Kaos i Shanghai i det innbyggjarar hastar med å rømme byen etter lette av Covid-19-restriksjonar
Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.
Det kinesiske kommunistpartiet (CCP) har offisielt letta på mesteparten av Wuhan koronavirus (Covid-19)-restriksjonane i Shanghai. Men denne plutselege letta av restriksjonar skapte kaos i det innbyggjarar i hopetal pakka bagane sine og flykta byen på grunn av uro for at Beijing kunne tvinge dei tilbake til heimane sine.
Shanghai sine 25 millionar innbyggjarar tilbrakte 76 dagar so godt som innesperra i heimane sine på grunn av CCP sin mislykka «null-Covid»-strategi som ein måte å handtere Covid-19-utbrot på.
Tysdag 31.mai publiserte kommunistpartiet sin Shanghai-komité, byens mektigaste politiske eining, eit brev på nettet der dei hevda at nedstenginga var vellykka og takka borgarane for sin «støtte og bidrag».
Nedstenginga vart offisielt avslutta ved midnatt 1.juni. Slutten på nedstenginga vart møtt av feiring, der innbyggjarar gjekk på kinesiske sosiale medienettsider for å leggje ut videoar av folk som fór på biltur for fyrste gong på månadsvis, gjekk ut for å ete og drikke og vere saman på populære område i byen.
«Akkurat som nedstenginga i byrjinga, kom gjenopninga òg brått på,» sa Daphne, ein taiwanesisk marknadsspesialist som har budd fleire år i Shanghai på grunn av jobben. «Alle har kjensler av ekstase og vantru, og mange lokalsamfunn feira med rakettar og fyrverkeri.»
Morgonen etter forvandla feiringane seg til ei masseutvandring, i det innbyggjarar pakka bagane sine for å forlate byen, sidan mange var engstelege for at CCP eller det lokale kommunistpartiet kunne gjeninnføre restriksjonane når som helst.
Videoar frå Shanghai viser byens hovudtogstasjon fullpakka med innbyggjarar som ventar på å gå om bord på tog for å flykte frå byen. Stasjonens underjordiske parkeringsplass vart om til ein provisorisk campingplass fylt med menneske som i enkelte tilfelle venta fleire dagar på toget sitt.
Dei som ikkje kom seg med tog eller bussar og som ikkje hadde bil, vart sett vandrande til fots blant byens innfartsårer med bagasjen sin.
Mange nabolag i Shanghai stengte ned berre éin dag etter at restriksjonane vart letta
Frykta til dei som hastar med å kome seg vekk frå Shanghai kjem ikkje ut av det blå. Kommunale styresmakter åtvara av gjenopninga var avhengig av at Covid-19-smittetalet ikkje auka.
Innan ein dag etter gjenopninga annonserte helsestyresmaktene at dei hadde oppdaga sju nye Covid-19-tilfelle i fire nabolag i distrikta Pudong og Jing’an. Desse nabolaga vart umiddelbart avsperra og utpeikt som «medium-risiko-område».
Tenestefolk og friviljuge i nabolaga handla raskt for å setje i karantene minst 26 nærkontaktar og meir enn 100 sekundære kontaktar. Nesten ein halv million menneske vart òg testa for Covid-19 med tvang.
På same dag stengde nokre nabolag ned friviljug av seg sjølve. Eitt av nabolaga stengde til og med ned etter at eit positivt tilfelle gjekk gjennom ei av gatene der.
Friviljuge i desse nabolaga tek etter seiande saken i eigne hender for å handheve restriksjonane, dette etter åtvaringar frå kommunale myndigheiter at dei vil bli alvorleg straffa dersom innbyggjarar vender tilbake med smitte.
I subdistriktet Weifang aust i Pudong-distriktet, nær Lujiazui-sona for finans og forretningar, handheva tenestefolk i nabolaget ein sokalla «statisk handtering»-ordre. Innbyggjarar vart pålagt å halde seg heime trass at nedstenginga var over. Rørsla til helsepersonell og leverandørar vart òg lagt restriksjonar på.
«Der er framleis ein risiko for at viruset kan kome seg frå karanteneområda til lokalsamfunna,» sa Meng Tianying, senior executive i det Shanghai-baserte helseomsorgskonsultasjonsfirmaet Domo Medical. «Bystyresmaktene har styrka viruskontrollane for å sikre at tidslinja for lette på nedstenginga kan bli implementert på ein smidig måte.»