Av Belle Carter, Natural News, 22.juni 2022. Omsett av saksyndig. Mike Adams er eigar og grunnleggjar av Natural News.
Mike Adams, the Health Ranger, åtvara folket om at globalistane pressar på med klimaendringsforteljinga for å tvinge gjennom masse-sveltedød og til slutt avfolke verda.
«Dei har skapt eit heilt system av lydigheit og støtte frå dei uvetande massane, som har inga aning om at dei tek del i utryddinga av menneskerasen,» sa Adams i sin spesialrapport med tittelen TERRAFORMING: The Truth Revealed.
Ifølgje Adams går desse globalistane til åtak på matforsyninga med den sokalla krigen mot karbon.
«Dette er ei utryddingshending som skjer i planetskala. Men det heile har blitt pakka inn som ein måte å redde planeten. Og alle som har gått med på dette har blitt narra i eit omfang dei truleg aldri vil fatte,» påpeikte Adams.
Det hjelper heller ikkje at Big Tech sensurerer informasjon om dette temaet.
«Alle som stiller spørsmålsteikn ved den offisielle klimaendringsforteljinga – fordi dei [globalistane; oms.an.] ikkje kan ha noko av at menneskeheita vaknar opp og innser at dei blir utrydda – dei må sikre seg at kveget blir øydelagt, altso menneskerasen; dei må forbli uvetande, forbli blinde til realiteten bak den store utlukinga som allereie er undervegs,» sa Adams.
Agendaen er å svelte verda, fjerne all lufta og blokkere blodtilførselen
Globalistane har drive og pusha at svaret på klimaendring er fjerning av karbondioksid (CO2). Dette vil fjerne CO2 frå atmosfæren og redusere utbyte av avlingar.
Adams sa at kvar person som pushar klimaendringsforteljinga krev masse-sveltedød – kvar og ein av dei, anten dei innser det eller ikkje. Masse-sveltedød vil få ned det globale folketalet.
«Du lågnar CO2-nivåa slik at du ikkje kan dyrke matavlingar like effektivt. So dette er grunnen til at dei ønskjer å gå vekk frå fossilt drivstoff, og dette er grunnen til at dei stengjer ned fossildrivstoff-industrien,» sa Adams.
Han avslørte òg at der finn stad ein gigantisk operasjon som bruker ekspropriasjon til å beslagleggje jordsbruksland på stader som Iowa og Illinois. «Dei installerer desse massive maskinene som blir bygde av oss, menneske, for å suge CO2 ut av atmosfæren og gøyme CO2 under jorda i eit karbonelimineringsformat.»
Styresmaktene stengjer ned fossildrivstoff-raffineri og dei annonserte at straumprisen i Illinois kjem til å stige med 54% frå og med juni, og der kjem til å vere jamlege straumbrot [rolling blackouts i originalartikkelen; oms.an.] på toppen av dette. Adams sa at det ikkje ville vere rettferdig at folk vil måtte betale meir, for so å ha straumbrot. Men den verkelege grunnen bak det trekket, sa han, er å stoppe CO2-utslepp.
Fordi det er kva globalistane treng for å oppnå global sveltedød.
Adams, som eig og driv eit laboratorium til fleire millionar dollar, forklarte at lågning av CO2 vil redusere plantelivet over heile planeten. Og når der ikkje er so mange planter som produserer oksygen, vil oksygennivået hjå menneske falle.
«Når oksygennivåa går ned, vil menneske og alle dyr langsamt kvelast, og folk vil ramle døde om fordi dei ikkje får nok oksygen til hjernen eller hjartet,» sa han.
The Health Ranger kom deretter med fleire bevis på multivektor-åtaket for masseutrydding på planeten. Han sa at «ekspertar» òg endrar på blodtilførselen med eit konstruert biologisk våpen som reduserer kroppen si evne til å bere oksygen.
«Der er noko anna med vaksinane som skaper desse sinnssjuke vevproppane som dukkar opp i kroppen, spesielt i blodårene. Desse proppane stengjer for tilførselen av blod som fraktar oksygenet til hjernen,» sa han, og refererte til Wuhan koronavirus (Covid-19)-vaksinane.
Poenget hans blir støtta av den autoriserte balsameraren Richard Hirschman, som avslørte under sitt podcast-intervu med dr. Betty Martini at han har stadig har sett «unaturlege blodpropp-kombinasjonar med merkeleg fibrøst materiale» som stengjer arteriane og venene til dei avdøde. [Intervjuet det er linka til er med dr. Jane Ruby, ikkje dr. Betty Martini; oms.komm.]
Ifølgje balsameraren starta dette omtrent seks månader etter at utrullinga av vaksinane starta. Dei fleste av offera vart rapportert å døy av hjarteinfarkt og slag.