Dei pakkar det ikkje lenger inn: Styresmaktene prøver å drepe deg og avfolke verda!

Offisielle rapportar, konfidensielle Pfizer-dokument og levekostnadskrisa beviser det

Henta frå The Exposé. Omsett, bearbeidd og forkorta av saksyndig.

I 1993 vart det publisert ei bok av ein tidlegare MI6-spion med namn dr. John Coleman. I den boka skreiv dr. Coleman følgjande:

«Minst fire milliardar ‘useless eaters’ skal bli eliminert innan år 2050 ved hjelp av avgrensa krigar, organiserte epidemiar av dødelege, rasktverkande sjukdommar og sveltedød. Energi, mat og vatn skal bli haldne på overlevingsnivå for ikkje-eliten, og starte med dei kvite befolkningane i Vest-Europa og Nord-Amerika og deretter spreie seg til andre rasar.

Befolkningane i Canada, Vest-Europa og USA vil bli desimert raskare enn på andre kontinent, fram til verdas folketal når eit handterleg tal på 1 milliard, der 500 millionar vil bestå av kinesiske og japanske rasar, utvalde fordi dei er menneske som har vore under regime i fleire hundreår, og som er vant med å lystre autoritetar utan å stille spørsmål.»

Mange vil mest sannsynleg avfeie desse påstandane som «konspi-vås».

Men uheldigvis: offisielle data frå styresmaktene, konfidensielle Pfizer-dokument og reelle verdshendingar slik som den noverande levekostnadskrisa, den påstått føreståande klimaeendringskatastrofen, Covid-19-pandemien, og den pågåande utviklinga av kunstig intelligens, antydar sterkt at der eksisterer ein agenda for å avfolke verda, og styresmaktene dine prøver rett og slett å drepe deg.

Vi lever no i ei verd der styresmakter og institusjonar fortel oss at vi er i eit kappløp for å hindre ein «katastrofal» auke i den globale temperaturen på grunn av drivhusgassutslepp.

Det store fleirtalet av desse drivhusgassutsleppa er karbondioksid (CO2). Ein gass som kvart einaste menneske på planeten produserer kvar gong dei pustar ut.

På éin dag pustar gjennomsnittspersonen ut rundt 500 liter av drivhusgassen CO2 – som utgjer rundt eitt kilo i masse.

Dette høyrest ikkje mykje ut fram til du tek til etterretning det faktum at verdas befolkning er på rundt 6,8 milliardar, og som kollektivt pustar ut rundt 2500 millionar tonn av stoffet kvart år – som er rundt 7% av den årlege CO2-tonnasjen kverna ut av brenning av fossilt drivstoff rundt om i verda.

Difor, om vi skal tru på den strengt kontrollerte og sensurerte forteljinga rundt klimaendring, er menneske ein av dei største bidragsytarane til den ved å rett og slett berre vere i live.

So difor, dersom «eliten» ønskte å redde planeten, ville ein god start vere å redusere verdas befolkning, som i sin tur ville redusere karbondioksid som blir produsert naturleg av pustande menneske, og redusere mengda fossilt drivstoff som er kravd for å oppretthalde ein person sin livskvalitet.

Men kva om vi vart loge til om den komande klimaendringsdommedagen som no forsøplar kvar nyheitskanal? Kvifor ville den sokalla «eliten» vere so ivrig etter å redusere verdas befolkning då?

Vel, vi treng berre ta ein titt på framstega innan teknologi og kunstig intelligens for å innsjå at det ikkje er so mykje bruk for menneske lenger som det brukte å vere for å halde dei rike rike. Og ganske snart vil det ikkje vere bruk for dei i det heile.

Dersom du ikkje kan sjå at du so å seie lever i eit slavesystem designa for å halde dei rike rike og dei fattige fattige, har du levd livet ditt med hovudet i sanden.

Ingen blir nokosinne rike av å jobbe frå 9 til 5, men millionar er trena opp til å tru at det er dette du burde ha som mål når du blir vaksen. Klart, du kan alltids starte di eiga bedrift og få andre til å slave for deg, men sjølv då kjem «skattemannen» for å sikre seg at du må halde fram den endelause rutinen med søvn, arbeid, gjenta i eit år til. Eller om du er ekstremt vellykka vil ein av dei store konserna dukke opp på døra for å kjøpe deg ut.

Systemet er rigga.

Eit anna døme er at same kor mykje du tener gjennom åra, vil utgiftene alltid vere like høge eller høgare.

Ta kostnaden til eit hus til dømes. For folk flest vil bustadlånet eller leiga åleine ta eit digert jafs av lønna, og det er ein kostnad som aukar kvart år. Er det fordi hus verkeleg kostar so mykje? Eller er det fordi at systemet er designa for å sikre seg at dei fleste aldri vil bli i stand til å bryte laus frå slavelivet som dei har blitt indoktrinert til å akseptere?

