Sosiale ingeniørar ompakkar og marknadsfører pedofile som «mindreåringstiltrekte personar»

Av Ben Bartee, Blacklisted News. Omsett av saksyndig.

Sjå òg saksyndig sin artikkel «Sjokkerande ord frå professor: ‘Pedofili har evolusjonære fordelar’».

«Det moralske forfallet til LGBTQ4GF150+++©-religionen kjenner ingen grenser.»

Påstanden over var for ikkje so lenge sidan sett på som ein fordomsfull trope eksklusivt fremja av hatefulle, reaksjonære sosial-konservative.

Påstanden om at normalisering av seksuelle avvik er i kjernen av den konsern-sponsa LGBTQ©-agendaen var, jamfør den konvensjonelle NPC-forteljinga, eit fryktskapande snakkepunkt for å kverke dei hardt tilkjempa rettane til samtykkjande vaksne til å elske kven enn dei måtte velje.

Det visstnok «transfobiske» argumentet gjekk slik som dette: teken til sin fulle konklusjon, ville «transkjønns»-ideologien uunngåeleg falle ned i forkastelege moralske posisjonar – slik som, til dømes, normaliseringa av det å seksualisere barn.

Denne spådømmen – igjen, ein gong i tida ein utkantposisjon blant sokalla «sosial-konservative» – har i aukande grad vist seg å vere nøyaktig over tid.

… og no, her kjem vi til notida. Og ei kort reise var det frå spekulasjonar av «fordomsfulle» til faktisk realitet!

Møt Allyn Walker (stava med ein «y» for trenden sin del) – «du kan ikkje putte meg i ein boks med alle desse andre Allens, bro. Eg kan ikkje bli kategorisert.»

Allyn (dei-pronomen) var, som du sikkert gjettar, ein sosiologiprofessor ved Old Dominion University fram til han nyleg vart oppsagt for å prøve å normalisere pedofili på dei offentlege bølgjelengdene.

(Eit sidenotat: miskalkuleringa som Walker gjorde i hans svært offentlege appell i videoen under for å anerkjenne pedofile som offer som er sosialt verneverdige er at, i sine kjønnsstudiar ved universitetet, er slike posisjonar forventa på kurset. Han antok feilaktig at nok medlemmer av folket var på hans side – det vil seie, at ein tilstrekkjeleg porsjon av folket likna nok på hans eigne kjønnsstudie-akademikarar – at hans pedofilinormaliserings-retorikk burde bli like akseptabel i det breiare lag av befolkninga som den er innanfor veggane av hans liberale kunstformer-institusjon.)

Kvart eit offer for høgare utdanning frå det siste tiåret eller noko sånt, som byrja på eit sosiologikurs under den falske intensjonen om å lære sosiologi – heller enn å bli indoktrinert i ei sekt – vil fullt ut anerkjenne Allyn Walker-arketypen.

I denne videoen forklarer Allyn Walker sin kamp for «mindreåringstiltrekte personar» [på engelsk Minor Attracted Persons (MAPs).

Høgdepunkta:

  • Det er viktig å kalle pedofile MAPs fordi «pedofil» er urettferdig stigmatiserande.
  • MAPs er ikkje seksualforbrytarar, dei er berre kvardagsmedlemmer av samfunnet som tilfeldigvis finn mindreårige tiltrekkjande. Denne tiltrekkinga utgjer ein viktig nok del av identiteten deira* til at dei finn opp eit akronym til å skildre seg sjølve utifrå si seksuelle tiltrekking til barn.
  • MAPs er ikkje potensielle overgrepspersonar; dei er sjølve offer av sine seksuelle tiltrekkingar.

*Seksuell tiltrekking til barn er slik ein viktig del av MAP-ane sin sjølvidentitet at dei faktisk har sitt eige flagg, på same måte som ein patriot kan idoldyrke symbolet på nasjonen sin.

Legg merke til den slåande likskapen mellom pedofiliflagget og det offisielle konsern-LGBTQ999©-pride-flagget.

Det ein unekteleg får frå dette er at tilhengjarar av pedofili håper å ri i kjølvatnet av den meir utbreidde, høgst vellykka LGBTQ©-agendaen, slik at dei kan feilaktig applisere på kritikk av pedofili hærskaren av «ismar» og «fobiar» – homofobi, transfobi, etc.

«Homoretts»-aktivistar som faktisk ikkje er skap-pedofile burde gå i harnisk over at symbola deira har blitt kapra av slik ei openbert avskyeleg sosial rørsle som MAP-ar.

