Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
Ein fagfellevurdert studie publisert i tidsskriftet Andrology viser at menn som blir «vaksinerte» med Pfizer sine Wuhan koronavirus (Covid-19)-injeksjonar opplever massiv minke i talet sædceller.
Sædprøver samla frå tre fruktbarheitsklinikkar i Israel viser at sprøytene kjempar mot menns reproduktive kapasitet, som gjer dei impotente og i somme tilfelle kjønnslause.
Kall det skjulte fruktbarheitsrisikoar dersom du vil, men funna seier mot påstandar frå styresmakter og Big Pharma at Covid-sprøyter er «trygge og effektive». Ingenting kan vere lenger frå sanninga.
Tidleg etter lanseringa av Operasjon «Warp Speed» peikte dyrestudiar på ein auka risiko for spontanabort på grunn av sprøytene. Der var òg evidens som antyda at innhaldet av sprøytene nådde både eggstokkane hjå ho-rotter og testiklane hjå hann-rotter.
Dei sokalla «helsestyresmaktene» nekta derimot for dette og heldt fram med å pushe sprøytene på menneske. Og no dukkar der opp alvorlege problem som antydar at «fullvaksinerte» menn kanskje ikkje lenger er i stand til å formeire seg.
«No – etter at ein halv milliard menn har fått mRNA-sprøytene – ser det ut som om skeptikarane har rett. Igjen,» skreiv Alex Berenson på sin Substack.
«Artikkelen frå Israel gjev solid evidens for at vaksinane kan presentere ein systemisk risiko for talet på menns sædceller. Det som var ein konspirasjonsteori er no berre ein teori. Igjen.»
Vil «fullvaksinerte» menn bli permanente evnukkar?
For å vere politisk korrekte inkluderer Andrology-studien ei «ta det med ei klype salt»-formulering som antydar at fullvaksinerte menns tal på sædceller vil vende tilbake til det normale etter rundt fem månader. Det einaste problemet er at denne påstanden er udokumentert.
Det verkar som om forfattarane av studien rett og slett drog denne påstanden ut av ræva for å dempe frykt og panikk rundt det at sprøytene forårsakar permanent skade. Det er berre mellombels! vil dei ha oss alle til å tru – ja, særleg!
«Som andre skribentar har peikt ut, støttar ikkje dei faktiske dataa i artikkelen argumentet om at sædnivå returnerer til det normale etter fem månader,» forklarte Berenson. «Faktisk, utifrå enkelte målingar, held nivåa fram med å falle.»
«Heller enn å anerkjenne dette faktum, kom forfattarane med den beste moglege vinklinga av dataa sine, medan dei på same tid publiserte sjølve tala nær slutten på artikkelen slik at andre forskarar kunne sjå realiteten med eigne auge.»
Som denne skribenten [Ethan Huff; oms.an.] er Berenson einig i at grunnen for å leggje til desse falske formuleringane til slike studiar er gjort av politiske grunnar – eller som han formulerer det, på grunn av det «overveldande politiske presset om å skjule den stadig djupare krisa rundt tryggleiken og effektiviteten til sprøytene som styresmaktene har gjeve til over ein milliard menneske over heile verda.»
Det viser seg at sjølv fem månader etter injeksjonen, auka talet sædceller knapt nok tilbake til sine før-sprøytenivå. Dei mekanistiske grunnane til dette er framleis ukjende, men vi veit at dette skjer i heile verda kor enn sprøytene blir distribuerte.
«Endå viktigare, fallet i talet sædceller kan ikkje bli skulda på kort- eller til og med medium betennelse sidan mRNA-skapte piggprotein får immuncellene våre til å intensivere den systemiske produksjonen av anti-piggprotein-antistoff,» la Berenson til.
«Dersom det var tilfellet, ville ein forvente å sjå ein kortsiktig minke i talet sædceller som blir reversert over tid. I staden er den totale mengda sædceller upåverka kort etter mRNA-sprøyta, deretter minkar dei fleire månader seinare og kjem seg knapt.»
I kommentarseksjonen av Berenson sin Substack skreiv nokon at kor sprøtt det enn høyrest ut, hadde Nicki Minaj rett då ho for over eit år sidan åtvara mot nettopp dette. Dersom Gud kan bruke eit esel for å tale sanninga når ingen andre vil, kan Han visseleg bruke Minaj òg.