«Neste generasjon» fridomskonvoi kom til Ottawa frå Quebec for å protestere mot vaksinemandat

Eit digert følgje av bilar og lastebilar køyrde fredeleg gjennom den kanadiske hovudstaden sist laurdag i den fyrste storskala-demonstrasjonen sidan den originale Freedom Convoy.

Av Anthony Murdoch, LifeSiteNews. Omsett av saksyndig.

Ein stor konvoi av bilar og lastebilar frå Quebec-provinsen rulla gjennom Ottawa sist laurdag [26.mars 2022; oms.an.] i protest mot Covid-mandat.

Ulikt den originale Freedom Convoy, stoppa ikkje den store gruppa av køyretøy, kalla the Next Generation Convoy og blokkerte gater. I staden køyrde dei gjennom hovudstaden via ei rute som politiet påla dei å følgje.

Ein video posta på sosiale media av True North viser hundrevis av støttespelarar langs fortaua som gav si støtte til konvoien, som tidlegare hadde køyrt gjennom fleire byar og småbyar i Quebec før dei reiste til Canadas hovudstad på laurdag.

«Nestegenerasjonskonvoien» var den fyrste storskala-protesten mot Covid-mandat som vart halden i Ottawa sidan den originale Freedom Convoy fann stad i tre veker i februar i hovudstaden, der dei demonstrerte for å få slutt på alle Covid-mandat.

Ifølgje leiaren av den nye Quebec-konvoien er grunnen for demonstrasjonen å be om ein slutt på alle Covid-mandat og reglar, i tillegg til å kjempe for fridommen til framtidas generasjonar.

Organisatorar for «Nestegenerasjonskonvoien» hadde formidla til Ottawa Police Service (OPS) på førehand at dei planla å rulle gjennom byen, og bad alle deltakarar om å late vere å tute på grunn av ei lov som forbyr den praksisen i byen.

OPS hadde åtvara konvoideltakarar at det kom til å bli «ei sterk handhevingshaldning frå politiet», og tauebilar var jammen til stade i området.

Derimot sa OPS i ei melding at der var ingen «hendingar å rapportere» frå «Nestegenerasjonskonvoien».

På noverande tidspunkt har Quebec framleis enkelte Covid-mandat, slik som munnbind, som vil vere gjeldande framtil 15.april. Provinsen gjekk nyleg vekk frå sitt Covid-vaksinepass.

På toppen av covid-krisa hadde Quebec nokre av dei strengaste reglane i verda, som til tider inkluderte portforbod, saman med å nekte uvaksinerte å gå i kyrkja.

Den originale Freedom Convoy fekk den kanadiske statsministeren Justin Trudeau til å setje i verk Emergencies Act (EA) mot dei 14.februar, som deretter fekk dei fjerna. EA vart trekt tilbake 23.februar.

Trudeaus bruk av EA gav den føderale regjeringa fullmakter utan sidestykke, slik som evna til å fryse bankkontoar, sjølv utan ein rettsordre. Mange kontar vart fryste; derimot vart dei det under politiordrar, som i sin tur kontakta bankar.

OPS sin mellombelse leiar Steve Bell erkjente nyleg at ingen ladde våpen vart konfiskerte i Ottawa under sist månads politiraid mot lastebilsjåføranes Freedom Convoy.

Ganske nyleg sa ein topp-tenestemann i Canadas Royal Canadian Mounted Police (RCMP) at der ikkje er noko bevis for samband til terroristaktivitet i finansieringa til Freedom Convoy.

Kanadisk hovudstraumsmedia, støtta av statleg finansiering, vart tekne i å spreie falske nyheitshistorier om Freedom Convoy.

Canadas statsfinansierte kringkastar CBC måtte trekkje tilbake ei historie som feilaktig hevda at det meste av støtta til Freedom Convoy kom frå utlendingar.

CBC hadde tidlegare òg trekt tilbake ei historie frå januar som feilaktig hevda at Russland stod bak Freedom Convoy.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s