nokon stad eller reise til utlandet.

Dersom sosial-kredittvurderinga di går ned, vil du ikkje kunne låne pengar, kjøpe eit hus eller bestille eit høveleg rom på eit hotell.

Dersom vurderinga di går for langt ned, vil du ikkje få lov til å fare på sjukehus, og dersom du hamnar i ei ulykke, vil dei feste ei HLR-minus-melding rundt halsen din før du kan seie «kva er det for?». [«HLR-minus» er det norske motstykket til Do not resuscitate; ein set ikkje i verk hjarte-lunge-redning eller gjenoppliving; oms.an.].

Du vil få bonuspoeng dersom du bur i ei knøttlita, moderne, dårleg bygd leilegheit med tynne veggar og absolutt ingen privatliv, men du vil misse desse poenga dersom du har eit kjæledyr eller klagar om absolutt kva som helst.

Dersom du bruker for mykje på klede eller sko, vil vurderinga di gå ned, og spare pengar vil merkje deg som skuldig av eit eller anna, og du vil ikkje kunne leige ein bil, bli forfremja på jobb, bruke eit treningssenter eller få barna dine inn på ein skule med lærebøker.

Dersom du skaper mykje problem, vil du oppleve at Internett-hastigheita vil gå ned til krypetempo, og dersom du har di eiga bedrift og tek til motmæle mot offentlege tenestefolk, vil du ikkje få noka hjelp med planleggingsproblem eller bli i stand til å få nokon som helst offisielle statlege kontraktar.

Dersom du ikkje kler deg passande når du er ute i det offentlege rommet, eller blir observert krysse vegen på raudt lys, vil du bli fotografert og biletet ditt stilt ut. Dersom du har ein krangel med ein nabo, vil bileta av deg bli plassert på ei tavle nær heimen din, og du vil bli skjemt ut. Dersom du betaler skatten seint, vil du bli merkt ned for vanlege revisjonar, bedrifta di vil bli inspisert ein gong i veka og biletet av deg vil dukke opp på ei skamtavle på Internett. Du vil finne det umogleg å få førarkort, løyver og lån som du måtte trenge.

I restaurantar vil kameraa studere manerane og etevanane dine og mengda mat som du legg igjen på fatet – og alt dette vil sannsynlegvis skade sosial-kredittvurderinga di.

Angjevarar, snikmeldarar, politimenn og over-lydige statstilsette vil merkje deg ned for kvar einaste synd gjort med eller utan intensjon.

Og akkurat no trur du sannsynlegvis at eg berre diktar opp alt dette, og eg ønskjer at eg gjer det, men eg gjer det ikkje. Vi snakkar ikkje om den fjerne framtida. Vi snakkar om den veldig nye framtida.

Du vil få poeng dersom du gjev blod, du vil misse poeng dersom du heng med folk med låg poengsum, du vil bli straffa dersom du bruker pengar skjødeslaust eller ikkje lovprisar Staten på sosiale media.

Å ete kjøt eller gje deg hen til upassande aktivitetar vil resultere i eit alvorleg tap av poeng, akkurat som det å hive for mykje feilavfall i offentlege bosspann vil. Ansiktsgjenkjenningskamera i bosspann vil sjå og straffe deg og redusere matkreditt.

Å ikkje ha det korrekte talet barn, vere overvektig og eige land vil resultere i eit tap av sosial-kredittpoeng. I Storbritannia har Kontor for nasjonalstatistikk allereie hevda at barnlause kvinner vil vere ei bør for staten fordi dei ikkje vil ha nokon som tek vare på dei.

Å ikkje ha eit smartmeter vil resultere i eit tap av poeng, akkurat som kvart eit døme på sivil ulydigheit vil. Kronisk sjukdom, psykisk sjukdom, å vere gammal og å vere handikappa vil koste deg poeng, akkurat som det å bli arrestert (det speler inga rolle om du blir funnen skuldig).

Å ha for stort karbonfotavtrykk, vere middelklasse eller kvit eller spørje for mange spørsmål vil alle resultere i eit tap av poeng, akkurat som det å vere for beskyttande overfor familien din.

Du vil tape sosial-kredittpoeng dersom du forårsaker nokon «identitetsskade», seier noko som får nokon til å kjenne seg ukomfortabel om kven dei er, kor dei er frå eller korleis dei ser ut – eller ikkje seie noko som får dei til å føle seg bra.

Dersom du viser noko som helst mikro-aggressjon, utviser kvitt privilegium eller piskar opp hat, vil du bli straffa. Dersom du oppfører deg trugande eller mishandlande eller fornærmande, vil du vere i trøbbel, akkurat som du vil om du kommuniserer trugande, mishandlande eller fornærmande materiale til eit anna menneske.

Intensjonen din vil vere irrelevant. Anklagaren treng berre å seie at han vart såra. Forfattarar, skodespelarar eller regissørar kan bli anklaga dersom nokon opplever noko av materialet deira som fornærmande. Shakespeare sine skodespel vil ikkje bli framført mykje i framtida.

Du trur sannsynlegvis eg spøkjer no. Dersom du gjer det, berre sjekk ut kva som skjer i Skottland.

I Storbritannia definerer politiet no eit brotsverk eller hending som hatefull basert på oppfatninga til offeret (og ikkje på intensjonen til gjerningsmannen).

Naturlegvis har politiet og politikarane oppfordra borgarar til å tyste på dei som bryt lovene.

Du kan hamne i alvorlege vanskar for å spele høg musikk eller for å ha tre i hagen din. Tre er dårlege fordi dei kan hindre kommunikasjon og har ingen praktisk føremål. Det vil ikkje vere rom for estetikk eller natur i Den nye verdsorden.

