NATO pressar på for katastrofe i Kaliningrad ved å provosere Russland til global atomkrig

Av Mike Adams, eigar og grunnleggjar av Natural News, 21.juni 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig.

Jarnbaneblokkeringa av Kaliningrad er tydelegvis ei felle for å prøve å provosere Russland til å «angripe» ein NATO-medlem (Litauen), slik at NATO og USA kan bruke dette som påskot for eit fullskala militært åtak på Russland. Nok ein gong legg dei nykonservative planar for å kaste verda ut i global termonukleær krig for å øydeleggje USA medan dei prøver å behalde diktatorisk kontroll over verdas naturressursar og pengesystem.

For å forstå den fulle dynamikken i det som skjer, må du fyrst lære litt om geografien til Kaliningrad. Dette russiske territoriet ligg ved Austersjøen, der ein finn Russlands einaste kystlinje som ikkje er frosen delar av året. Kaliningrad heng derimot ikkje fysisk saman med sjølve Russland. Ei jarnbane går gjennom Litauen, som knyter Kaliningrad saman med resten av Russland. Denne jarnbanelinja har vore der i fleire tiår og har alltid blitt respektert av Litauen som Russlands prioriterte forsyningslinje til Kaliningrad.

Litauen sin jarnbaneblokkade

Under press frå NATO og USA, har Litauen (ein NATO-medlem) blokkert for rundt halve frakta på den jarnbana, og i praksis erklært ein ulovleg krigstids-blokkade av Kaliningrad. Dette er ei krigshandling mot Russland, og det strir i mot EU-reglar som tillèt open tilgang over grenser.

Russland har kravd at blokkaden umiddelbart blir oppheva, der den russiske utanriksministeren seier, «Dersom linja mellom Kaliningrad-regionen og resten av territoriet til Den russiske føderasjon i næraste framtid ikkje blir fullstendig oppheva, reserverer Russland seg retten til å utføre handlingar for å verne om sine nasjonale interessar.»

Kaliningrad har kortrekkjevidd-kjernevåpen som kan nå Polen og Tyskland

Kaliningrad ligg strategisk til for å late Russland påføre militærmakt over mesteparten av dei baltiske republikkane, inkludert størstedelen av Tyskland og Polen, sjølv med kortrekkjevidd-missil. Russland har dei mest avanserte og moderniserte missilsystema i verda, inkludert «Iskander»-missilet med ei rekkjevidd på 500 km. Iskander-missil blir skotne opp frå vegklare køyretøy og er difor mobile.

Iskander-missilsystemet kan bere atomstridshovud. Det kan òg bere konvensjonelle stridshovud og til og med termobariske eksplosiv som kan trengje gjennom bunkerar. Via WorldCrunch.com:

«Vladimir Putin har sett sine kjernevåpenstyrkar i alarmberedskap – eit sjokk for mange, men endå meir for dei rett over den polske grensa frå Kaliningrad der russiske kjernevåpenmissil er stasjonerte, og retta mot europeiske hovudstader frå Warszawa til Berlin. Regionen, som er geografisk separert frå Russland og lokalisert ved Austersjøen, er vitalt viktig for Moskva når det gjeld å truge Europa – spesielt med kjernevåpen.»

NationalInterest.org skriv òg om Iskander-missilsystema og kvifor dei speler noka rolle. I ein artikkel med namn «Why Russia’s Iskander SRBM in Kaliningrad Is Such a Big Deal», forklarer nettsida:

«Frå Kaliningrad kan Iskader treffe mål i Polen, delar av austlege Tyskland, sørlege Sverige, Latvia, Litauen og Estland, Kviterussland og ein stor del av Austersjøen… Frå eksklaven kan Russland treffe mål over det meste av Austersjøen, til trugsel for ei viktig skipsrute, og treffe NATO-mål.»

Kortrekkjevidd-missil har blitt sett i Kaliningrad heilt tilbake til 2011. Via NonProliferation.org:

«På nesten dagen ti år sidan rapporterte The Washington Times at Russland truleg hadde flytta stridshovud for kortrekkjevidd Tochka-U (SS-23) bakkebaserte missil til Kaliningrad… SS-23-ane i Kaliningrad som var til bekymring i 2001 er framleis der, men nylege rapportar legg til noko ekstra: at der i tillegg finst nye Iskander-bakkeoppskytingsmissil med ei rekkjevidd på nær 500 km.»