I fleire hundreår har «eliten» vore avhengig av at du har akseptert å forbli fanga i systemet, rett og slett for å gjere dei rike. Men no treng dei deg ikkje, fordi dei har utvikla teknologi, robotar og kunstig intelligens som kan gjere jobben for dei, og denne teknologien er no meir avansert enn folk flest innser.

Ein dag i nær framtid vil der ikkje vere meir jobbar for millionar av menneske. Noko som i praksis vil føre til at millionar vil bli kjent som «useless eaters».

Dette tydar at verda står ved eit vegskilje, og eliten har to val. Dei held i live millionar eller til og med milliardar av menneske med finansiell støtte og hjelper til å sikre at dei overlever og lever kvalitetsliv. Eller dei går i gang med å avfolke verda.

Uheldigvis antydar bevis at dei valde avfolkingsvegen for ei tid tilbake, og planen deira for å gjere det er allereie iverksett.

Her er berre eit knippe av tinga «eliten» har gjort og gjer for å avfolke verda.

Covic-19-pandemien: Drap av eldre og sårbare

I mars 2020 vart det britiske folket fortalt at dei måtte «halde seg heime» for å «beskytte NHS [det offentlege britiske helsevesenet; oms.an.]» og «redde liv». Dei vart òg fortalt at styresmaktene berre trong «tre veker for å flate ut kurven». Dette var visstnok på grunn av trugselen til eit nytt og oppdukka virus som vi vart fortalt at hadde sitt opphav i byen Wuhan i Kina.

Men evidens antydar at Covid-19-pandemien faktisk var ei overdriven løgn. Ei løgn som involverte å prematurt ende liva til tusenvis av menneske, som du vart fortalt at døydde av Covid-19. Ei løgn som har involvert å utføre eit av dei største brotsverka mot menneskeheita i manns minne. Ei løgn som har kravd tre ting: frykt, at du lyder, og eit legemiddel kjent som midazolam.

Alvorleg Covid-19-sjukdom presenterer visstnok lungebetennelse og medfølgjande utilstrekkjeleg andedrett. Difor inkluderer typiske symptom pustevanskar, hoste, svakheit og feber. Vi blir òg fortalt at folk som lid av øydeleggjande pustesvikt og som ikkje får intensivbehandling, utviklar pustevanskesyndrom med alvorleg pustetap.

Medan midazolam (tenk diazepam på steroidar) kan forårsake alvorlege eller livstrugande pusteproblem slik som overflatisk, seinka eller mellombels stoppa pust som kan føre til permanente hjerneskadar eller døden.

Britiske retningslinjer fastslår at du berre burde få midazolam på eit sjukehus eller på eit legekontor som har utstyret ein treng for å overvake hjartet og lungene dine, og gje livsreddande medisinsk behandling raskt dersom pusten din blir seinka eller stoppar opp.

Med den kunnskapen, ville du ha brukt midazolam for å behandle menneske som leid av lungebetennelse og utilstrekkjeleg andedrett som visstnok kom av Covid-19?

Fordi det er nøyaktig det dei gjorde i Storbritannia, og dei administrerte det i bøtter og spann på sjukeheimar.

Ifølgje offisielle data vart 21 977 reseptar på midazolam skrivne ut. I april 2020 vart det derimot skrive ut 45 033 reseptar for midazolam. Det er ein auke på 104,91% i talet reseptar. Men desse vart ikkje skrivne ut på sjukehus, dei vart skrivne ut av allmennlegepraksisar. Dette tydar at dei vart gjevne til eldre og sårbare som hadde blitt skrivne ut frå sjukehus etter instruksar frå dåverande helsesekretær Matt Hancock, og plasserte på underbemanna og overvelda sjukeheimar.

Å bu på sjukeheim tydar ikkje at du har større risiko for å døy av Covid-19. Det er derimot større risiko for at du har eit vedtak om HLR-minus på deg utan at du eller familien er informert om det, som personalet deretter bruker for å setje deg på Livets siste dagar-protokollen, som involverer administrasjon av midazolam. Evidensen for dette er stor, og du kan lese ei full etterforsking som avslører midazolam-skandalen i Storbritannia her.

[Kommentar frå saksyndig: HLR-minus (engelsk DNR, Do not resuscitate) tydar at gjenopplivning i form av hjarte-/lungeredning ikkje skal iverksetjast. Dette er vanleg på sjukeheimar fordi personen er vurdert som for sjuk og/eller skrøpeleg å overleve hjarte-/lungeredning. For ordens skuld vil eg presisere at både bebuar og pårørande blir informert om eit HLR-minus-vedtak, som blir fatta av legen i samråd med dei.]