Kva anna vil vere dårleg?

Ete på offentleg transport, gå glipp av ei medisinsk avtale, parkere på feil plass, gå glipp av eit jobbintervju og rågjengeri vil alle ta vekk poeng frå deg og gjere livet ditt vanskelegare.

Dersom du trur eg har tørna, burde du vete at cybertryggleiksekspertar har oppdaga at 32% av vaksne mellom 25 og 34 i 21 land (totalt 10 000 individ) har allereie fått problem med å få bustadlån eller lån på grunn av sin aktivitet på sosiale media.

So langt bruker rundt 4,5 milliardar menneske i verda Internett og dei fleste har kontoar på sosiale media.

Ei temmeleg skremmande spørjeundersøking avdekte at to tredjedelar av individ er viljuge til å dele informasjon om seg sjølve eller andre for å få rabatt på kjøp, medan halvparten er viljuge til å gjere det dersom dei slepp å stå i kø på flyplassar. Eitt av to individ sa at det er greitt for dei at staten overvakar alle si åtferd på sosiale media om det held folket trygge.

Naturlegvis vil det vere umogleg å finne ut kva sosial-kredittpoengsummen din er, å finne ut nøyaktig korleis poengsummar blir laga eller å korrigere nokon feil. Og poengsummar vil bli endra direkte. So du kan stille deg i ei kø og tru du har rett til å leige bil eller og om bord på eit tog og oppdage, når du kjem fremst i køa at vurderinga di har endra seg og du ikkje kan gjere nokon av dei tinga.

Regjeringar, store selskap og lokale styresmakter samlar allereie informasjon om deg frå ansiktsgjenkjenningskamera, biometriske studiar på flyplassar, dronar, overvakingsfly og sosiale media. Dette er den teknokratiske staten i full vigør. Å bruke eit dumt namn eller avatar på sosiale media vil tilby deg absolutt ingen beskyttelse. Dei veit nøyaktig kven stinkyfeet frå Weymouth verkeleg er og dei veit namnet, adressa og buksemåla til bumfluff frå Colorado.

Du kan berre gløyme privatliv, fridom eller rettar.

Snart vil vi alle bu i Kina.

Dersom éin person i ein familie bryt lova, vil heile familien bli straffa.

Å ta aktivt del i ein religiøs seremoni vil resultere i straff. Du kan, til dømes, bli sendt til eit utdannings- og treningssenter der dei innsette studerer politisk propaganda.

Kvar gong du gjev informasjon på nettet, lagrar dei informasjon om deg, synspunkta dine, personlegdommen din og so vidare.

Og der finst so, so mange måtar sosial-kredittpoengsummen din kan bli negativt påverka.

Dersom du kastar søppel på offentleg stad vil du bli skjemt ut og misse poeng. I Tailand må turistar som kastar søppel i ein nasjonalpark gje ut namn og adresse. Dersom dei legg søppel i frå seg, er dei i trøbbel.

Alt dette er kjent som social engineering. Det er noko politikarar har prøvd å få til i fleire år sidan, når det fungerer, noko det gjer, gjev dei fullstendig kontroll over befolkninga. Dei treng ikkje lenger å uroe seg for opposisjon eller kritikk.

I Kina blir borgarar som gjer «gode» ting for Staten og samfunnet sitt lønt ved å få hengt opp bilete av seg med namn på ein lokal vegg. Dette er nøyaktig det eg hugsa å sjå i Aust-Tyskland på 1970-talet. Og på den tida kappast folk med kvarandre for å tilfredsstille Staten og vinne ein plass på veggen.

So, igjen, dersom du ønskjer å vete kva slags samfunn du og barna dine vil leve i, sjå på Kina no, der det folk gjer, seier og tenkjer blir overvaka.

Men framtida vår vil ikkje vere so fri og enkel som livet i Kina er for tida.

Vi bevegar oss raskt mot eit dystopisk, digitalt diktatur.

God åtferd vil bli lønt og dårleg åtferd straffa. Men kven definerer kva som er godt og kva som er dårleg?

Geo-sporing er den nye normalen no. Ditt finansielle rulleblad er kombinert med ditt kriminelle rulleblad, akademiske rulleblad, medisinske historie og handlevanar. Dei held eit auge med typen venner du har, videoane du ser, menneska du datar eller giftar deg med eller møter.

Dette er Big Brother på speed.

I den vedunderlege, nye verda vil ikkje dei med låg kredittpoengsum kunne bevege seg ei tomme.

Folk som snakkar ut om korrupsjon eller som stiller spørsmål ved propagandaen vil bli straffa. Dersom dei deretter blir bøtelagt, vil bota bli høgare fordi dei er sett på som dårlege menneske.

Og det heile skjer allereie.

Dataspel trenar oss for framtida vår.

Eg er forboden i Kina fordi eg skreiv ein artikkel for ei kinesisk avis som vart sett på som uakseptabel. Bøkene mine på kinesisk vart med éin gong gjort utilgjengelege for sal.

Eg forlèt dykk med dette faktum.

Der finst offentlege toalett i Kina som ikkje slepper deg inn utan å fyrst sjekke ansiktet ditt og identifisere deg. Berre då vil maskina dele ut den vesle mengda toalettpapir som du får.

Kor mange tørk vil du få utdelt dersom du har låg kredittpoengsum? To? Eitt? Ingen i det heile.

Du smiler sikkert no.

Men sjå om du smiler eit års tid frå no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s