Kor er fordømminga, derimot, frå slike som Gay and Lesbian Alliance Against Defamation (GLAAD) [«homofil og lesbisk alliance mot ærekrenking»; oms.an.] eller andre høgprofilerte «homorett»-forkjempargrupper?

Ingen stad. På den andre sida fordømmer GLAAD sosial-konservative som peiker på dei koselege banda mellom konsern-LGBTQ©-støtte og pedofilistøtte medan dei offentleg ikkje gjer noko for å skape noko som helst dagslys mellom dei to sakene.

Utruleg nok var Allyn Walkers kommentarar i den nemnde videoen retta til ein sokalla «barnerettsorganisasjon»:

«[Old Dominion] University hadde fått beskjed om å seie opp Walker etter at utdannaren kom med kommentaren tidlegare denne månaden medan han diskuterte deira forsking i eit intervju med Prostasia Foundation, ein San Francisco-basert barnevernsorganisasjon.»

Ein barnevernsorganisasjon! [Kommentar frå saksyndig: Prostasia er kjent for å mellom anna ville legalisere sexdokker som ser ut som barn.]

I ein fullstendig invertert røyndom beskyttar ein best barn frå barnesexovergriparar ved å destigmatisere pedofili. Fordi sosial rettferd. Fordi toleranse. Fordi mangfald er styrken vår.

Føreseieleg, i ei farvel-melding gjeve ut gjennom Old Dominion University etter at arbeidet hans fekk nok offentleg kritikk, forvandla Dr. Allyn seg på magisk vis frå ein forsynar av barnesexpropaganda til eit offer for hatkriminalitet:

«‘Stipendiatet mitt har som mål å hindre seksuelt misbruk av barn,’ sa Dr. Walker. ‘Den forskinga vart miskarakterisert av enkelte i media og på nettet, delvis basert på min transidentitet. Som eit resultat vart det gjort fleire trugslar mot meg og samfunnet på campus generelt. Eg ønskjer å takke Old Dominion University for å gje meg høvet til å undervise og til å utføre forskinga mi, og ODU Department of Public Safety for overvakinga av desse trugslane mot meg og samfunnet.’»

Men min transfobiiii!

Berre i tilfelle det ikkje allereie er klart nok kva ståstad Allyn med ein y har når det gjeld barnesexovergriparar, lat tittelen på boka leggje saken daud – «A Long Dark Shadow: Minor-Attracted People and Their Pursuit for Dignity». [på norsk: «Ein lang mørk skugge: Mindreåringstiltrekte menneske og deira jakt på verdigheit».]

Det er mykje meir ein potensielt kan seie rundt temaet pedofilinormalisering under dekket av å fremje LGBTQ+++©-rettar, men lat oss berre kort røre ved problemet hykleri.

Det er for sømelege folk freistande – som er forståeleg – å avfeie Allyn med ein y som eit eksepsjonelt avvik. Tvilens fordel er – igjen, som alle som har tilbragt tid i høgare-utdannings-sosiologiklasserom kan attestere – ikkje fortent.

Moralsk forfall er drivstoffet som gjev kraft til den sokalla «sosial rettferd»-maskina. Det er sosial krig mot sømelegheit – ei form for krig som kan bli tilgjeven hjå ein artist som G.G. Allin som fullt ut omfamnar avvikarrolla; samfunnet treng kreative utfordringar til sine mest basiske føringar frå tid til anna. Med omsyn til dette, er eg ikkje og har aldri vore ein konservativ.

Derimot er det verkeleg groteske problemet med figurar som Allyn med ein y, at dei maskerer seg som korsfararar av det rettskafne – som om pedofile treng forkjemparar i hjørnet for å normalisere sitt avvik.

Det er inversjonen av avvikarens relasjon til samfunnet.

Publikum visste og forstod implisitt at når G.G. Alin bæsja på scena, smurde det over seg sjølv og dusja det over publikum medan han skreik rytmiske obskønitetar til sin laust definerte «musikk», at det dei såg var den orgie-messige feiringa av skit – det er ubetaleleg det det var, alle visste kva det var, og det er freakshowet dei kom for å sjå.

I motsetnad til Allyn med ein y sitt forsøk på å normalisere pedofili, prøvde G.G. Allin aldri å kvitvaske skiten sin og få det til å sjå ut som moralsk dyd. Han omfamna det han var.

Det var ingen forsøk på å framstå som rettskaffen.

Dersom berre SJW-aktivistar var so ærlege.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s