Covid-19-vaksinering: Sterilitet og folkemord

Covid-19-vaksineringa kjem til å føre til masseavfolking på toppen av dei mange tusen den allereie har drepe.

Dei siste rapportane frå medisinarar rundt om i verda avslører at der har skjedd minst 7,3 millionar skadar rapporterte som uventa biverknader til Covid-19-injeksjonane fram til slutten av mai og tidleg juni 2022, inkludert 77 068 dødsfall.

Desse skremmande tala illustrerer derimot ikkje den sanne naturen til konsekvensane av Covid-19-vaksinering, fordi medisinarar estimerer at berre 1 til 10% av uventa biverknader faktisk blir rapportert.

Men noko mykje nifsare finn stad med desse eksperimentelle injeksjonane, og evidensen kan i sin heilskap bli funnen i både offisielle data frå styresmaktene, og dei konfidensielle dokumenta som amerikanske FDA (Food & Drug Administration) prøvde å forsinke offentleggjeringa av med 75 år, men vart tvinga til å offentleggjere dei av ein rettsordre.

I tidleg januar 2022 gav den føderale dommaren Mark Pittmann FDA ordre om å offentleggjere 55 000 sider per månad. Dei offentleggjorde 12 000 sider innan slutten av januar.

Sidan har PHMPT publisert alle dokumenta på heimesida si. Den siste publiseringa fann stad 1.juni 2022.

So no veit vi at:

  • Styresmaktene avliva eldre og sårbare med eit legemiddel kjent som midazolam og fortalde deg at dei hadde døydd av Covid-19.
  • Konfidensielle Pfizer-dokument viser abortrate hjå vaksinerte mellom 82 og 97% (!).
  • Den einaste dyrestudien utført for å bevise om det var trygt å gje Pfizer-vaksinen til gravide indikerte ein auka risiko for sterilitet og fødselsskadar.
  • Og andre konfidensielle Pfizer-dokument avslører at vaksinen akkumulerer seg i eggstokkane over tid.

Uheldigvis har vi òg bevis for at Covid-19-vaksinering aukar risikoen for at nyfødde tragisk misser livet sitt.

Offisielle tal avdekkjer at dødsfallraten blant nyfødde auka til 4,6 per 1000 levande fødslar i mars 2022, som er ein auke på 119% av den forventa dødsraten. Når det gjeld Covid-19-vaksinasjon, har vi bevis for at den aukar risikoen for spontanabort med minst 1517% (!).

Ifølgje CDC (Centers for Disease Control) sin VAERS (Vaccine Adverse Event Database) har det per april 2022 blitt rapportert 4113 fosterdødsfall som uventa biverknader av Covid-19-injeksjonane, der 3209 av dei vart rapporterte i samband med Pfizer-injeksjonen.

CDC har innrømt at berre 1 til 10% av uventa biverknader faktisk blir rapportert til VAERS, og det sanne talet kan difor vere mange gonger verre. Men for å setje desse tala i perspektiv, var der berre 2239 rapporterte fosterdødsfall til VAERS i dei 30 åra før naudgodkjenninga av Covid-19-injeksjonane i desember 2020.

Data frå styresmaktene antydar at Covid-19-vaksinane forårsakar AIDS

Mange vil tru at påstanden om at Covid-19-injeksjonane i praksis forårsakar AIDS (Acquired Immunodeficiency Syndrome; tileigna immunsviktsyndrom) anten er utruleg vågale eller utruleg uriktige. Men det er fordi mange misforstår kva AIDS faktisk er.

For det fyrste er ikkje tileigna immunsviktsyndrom (AIDS) smittsamt. Men mange trur det er det på grunn av at dei assosierer det med det påståtte HIV-viruset. Men AIDS er ikkje HIV og HIV er ikkje AIDS. Dei er to fullstendig ulike ting, det har seg berre slik at AIDS visstnok kan oppstå som komplikasjon av langvarig HIV-infeksjon.

AIDS er eit tileigna (eller sekundært) immunsviktsyndrom som påverkar immunforsvaret ditt delvis eller fullstendig, noko som gjer kroppen din til eit lett bytte for fleire sjukdommar og infeksjonar. Når immunsviktsjukdommar påverkar immunforsvaret ditt, kan ikkje kroppen din lenger kjempe mot bakteriar og sjukdommar.

Fleire faktorar i miljøet kan forårsake sekundære immunsviktsjukdommar, inkludert stråling eller cellegift, infeksjonar på grunn av HIV, leukemi og underernæring.

Men nokre av dei mindre vanlege årsakane inkluderer legemiddel eller medisinar, og i månadsvis har offisiell statistikk frå styresmakter over heile verda antyda at Covid-19-injeksjonar burde leggjast til den lista.

Tal frå UKHSA (The UK Health Security Agency) viser at Covid-19-injeksjonane skader immunforsvaret fordi vaksineeffektivitet faktisk ikkje er eit mål på ein vaksine, det er eit mål på immunforsvaret. (Sjå dette og dette skjemaet.)