Kortversjonen? Alle som køddar med Kaliningrad risikerer gjengjelding gjennom Russlands høgt kapable missil.

Møt Russlands RS-24 YARS ICBM

RS-24 YARS ICBM / òg kjent som SS-29 YARS i dette oversiktskartet, kan nå heile det kontinentale USA pluss heile Europa. I praksis kan Russlands ICBM-ar nå kvart eit mål på den nordlege halvkula.

Det du treng å vete om RS-24 YARS-systemet, er at:

  • Det reiser i Mach 20 [20 gonger lydens hastigheit; oms.an.]
  • Det kan ikkje bli stoppa av noko kjent antimissil-forsvarssystem sendt ut av USA eller NATO
  • Det kan utføre unnvikingsmanøverar i fart, noko som gjer at dei kan unngå å bli avbrotne
  • Det kan sende ut fleire MIRV-ar, der kvar av dei treffer eit ulikt mål
  • Russland skal visstnok ha dusinvis eller til og med hundrevis av desse missila klare

Sagt på ein annan måte, kan Russland i den augneblinken dei bestemmer seg for å utslette Vest-Europa og USA frå historiekartet, lett gjere det med RS-24 YARS-missila. Og det krev ikkje eingong bruken av SARMAT ICBM, som er endå større og kan sende ut hypersoniske glidefly på tilbakevegen.

NATO og USA feilbereknar grovt utfallet av ein verdskrig med Russland

Poenget med alt dette er at medan USA og NATO – som begge er styrt av galne, makthungrige nykonservative som ikkje respekterer lover og reglar, internasjonale traktatar eller nasjonal suverenitet – trur at dei kan slå Russland i ein global termonukleær krig; dei lid i same grad av vrangførestillingar sidan dei har prøvd å skade Russland med økonomiske sanksjonar som berre har øydelagt vestlege nasjonar.

Dersom Biden tvingar Putin til eit kjernevåpenforsvar av Kaliningrad og Russland, vil USA og NATO bli fullstendig tilinkjegjort av Russlands nukleære arsenal, sjølv om det tydar at Russland må absorbere eit gjengjeldingsåtak (som dei kan overleve på grunn av anti-ICBM-forsvarssystema og eit nettverk av stader å søkje ly for nedfall).

Ved å prøve å tvinge Russland inn i ein krig med NATO, kastar USA sine illegitime, kriminelle kartelleiarar (Biden, Obama, Clinton, Nuland, etc.) heile verda inn i den svært reelle faren for ein nukleær apokalypse og slutten på livet slik vi kjenner det på planeten. USA vil fyrst og fremst tape ein slik krig so det ljomar, og heile verda vil endeleg sjå kor svakt, patetisk og «woke» det amerikanske Pentagon har blitt. Det amerikanske militæret er komplett ute av stand til å vinne til og med ein einaste frontkrig med Russland, for ikkje å nemne ein tofrontskrig med Russland og Kina kombinert. Og Pentagon er langt meir opptekne av å betale for kjønnsskifteoperasjonar av woke-soldatar enn å faktisk lære menn korleis ein slåst.

Det er grunnen til at vi no må arrestere dei kriminelle som stal valet i 2020. Fjern dei frå makta. Still dei for retten. Trekk oss tilbake frå randa av atomkrig med Russland og anerkjenn på nytt Russlands rett til å eksistere som ein suveren nasjon med sine eigne interesser og påverknadssfære.

Enno ser vi ikkje eit snev av bevis for at dei nykonservative galningane som styrer Biden-regimet har nokon vilje til å anerkjenne Russlands rett til å eksistere. Altso står heile verda på kanten av katastrofe.

Presidentval har konsekvensar, og stolne presidentval har katastrofale konsekvensar.

Mike Adams har basert denne artikkelen på sin Situation Update-podcast frå 21.juni 2022.

Del 1.

Del 2.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s