Av Michael Snyder, End of the American Dream. Omsett av saksyndig.
Ein nasjon som ikkje har sterke familieeiningar vil ikkje oppleve framgang. Eg skriv dette stykket på farsdagen, og på noverande tidspunkt har det blitt ettertrykkjeleg tydeleg at der er ei stor farskapskrise i USA. Ja, der har alltid funnest gode fedrar der ute, og på denne dagen heidrar vi dei. Og dersom du for tida er ein far og du jobbar hardt for å oppdra barna dine på den korrekte måten, gjev eg deg honnør. Uheldigvis er der altfor mange menn der ute som lagar babyar, men som har ingen intensjon om å vere ekte fedrar. Ifølgje den offisielle CDC-nettsida, utgjer ugifte damer no sjokkerande 40,5% av alle fødslar i USA. Tilbake i 1964 var det talet under 10%.
Tragisk nok endar millionar av unge damer opp med å oppdra barna sine heilt åleine. Som eit resultat veks nesten ein fjerdedel av alle amerikanske barn opp i ein heim utan ein far:
«Der er liten tvil om at USA opplever ein hittil uføresett farlaus krise. Om lag 80% av eineforelder-heimar er leia av åleinemødrer; dette medfører at nesten 25% av ungdommen veks opp utan ein far i heimen.»
Naturlegvis er det å ha ein far i heimen ingen garanti for at alt vil gå bra. Utan tvil er der mange dårlege fedrar der ute.
Men studie etter studie har vist at barn som veks opp i heimar utan fedrar har mykje mindre sjanse for å lykkast som vaksne. Her er berre eit par nøkkeltal:
«Denne hårreisande statistikken har ikkje berre øydelagt kjernefamilien, men har øydelagt samfunn i heile nasjonen. Til dømes kjem 85% av barn og tenåringar med åtferdsforstyrringar frå farlause heimar, og over 70% av alle unge vaksne pasientar i rusbehandlingssenter har sitt opphav i heimar utan fedrar.»
Studiar har òg vist at barn som veks opp i ein heim utan far har større risiko for å bli kriminelle. Som eg diskuterte sist veke, held brotsverksratar fram med å absolutt eksplodere over heile nasjonen. Og tidlegare i dag kom eg over ei historie om ein gjeng som so langt har klart å stele 37 minibankar so langt:
«New York-politiet er på jakt etter fem men som står bak dusinvis av tjuveri av minibankar i butikkar i Brooklyn og Queens. Mellom 2.desember 2021 og 2.juni 2022 stal gruppa 37 minibankar og to køyretøy med verdi på til saman meir enn 60 000 dollar, ifølgje politibetjentane.
Tjuvane har brote seg gjennom inngangsdører i forretningane for å utføre tjuveri. Dei har hatt som mål daglegvarebutikkar, pengevekslingsbutikkar, delikatesseforretningar, ei smultringsjappe, ein sigarbutikk, eit myntvaskeri, ein neglesalong, ein barbersalong, ei kro og ein restaurant.»
Eg kan ikkje førestille meg at det er enkelt å hale med seg ein heil minibank.
Og å kome seg unna med den 37 gonger på rad er litt av ein prestasjon.
Dei burde kanskje gje seg medan dei er på topp.
Men dette er eit perfekt døme på det som skjer med nasjonen vår. Der er kaos overalt rundt oss, og det blir berre verre år for år.
Om vi nokosinne vil snu situasjonen må vi vesentleg styrkje familiane våre, og det byrjar med faren.
Uheldigvis finn der stad ein nådelaus krig mot den tradisjonelle familiestrukturen frå venstresida. Tallause lærarar i den offentlege skulen underminerer faktisk openlyst familieverdiar i klasseromma sine, og mange av dei slepp fullstendig unna med det.
Og vi har kome til eit punkt der tallause hordar av våre unge menneske faktisk trur at det å ha barn er ei forbanning.
På laurdag dukka ei gruppe av spesielt hjernevaska unge damer opp for å protestere rett framfor [høgsterettsdommar] Amy Coney Barrett sin heim i Virginia:
«Pro-abort-demonstrantar samla seg utanfor høgsterettsdommar Amy Coney Barrett sin heim i Virginia på laurdag, kledde i kle som såg ut til å vere dynka i blod, medan dei heldt babydokker.
‘Abort på bestilling og utan orsaking,’ stod det å lese på skilt som medlemmer av gruppa Rise UUp 4 Abortion Rights heldt medan dei stod utanfor huset til Barrett i Falls Church.»
Eg vart forskrekka då eg fyrst såg dette.
Kor sinnsfortapt må du vere for å ønskje å ta del i eit stunt som dette?
Kulturen vår rotnar rett framfor auga våre, og fleire amerikanarar enn nokosinne avviser fullstendig verdiane som dette landet vart bygt på.
Og vi ser dette reflektert i resultata av spørjeundersøking etter spørjeundersøking. Til dømes oppdaga Gallup nettopp at prosentandelen av amerikanarar som trur på Gud har falle til eit historisk lågt tal:
«Det store fleirtalet av amerikanske vaksne turr på Gud, men dei 81% som gjer det har gått ned seks prosentpoeng frå 2017 og er det lågaste i Gallup sin trend. Mellom 1944 og 2011 trudde meir enn 90% av amerikanarar på Gud.
Gallup si May 2-22 Values and Beliefs-spørjeundersøking avdekkjer at 17% av amerikanarar seier at dei ikkje trur på Gud.»
Trist nok, berre fordi nokon seier dei «trur på Gud» tydar ikkje at dei er på rette sporet.
Berre sjå på folka som styrer nasjonen vår. Joe Biden går i kyrkja heile tida, men han er truleg den verste presidenten vi nokosinne har hatt.
Og Kamala Harris hevdar at ho er ein «praktiserande baptist», men ho ser absolutt ingenting gale med abort:
«Harris, ein praktiserande baptist frå ein familie som trur på fleire religionar, fortalde reporterar fredag at ho hadde ‘samlast med trusamfunnsleiarar’ for å diskutere aborttemaet frå eit religiøst perspektiv.
‘For dei av oss som er truande, trur eg at vi er einige, mange av oss, at der er ingenting med dette temaet som vil krevje frå nokon av dei seier i frå seg trua si, eller endrar den,’ sa ho, der ho refererte til abort.»
Dersom vi held oss på den stien vi no er på, finst der inga framtid for nasjonen vår.
Vi må vende tilbake til verdiane som denne nasjonen vart fundert på, og vi må vesentleg styrkje familiane våre.
Uheldigvis er der akkurat no ingen teikn på at vi planlegg å vende vekk frå våre vonde levemåtar.
I staden held vi fram med å springe mot vondskapen so raskt som vi kan, og det vil berre resultere i ufatteleg mykje smerte.