Covid-19-vaksinane instruerer kroppen til å produsere piggproteinet frå det originale Covid-19-viruset. Immunforsvaret skal då liksom reinske kroppen for desse produserte piggproteina og hugse å gjere det om den nokosinne møter det «ekte» viruset i framtida.

Difor viser tala frå UKHSA at immunforsvaret hjå vaksinerte fungerer mykje verre enn immunforsvaret hjå uvaksinerte, og denne forringinga blir verre for kvar veke. Dette vil naturlegvis føre til eit ufatteleg tal menneske som hamnar tidleg i grava fordi immunforsvaret sviktar dei.

Der finst mykje meir evidens der ute, men desse tala åleine antydar at Covid-19-vaksinasjon kjem til å føre til avfolking gjennom aukande sterilitet, aukande tal dødfødde, plutseleg dødsfall og tidleg død på grunn av skade på immunforsvaret.

Levekostnadskrisa: Feilernæring, sjukdom og sveltedød

I Storbritannia passerte kostnaden for å fylle opp tanken på ein vanleg familiebil med bensin 100 pund. Folket blir fortalt at dette blir drive av krigen i Ukraina og trekk for å redusere Europa si avhengigheit av russisk olje. Men om dette var sant, korleis forklarer du følgjande:

Per juni 2022 er prisen på råolje per fat 120,67 dollar, og gjennomsnittsprisen på bensin i Storbritannia er 1,85 pund per liter.

Men tilbake i juni 2008 var prisen på råolje per fat 187,04 dollar, og gjennomsnittsprisen per liter bensin i Storbritannia var 1,04 pund.

So slik det står til, har prisen per fat råolje gått ned 35,4% frå 2008-prisen, men prisen per liter bensin har gått opp 78% frå 2008.

Kan du no sjå korleis du blir logen til når styresmaktene og hovudstraumsmedia fortel deg at desse aukande kostnadene kjem av krigen i Ukraina?

Sanninga er at den galopperande kostnaden på drivstoff for å frakte deg frå A til B og denne skrekkelege kostnaden på gass og elektrisitet for å få lys og varme til heimen din, blir fabrikkert saman med matmangel.

Kvifor? Fordi fattigdom aukar risikoen for død og vanføre frå ikkje-smittsame sjukdomar, slik som kreft, hjartesjukdom, slag og diabetes. Og auka energi- og matprisar fører til at eldre og sårbare vil måtte velje mellom varme og mat. Det vil i sin tur føre til at fleire kjem til å døy, som i praksis reduserer verdas befolkning.

Fabrikkert matmangel

Ukraina eksporterer typisk opp til fem millionar tonn korn per månad, men per mai 2022 var landet ute av stand til å eksportere rundt 90 millionar tonn landbruksprodukt. Det amerikanske State Department påstod at det russiske militæret blokkerte (og framleis blokkerer) ukrainske hamner. USA slutta seg til Tyskland i å hevde at Russland set «millionar i fare for hungersnaud».

Russland hadde tidlegare forsynt verda med 27% av sine solsikkefrø, 5% av rug, 2% av mais og 3% av kveite. Når Vesten fyrst tok steget å stengje ned Russland sin landsbrukseksport, vurderte dei kva slags effekt desse sanksjonane ville ha på matforsyninga rundt om i verda?

So klart dei gjorde det, det har alt blitt gjort med vilje.

Tilbake i mars 2022 erklærte den tyske landbruksministeren at EU ikkje kjem til å lette på restriksjonane plassert av Farm to Fork-programmet. Med andre ord kjem dei ikkje til å stille land disponibelt, dei kjem ikkje til å prøve å dyrke kveite no når EU har kutta 40% av global eksport frå Ukraina.

Kvifor?

Hovudstraumsmedia åtvarar no folket om å førebu seg på matrasjonering, og Ice Age Farmer demonstrerer korleis dette er ein fullstendig konstruert situasjon i denne videoen.

Alt dette vil føre til feilernæring og i ekstreme tilfelle sveltedød.

Dette bringer oss tilbake til sitatet frå boka som tidlegare MI6-spion dr. John Coleman publiserte i 1993.

«Minst fire milliardar ‘useless eaters’ skal bli eliminert innan 2050 ved hjelp av avgrensa krigar, organiserte epidemiar av dødelege, rasktverkande sjukdommar og sveltedød.»

Synest du framleis dette høyrest ut som «konspi-vås»?

One comment

  1. Til redaktøren: Takk for at du tek deg tid til å bringe fram sanninga bak covid-19 vaksineringa, det er uhyrleg at helsemyndigheitene tvingar dette på folk som ikkje forstår kva det inneber for helsa deira framtida.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s